Hopp til innhold

Hevdar klanar står bak dødeleg skyting

Jemenittiske styresmakter hevdar ein av klanane i landet stod bak gårsdagens kulehagl i hovudstaden. Ein demonstrant vart drepen i skytinga.

Jemen

Uroa held fram i Jemen, der minst 30 menneske er drepne i demonstrasjonar mot det 32 år gamle regimet.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Minst 80 vart skadde i skotvekslinga, fortel doktorar ved sjukehusa i Sanaa til nyheitsbyrået Reuters. For fire av dei skadde er tilstanden kritisk.

Jemenittisk politi og sivilkledde regjeringsstyrkar opna tysdag eld i hovudstaden, i forsøk på å hindra folk i å slutta seg til dei fleire tusen demonstrantane som i fleire veker har heldt til utanfor universitetet i Sanaa.

Det statlege nyheitsbyrået Saba hevdar derimot at det er ein av dei mange klanane i landet som står bak skyteepisoden, og opplyser at tre demonstrantar og tre politimenn vart skadde i samanstøytane tysdag.

Ifølgje Saba leitar styresmaktene etter dei skuldige, og vil bringa dei for retten.

Jemen

Demosntrantane har slått leir utanfor universitetet i hovudstaden Sanaa.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

30 drepne

Ifølgje Reuters er om lag 30 menneske drepne i Jemen etter at opprøret mot president Ali Abdullah Saleh starta i midten av februar, inspirert av revoulsjonane i Tunisia og i Egypt.

Demonstrantane krev at Saleh går av etter å ha sete i presidentstolen i 32 år. Regjeringa har varsla reformar i håp om å dempa krava frå regimemotstandarane, men misnøyen er framleis sterk i Jemen, som er det fattigaste landet på den arabiske halvøya

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt