Hopp til innhold

Meiner Nord-Korea matar den russiske krigsmaskina: – Det er eitt kappløp

Samarbeid med Nord-Korea gjev Russland eit viktig overtak i krigen i Ukraina, meiner Palle Ydstebø ved Krigsskolen. Sjølv nektar russiske styresmakter at dei kjøper våpen av nabolandet.

Putin og Kim ser på kvarandre og smiler. Tek kvarandre i handa.

Putin og Kim var glade for å sjå kvarandre utanfor det russiske romsenteret Vostochny kosmodrom i september.

Foto: Vladimir Smirnov / AFP

Denne veka peika det ukrainske militæret ved generalløytnant Serhii Najev på Nord-Korea og Iran sin rolle i det han kallar ein ressurskrig i eit intervju med amerikanske ABC.

– Vi innser at det no går føre seg ein ressurskrig. Russland får ressursane sine ved hjelp av «Ondskapens akse» – det er Nord-Korea, Iran, sa Najev til ABC.

Russiske styresmakter har ved fleire høve nekta for at dei kjøper Nord-Koreanske våpen og ammunisjon. Men sidan i sommar har det blitt samla stadig fleire bevis på at det kan stemme. Deriblant satelittbilder som viser ein sterk auke i skipstrafikk mellom Russland og Nord-Korea.

Hovudlærar ved seksjon for landmakt ved Krigsskolen, Palle Ydstebø meiner dei påståtte kjøpa av artilleriammunisjon frå Nord-Korea gjev Russland eit viktig overtak i krigen i Ukraina.

– Det har kome ein del rapportar om at omtrent halvparten av den artilleriammunisjonen som Russland bruker i Ukraina i dag har utgangspunkt i Nord-Korea, seier han.

– Russland har også fått dronar frå Iran som har vist seg viktige i terrorbombekampanjen mot ukrainsk sivilinfrastruktur og befolkning, seier Ydstebø.

Palle Ydstebø.

Oberstløytnant Palle Ydstebø er sjef for seksjon for landmakt ved krigsskolen.

Foto: Mathias Moene Rød

Ville snudd situasjonen på hovudet

Sidan Russland vart tvunge å trekke seg ut ifrå Kherson i november i fjor har krigen i Ukraina vore prega av stillingskrig med offensive forsøk frå begge sider.

I stillingskrig er artilleri eit svært viktig våpen.

– Artilleriet er den store tapspåføraren. Og det har det vore sidan første verdskrig. Og det ser vi også i Ukraina. 85 prosent av alle tap, av personell og materiell kjem av i hovudsak artilleri, seier Ydstebø.

Ifølgje krigsforskaren fyrer Russland no i snitt av rundt 10. 0000 artillerigranatar i døgnet, medan Ukraina skyt cirka litt over halvparten i snitt.

– Fleire observatørar som følger dette tett hevdar at einaste grunn til at Russland framleis klarar å halde denne artillerikapasiteten er på grunn av Nord-koreansk ammunisjon. Det skal også bli sagt at dei skal ha fått rundt 350.000 granatar frå Iran tidlegare, seier Ydstebø.

– Korleis ville dette sett ut no viss dei ikkje hadde hatt disse artillerigranatane frå Nord-Korea?

– Då ville situasjonen vore snudd på hovudet. Då ville Ukraina faktisk ha hatt eit artilleriovertak og kunne diktert kampane ved fronten betre og kunne hatt betre moglegheiter til å avansere på utvalde avsnitt, seier Ydstebø til NRK.

Pictures of the Week Europe and Africa Photo Gallery

Ukrainske soldatar fyrer av artilleri nær Bakhmut i Donetsk fylke i midten av desember i fjor.

Foto: Libkos / AP

EU klarar ikkje å levere nok artillerigranatar

Mesteparten av artilleriammunisjonen frå Ukrainas allierte kjem frå USA.

– Og så har også Sør-Korea levert ein god del via USA. Pluss at europeiske land har sendt over ein del, seier Ydstebø.

Tysklands forsvarsminister sa tidlegare i november at EU ikkje vil klare å nå målet sitt om å levere ein million artillerigranatar til Ukraina innan mars neste år.

Medlemslanda diskuterer no om dei skal kjøpe inn artilleriammunisjon frå land utanfor unionen.

– Det er eit kappløp mellom EU og Russland. Russland har skaffa seg ein fordel ved å samarbeide med Nord-Korea, seier Ydstebø.

– Det er ulike tal på det, men det er snakk om sånn cirka 350.000 granatar i år til Ukraina, det er det EU ser ut til at dei kan klare å levere og det er jo godt unna det Ukraina treng, seier Ydstebø.

Ifølgje den amerikanske nettavisa Politico har fleire EU-land opna for å kjøpe våpen frå land utanfor unionen.

Kvifor har ikkje EU-landa gjort dette før?

– For meg verkar det som at dei rett og slett hadde ambisjonar om å få dette til sjølve, altså at pengane skulle gå til EUs eigen industri, seier Ydstebø.

Nord-Korea er jo eit land i dårleg økonomisk stand samanlikna med landa i EU. Korleis klarar dei å levere så mykje granatar til Russland?

– Det er eit land som i praksis er i krigsmodus og har vore det sidan landet vart til. Overskotet som eliten ikkje tar til seg sjølv, går i stor grad til forsvaret, seier Ydstebø.

Shows what the country said is the launch of the Malligyong-1, a military spy satellite

Bilde frå den Nord-koreanske regjeringa skal vise oppskytinga. Ingen uavhengige journalistar fekk dekke dette.

Foto: AP

– Kjempesjanse for Nord-Korea

Asiaforskar i Peace Research Institute Oslo (PRIO), Stein Tønneson kallar samarbeidet med Russland ein kjempesjanse for Nord-Korea.

– For den nordkoreanske leiinga under Kim Jong-un er dette ein kjempesjanse. Dei har vore sterkt isolert under pandemien med ein veldig redusert handel overfor Kina, veldig liten økonomisk forbindelse også med Russland. Og så kjem Russland plutseleg inn i ein langvarig krig som gjør at dei treng Nord-Korea si hjelp. Suveren suksess for Kim Jong-un, seier han.

Tønneson trur derfor det er hald i informasjonen frå etteretningstenestane til Sør Korea og USA om at Nord-Korea sel artillerigranatar til Russland.

– Eg reknar det som veldig sannsynleg at desse rapportane basert på satelittovervåking og anna informasjon er korrekte, og at Nord-Korea har brukt sjansen, seier Tønneson.

Stein Tønneson

Asiaforskar i PRIO, Stein Tønneson.

Foto: PRIO

Trur Kina er mest skeptisk til ny austblokk

Russland sa i september at dei ville hjelpe Nord-Korea med romprogrammet deira.

Måndag utplasserte Nord-Korea soldatar og tunge våpen ved grensa til Sør-Korea etter at naboen i sør hadde skrota delar av ein avspenningsavtale mellom landa som ein reaksjon mot at Nord-Korea skal ha lykkast med oppskyting av ein overvåkingsatelitt.

I tillegg til å få sårt nødvendig utanlandsk valuta, teknologisk hjelp med missilprogrammet sitt og andre delar av militærvesenet, vil eit samarbeid med Russland også vere ein måte for Nord-Korea å bryte ut av diplomatisk isolasjon.

– No er Nord-Korea på ein måte kome inn i varmen på grunn av Russlands store problem i Ukraina, seier Tønneson.

For ikkje så mange år sidan var Kina og Russland sterke motstandarar av Nord-Korea sitt atomprogram. Gjennom sekspartforhandlingar saman med Sør-Korea, Japan og USA forsøkte dei å legge press på Nord-Korea for å innstille dette programmet.

Les også Putin besøker «sin venn» Xi

Putin ser på Xi Jingping

No har også handelen med Kina tatt seg opp att.

– Så mykje utviklar seg no i retning av ei blokk som består av Kina, Russland og Nord-Korea, seier Tønneson.

Men asiaforskaren trur ikkje at kinesiske styresmakter ønskjer å bli for sterkt knytt til Russland og Nord-Korea.

– Kina vil heller vere ei stormakt i seg sjølv med godt forhold til store deler av verda. Og helst ikkje bli sett slått i hartkon med Putins Russland og Kim Jong Uns Nord-Korea, seier han.

Tønneson kallar situasjonen tragisk.

– Det er djupt tragisk og det gjeld å forsøke å få til ei utvikling vekk frå denne blokkdanninga og dyrke kontakt med Kina og prøve å halde fast Kina på ein politikk som ikkje støttar Russland militært.

SISTE NYTT

Siste nytt