Hestekjøt oppdaga i IKEA-kjøtbollar

IKEA stoppar alt sal av kjøtbollar i Sverige etter at det blei funne hestekjøt i svenskprodusert kjøtbollar i Tsjekkia. IKEA Noreg avviser at det finst hest i kjøtbollar som blir selt i Noreg.

Hestekjøtt er funnet i IKEA-kjøttboller

HESTEKJØTBOLLAR: Hestekjøtt er påvist i kjøttbollar frå IKEA. Biletet er frå IKEA Slependen, og det er ikkje påvist hestekjøtt i kjøttbollane servert på det norske varehuset.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ifølgje nyheitsbyrået CTK har tsjekkiske inspektørar påvist hestekjøt i kjøtbollar frå IKEA. IKEA stoppar no alt sal av kjøtbollar i Sverige etter opplysningane, opplyser selskapet til nyheitsbyrået TT.

– Av omsyn til eventuell bekymring blant kundane våre, stoppar vi no alt salet av kjøtbollar i Sverige, seier Sara Paulsson, presseansvarleg for IKEA Sverige.

Meldinga kom raskt etter at tsjekkiske styresmakter påviste hestekjøt som skulle til IKEA sitt varehus i Brno. Hestekjøtet blei påvist etter prøver tekne av 760 kilo beslaglagde kjøtbollar.

Ifølgje innhaldslista skulle kjøtbollane innehalde storfekjøt og svin.

Stoppar salet av svenske kjøtbollar

Det statlege Veterinærinstituttet i Tsjekkia har rapportert om funnet til EU, og IKEA stoppar no alt sal av dei svenskproduserte kjøtbollane.

Tidlegare i år åtvara mattsilsynet i Tsjekkia mot kjøtbollane, då fordi det viste seg at dei inneheldt eit udeklarert soyaprotein.

Det er produsenten Dafgårds som leverer kjøtbollane til IKEA i mesteparten av Europa. Dei norske IKEA-butikkane får derimot sine kjøtbollar frå Mathuset Holmens i Stavanger.

Garanterer hestefritt på norsk IKEA

Kommunikasjonssjef i IKEA Noreg, Camilla Lindemann, seier til NRK at det ikkje finst spor av hest i kjøtbollar som blir seld på norske IKEA-varehus.

– Våre kjøtbollar er produsert i Noreg, og dei inneheld ikkje hestekjøt. Leverandøren vår stadfesta det overfor oss seinast i dag, seier Lindemann.

– Etter at hestekjøt-skandalen blei kjent i Europa har IKEA bede om DNA-prøver frå alle leverandørar, i tillegg til vanlege kvalitetskontrollar. Dette er eit ekstratiltak IKEA har bede om, seier ho.

Funnet er det siste i ei lang rekkje i Europa. I Tsjekkia blei det i førre veke funne hestekjøt i biff-hamburgarar importert frå Polen. Ifølgje tsjekkiske styresmakter blei hestekjøt for første gong oppdaga i frosen lasagne som blei seld på matvarekjeda Tesco.

«Hestekjøt-skandale»

Avsløringa om at hestekjøt er blitt feilmerka og selt som storfe, den såkalla «hestekjøt-skandalen», har fått mykje merksemd både i Noreg og ei rekkje andre europeiske land den siste tida.

Skandalen starta med funn av hestekjøt i frosen lasagne frå svenske Findus i byrjinga av februar.

Ei rekkje europeiske produsentar har den siste tida trekt tilbake produkt etter funn av hestekjøt.

Norgesgruppen har stadfesta funn av hestekjøt i lasagne frå First Price. Det er også funne hestekjøtt i lasagne frå Coop og Rema 1000.

Nyleg trekte ferdigmatgiganten Findus tilbake pytt i panne-rettar frå danske butikkar etter funn av hestekjøt.

– Behovet for kontroll er stort

IKEA lanserte sitt eige matmerke, Ikea Food, basert på svenske oppskrifter og tradisjonar i 2006.

På den norske heimesida til IKEA står det:

«Kjøtbollane blir laga etter vår tradisjonelle oppskrift med like god kvalitet som før, laga i Noreg for IKEA. Våre velsmakande rettar har ingrediensar frå pålitelege leverandørar i kvar einaste bit.»

Camilla Lindemann seier at slike avsløringar som Tsjekkiske styresmakter har gjort av det svenske kjøtet, viser eit stort behov for kvalitetskontrollar.

Utvida DNA-testing etter avsløringane

– Når slike ting skjer forsterkar det berre synet på at behovet for kontroll er stort til ein kvar tid. Våre kvalitetssjekkar er i høg skala, vi DNA-testar både laks, elg og sild, og etter alle desse sakene om hestekjøt har vi utvida DNA-testinga til også å handle om okse og svin, seier ho.

– Trass i det som har skjedd i andre delar av Europa så har IKEA ønska meir kontroll på alle leverandørar, og eg kan garantere at norske kundar kan vere trygge på at kjøtbollane på IKEA ikkje inneheld hest, fastslår Lindemann.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt