Hopp til innhold

Her har USA bygd ein hemmeleg kopi av Irans atomanlegg

I ein skog i Tennessee er det bygd ein hemmeleg kopi av Irans atomanlegg. Den skal hjelpe amerikanske diplomatar med å stanse mogleg atomvåpenproduksjon i Iran.

IRAN NUKE LABS Y-12 National Security Complex in Oak Ridge, Tenn.

Her inne, på anlegget Y-12 National Security Complex i Oak Ridge i Tennessee, har amerikanske forskarar bygd ein kopi av Irans atomanlegg. Formålet var å kunne skaffe seg kunnskap som kan nyttast atomforhandlingane med Iran, som i går gjekk inn i siste forhandlingsrunde.

Foto: NATIONAL NUCLEAR SECURITY ADMINISTRATION / NYT

Om du tek turen til Tennessee og byen Knoxville, så er du berre ein liten skogstur unna eit av USAs anlegg for nasjonal tryggleik.

Og her inne i skogen har det vakse fram eit iransk atomanlegg. Eller snarare ein kopi av eit iransk atomanlegg.

For at amerikanske forskarar skal ha best mogleg kunnskap om Irans atomteknologi og deira uraniumssentrifuger, så har dei velt å lage ein replika av Irans atomanlegg.

– Hadde fomla i mørket utan kopien

– Me veit mykje meir om Irans sentrifuger enn me elles ville ha visst, seier ein atomekspert som kjenner til anlegget til New York Times.

Prosjektet blir omtalt som naudsynt i USA sin innsats med å få ein slutt på Irans atomprogram.

– Utan kunnskapen som har kome fram ved hjelp av kopien, og andre tiltak, så ville diplomatane som skal forhandle fram ei løysing på floka mellom Iran og USA «fomla i mørket», seier USAs energiminister Ernest Moniz.

Iran Nuclear Deal Who Says What

USAs utanriksminister John Kerry, og hans iranske kollega, Mohammad Javad Zarif, starta denne veka opp att med siste runde av atomforhandlingar.

Foto: Brian Snyder / Ap

Løysinga låg ved middagsbordet

Ministeren seier at USA har søkt etter teknologiske løysingar på atomkrangelen, og at det difor har vore viktig å inkludere forskarane i den diplomatiske jobben som vert gjort i Sveits og Austerrike, der atomforhandlingane har gått føre seg.

Det at forskarane vart involvert i forhandlingane førte etter kvart til at starta å snakke om alternative løysingar.

I pausane i forhandlingane var dei amerikanske forskarane og diplomatane samla rundt middagsbordet på fine restaurantar, og her kom det opp idear til korleis ein kan løyse nokre av dei diplomatiske knutane som finnest.

Målet var å gjere det slik at Iran kunne endre sitt underjordiske anlegg i Fordo til eit forskingssenter, og slippe å «miste ansikt», og at dette forskingssenteret kan drive verksemd som ikkje gjer USA grunn til å vere uroa for at det vert framstilt atomvåpen.

Kunnskapen som kopien heime i Tennessee gav ekspertane gjorde det enklare å kome med forslag til iranarane. Det gjorde det også mogleg å forstå kva Iran sine endringsforslag innebar.

Atomkraftverk i Iran

Arkivbilete av eit av Irans atomanlegg.

Foto: Raheb Homavandi / Reuters/Scanpix

Skulle forsere språkbarrieren med sjokoladebitar

Ein person som stod forhandlingane nært har også fortalt til New York Times at dei amerikanske ekspertane etter kvart tok i bruk sjokoladebitar.

Bitane vart brukte som illustrasjonar og bidrog til å forsere språkbarrierar mellom diplomatane. Snopet skulle få iranarane til å forstå korleis ein best kan endre på atomanlegget til Iran, slik at begge partar er nøgde.

Blant ideane som har kome opp er å gjere atomforskingssenteret om til eit forskingssenter for usynlege stråler frå enorme eksplosjonar i rommet. Senterets plassering langt under jorda legg godt til rette for slik forsking.

Men det er også føreslått at sentrifugane kan brukast til å framstille stoff som kan nyttast i medisinar, i staden for uranium til atomproduksjon.

Frist 30. juni

Så spørst det kva iranarane vil seie til slutt. I går starta siste del av forhandlingane mellom Iran og stormaktene USA, Kina, Russland, Storbritannia, Frankrike og Tyskland.

For USA er hovudmålet er å stanse alle iransk produksjon av materiale som kan brukast i atomvåpen. For Iran er gulrota å få fjerna sanksjonane som er påført landet som følger av deira atomprogram.

Fristen for å finne ei løysing som kan sikre at Irans atomprogram ikkje kan nyttast til å produsere atomvåpen er 30. juni.

SISTE NYTT

Siste nytt