Hopp til innhold

WMO: – Hetebølgene er ein forsmak på framtida

Gradestokken kan vise godt over 40 gradar i delar av Frankrike laurdag. Hetebølga som går over Europa no, er ein forsmak på kva klimaendringane kan føre med seg, seier Verdas meteorologiske organisasjon (WMO).

Barn kjøler seg ned i oppblåsbart basseng i en gate i Frankrike

VARMT: I Perpignan i Sør-Frankrike prøver barn å kjøle seg ned i eit plaskebasseng.

Foto: RAYMOND ROIG / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter ein rekordvarm mai i Frankrike, held temperaturane fram med å stige i juni. Fredag blei det målt over 40 grader fleire stader i landet. Ifølge det meteorologiske instituttet Météo France blei temperaturrekorden for juni slått i 11 område fredag, og laurdag er det venta at det skal bli enda varmare, skriv The Guardian.

Varmen gjer at det i delar av landet er innført forbod mot offentlege arrangement utandørs, som konsertar. Det er heller ikkje lov å ha offentlege arrangement innandørs i lokale utan aircondition. Men private arrangement, som bryllaup, er lov, melder BBC.

Kvinne med et glass kald drikke under hetebølge i Frankrike

Allereie på fredag blei det målt temperaturar på over 40 grader i Frankrike.

Foto: YOHAN BONNET / AFP

Franske styresmakter er i alarmberedskap på grunn av varmen, og ber folk om å unngå varmen dersom dei kan.

– Sjukehusa har god kapasitet, og prøver å halde tritt med etterspørselen, seier helseminister Brigitte Bourguignon.

– Ein forsmak på framtida

Den ekstreme varmen fleire europeiske land har opplevd den siste tida, kjem rekordtidleg.

– Dette er den tidlegaste registrerte hetebølga i Frankrike sidan 1947, seier Matthieu Sorel ved Météo France til AFP. Han trur fleire regionar i landet kjem til å oppleve at temperaturrekordar blir slått i år.

Kyr på veg inn i fjøset for å kjøle seg ned under hetebølgen i Frankrike

Kyr søker ly i fjøset for å kjøle seg ned i varmen i Pipriac.

Foto: DAMIEN MEYER / AFP

Forskarar seier at slike intense heteperiodar kjem til å kome oftare og vare lenger på grunn av global oppvarming.

– Det vi ser no er dessverre ein forsmak på framtida dersom konsentrasjonen av drivhusgassar i atmosfæren held fram med å auke, seier Clare Nullis i Verdas meteorologiske organisasjon i Genève til The Guardian.

Les også Nordmenn vil avlyse ferieturer i varmen – forsikringen dekker ikke hetebølgen

Skogbrannar i Spania

Også Spania har opplevd høge temperaturar. Sommaren har starta rundt 20 til 40 dagar tidlegare enn han gjorde for 50 år sidan. Den siste veka har store delar av landet hatt temperaturar godt over 40 grader. Søndag er det håp om litt lågare temperaturar, melder Euronews.

Mai var den varmaste på 100 år i Spania, skriv The Guardian.

Brannfly slukker skogbrann i Spania

Brannfly prøver å sløkke skogbrann i Spania.

Foto: PAU BARRENA / AFP

Fleire stader i landet, blant anna i Catalonia, kjemper brannmannskapa mot skogbrannar som herjar. Varme, vind og torever gjer sløkkearbeidet vanskeleg.

Det er så langt ikkje meldt om dødsfall eller skadar som følge av brannane, skriv Reuters.

Spanias statsminister Pedro Sanchéz takka fredag brannmannskapa.

– Dei risikerer livet sitt i frontlinja av brannane, sa han.

Les også Fire nye klimarekorder på kloden i fjor

Po tørrlagt

Varmen gjer at Italias lengste elv, Po, ikkje har hatt lågare vassføring på 70 år. Det gjer at mange delar av elva er fullstendig tørka ut, melder Reuters.

I Nord-Italia har det ikkje regna på tre og ein halv månad. Mange innsjøar og småelver er i ferd med å tørke ut. Dette gjer at bøndene i regionen fryktar at dei skal miste store delar av årets avling.

Tørt elveleie i Italia. Deler av landets lengste elv, Po, har tørket helt ut.

Delar av Italias lengste elv, Po, er tørrlagt på grunn lite nedbør og høge temperaturar.

Foto: Luca Bruno / AP

Fleire byar i nord seier dei vil innføre vassrasjonering. Styresmaktene i Lombardia-regionen seier dei kan kome til å erklære unntakstilstand på grunn av situasjonen, skriv The Guardian.

SISTE NYTT

Siste nytt