Hopp til innhold

Skip med naudhjelp på veg mot Gaza

Ein spansk velgjerdsorganisasjon fraktar naudhjelp til den svoltramma Gazastripa via sjøvegen for første gong. Raude Kors trur ikkje dette er det beste alternativet.

skip med flåte ved sidan av

«Open Arms»-lasten blir ein test på om det er mogleg å levere naudhjelp via sjøvegen til Gaza.

Foto: Petros Karadjias / AP

Det spanske skipet «Open Arms» tok av frå hamna i Kypros tysdag morgon. Skipet tauar ein lekter med 200 tonn naudhjelp i retning Gazastripa. Det er uvisst kor lang tid ferda vil ta.

Om bord finst ris, mjøl, bønner, linser og hermetikk som skal fraktast til Gazastripa.

skip og flåte

Flåten blei lasta med naudhjelp i helga, etter å ha blitt inspisert av israelske tenestemenn.

Foto: Yiannis Kourtoglou / Reuters

Planen er at naudhjelpa skal bli køyrt nordover, ifølge World Central Kitchen, som står for forsyningane.

Det heile er ei prøvesatsing for å sjekke korleis den nyoppretta sjøkorridoren fungerer.

Korridoren er eit samarbeidsprosjekt mellom Storbritannia, Kypros, EU, USA og Dei foreinte arabiske emirat.

Forsvarsminister i Israel, Yoav Gallant, fortel til Times of Israel at forsyningane har blitt inspisert av israelsk personell i Kypros innan skipet reiste mot Gaza, ifølge Times of Israel.

folk held fram kjeler for å få suppe

Ifølge FN står kvar fjerde innbyggar på Gazastripa ved randa av hungersnaud, altså sultedød og dehydrering.

Foto: AFP

– Løysinga er rett framfor nasene våre

Programsjef i Raude Kors, Håkon Jacob Røthing, ser på sjøvegen som eit positivt bidrag, men viser til at det står lastebilar på egyptisk side, og på jordansk side, som ønsker å køyre via Israel til Gaza, men som står fast.

Røthing meiner det beste hadde vore å legge til rette for at lastebilane får passere.

Lekteren festa til «Open Arms» held 200 tonn med naudhjelp.

Ifølge Røthing vil dette mette 10 prosent av Gazastripa i ein dag, dersom dette berre hadde vore mat. Han meiner at å køyre inn mat, er både rimelegare, meir tilgjengeleg og enklare å organisere.

– Løysinga er rett framfor nasene våre. Det er å opne vegane som går rett inn i Gaza.

– Med 200 lastebilar om dagen, vil alle på Gazastripa få nok mat.

kø med lastebilar

Hundrevis av lastebilar står fast ved Egypts grense. Biletet er frå 1. februar.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

USA sender krigsskip

«Open Arms»-operasjonen skjer parallelt med at USAs planlegg å bygge ein molo og ein kai utanfor Gaza, som kan ta imot naudhjelp frå Kypros.

Det annonserte president Joe Biden i sin årlege State of the Union-tale førre veke. Det amerikanske krigsskipet «General Frank S. Besson» sette kursen mot Gazastripa på søndag.

fallskjermar med naudhjelp landar i havet

USA er eit av landa som har sendt naudhjelp frå lufta. Men fleire av forsyningane har hamna i sjøen, og det er vanskeleg å kontrollere kven som får kva ved denne metoden.

Foto: ALINE MANOUKIAN / AFP

Ifølge Pentagon vil den nye hamna vere klar innan to månader, og krev 1000 soldatar.

Den israelske forsvarsministeren meiner at dette vil vere med på å sikre at naudhjelpa går til dei sivile og ikkje til Hamas.

Les også Stopp i nødhjelpen til Nord-Gaza: – Situasjonen er helt uvirkelig

Lite mat inn

Å få mat, medisinar og vatn inn til palestinarane på Gazastripa, er vanskeleg.

Gazastripa har sidan Hamas vann valet i 2006 vore ramma av ein israelsk og egyptisk blokade, inkludert kysten.

Grensa mot Israel og Egypt er omringa av eit seks meter høgt piggtrådgjerde laga av stål og jern. Det blir overvaka med hundrevis av kamera og sensorar.

Kysten blir vakta av Den israelske marinen. Israel har bestemt at palestinarane får lov til å fiske inntil 15 nautiske mil frå kysten, altså om lag 28 km.

Dette er første gong naudhjelp blir levert til kysten, viss alt går etter planen.

mange enn med mjølposer og ein tom lastebil

Kaos oppstår når lastebilar slepp inn på Gazastripa. Folk er svoltne og desperate etter mat.

Foto: Kosay Al Nemer / Reuters

USA gir våpen og naudhjelp

Samtidig som at USA no planlegg å tilrettelegge for å få naudhjelp inn til Gazastripa via sjøvegen, er USA også Israels viktigaste allierte.

USA står for over 60 prosent av våpenimporten til Israel, melder det svenske forskingsinstituttet Sipri.

The Washington Post meldte i starten av mars at USA i hemmelegheit skal ha levert tusenvis av våpen til Israel etter at krigen mot Hamas braut ut i oktober. Det skal dreie seg om både bomber, ammunisjon og handvåpen, ifølge hemmelege dokument.

OPSHOT - Palestinians receive medical care at Kamal Edwan Hospital in Beit Lahia, in the northern Gaza Strip, on February 29, 2024, after Israeli soldiers allegedly opened fire at Gaza residents who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid amid ongoing battles between Israel and the militant Hamas group. A Gaza emergency doctor said on February 29 that Israeli forces shot dead at least 50 people who rushed towards trucks loaded with humanitarian aid for Gaza City residents. The Israeli army said it was "checking" the reports on the incident, while the United Nations' humanitarian office OCHA said it was "familiar with the reports". (Photo by AFP)

Over 100 blei drepne i matkø

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.