Hopp til innhold

Nederlandsk mann arrestert i hestekjøtsaka

Kjøtgrossisten Willy Selten blei torsdag arrestert av nederlandske styresmakter, skulda for å ha selt 300 tonn hestekjøt merkt som storfekjøt.

 A sign for wholesaler Vleesgroothandel Willy Selten B.V.

Den nederlandske grossistgiganten Will Selten er arrestert. Ifølgje nederlandske styresmakter har firmaet hans med viten og vilje feilmerkt hestekjøt som storfekjøt. Selten sjølv avviser dette.

Foto: STRINGER / Reuters

I kunngjeringa frå riksadvokaten heiter det at Seltens firma er det same firmaet som vart etterforska då hestekjøtskandalen braut ut i Europa i februar.

Nekta for feilmerking i TV-intervju

Selten unnlét i april å trekkje ein ordre på 50.000 tonn forureina hestekjøt som hadde gått gjennom hans firma i den nederlandske byen Oss.

Det nederlandske mattilsynet måtte be hundrevis av firma over heile Europa om å sjekke produkta sine.

Seltens firma vart i førre månad erklært konkurs. Grossisten dukka onsdag kveld opp på nederlandsk fjernsyn. Han innrømde på lufta at firmaet hans har blanda storfekjøt med hestekjøt, men hevda det var på bestilling frå ein kunde.

Han nekta tvert for at dei med viten og vilje har feilmerka kjøtet.

Kjøtgrossist Willy Selten i retten i april

Kjøtgrossist Willy Selten i retten i april 2013.

Foto: Martijn Beekman / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt