Hopp til innhold

Her er dei farlegaste byane i verda

Dei 20 mest valdelege byane i verda ligg i Latin-Amerika.

Å bu i ein storby i Latin-Amerika kan vere noko av det farlegaste du gjer, ifølgje ein ny oversikt over dei 50 valdeligste byane i verda. Rapporten er utgjeven av ein meksikansk tenketank, og rangerar byane etter talet på drap per 100.000 innbyggjar.

Ein kombinasjon av narkotika, organisert kriminalitet og lite handlekraftig politi, har ført til at latin-amerikanske storbyar troner øvst på drapsstatistikken.

Byane som rangerer på dei 20 øvste plassane ligg alle i Latin-Amerika, og latin-amerikanske byar utgjer heile 40 av dei 50 byane på lista.

Fleire drap enn i Irak og Afghanistan

Aller verst er det i byen San Pedro Sula i Honduras. I 2011 var det heile 1.143 drap i byen, som tel litt over 700.000 innbyggjarar. Dette trass i at byen er det økonomiske senteret i landet, og står for ein omfattande produksjon av eksportvarer.

Til samanlikning var det 111 drap i heile Noreg i fjor – og berre 34 dersom ein ikkje reknar med terroråtaket 22. juli.

Valdsbølgja i San Pedro Sula skuldast i hovudsak narkotikatrafikken. Heile 80 prosent av all kokain på veg mot Nord-Amerika, går gjennom Honduras. Det har vore fleire episoder av grusomme massakrar i byen, blant anna i ein bypark i fjor, der fire uskuldige forbipasserande vart drepne.

Svært mange av drapa føregår i fengsla i byen. Styresmaktene har lite kontroll over tryggleiken til dei innsette, og våpen er like lett å smugle inn som mobiltelefonar, ifølgje magasinet Foreign Policy.

Honduras er ifølgje FN det landet i verda med flest drap per innbyggjar, inkludert Irak og Afghanistan.

(artikkelen held fram under biletet)

San Pedro Sula

Byen San Pedro Sula har sine vakre sider, men bak fasaden ligg det ein svært dyster statistikk.

Foto: Wikimedia Commons

Krigssonar ikkje inkludert

Med unntak av Mosul i Irak, er det ingen byar i Europa eller i Asia som er farlege nok til å kome med på topp 50-lista.

Men det er viktig å hugse på at rapporten berre inkluderer byar som har tilgjengeleg drapsstatistikk. Det betyr at byar med blodige borgarkrigar ikkje vil vere på lista. Til dømes Aleppo i Syria, som er den byen som har vore hardast råka under opprøret i Syria.

Også USA ligg høgt på lista. Orkanråka New Orleans ligg på ein 21. plass med 199 drap i 2011. Eit svært høgt tal med tanke på at det bur færre enn 350.000 innbyggjarar i byen. Også Detroit kjem dårleg ut på statistikken. Med 346 drap i året, er byen den 30. farlegaste byen i verda.

Drapsoversikt

Rang.

By

Mordrate

Innbyggjarar

Talet på drap

1

San Pedro Sula, Honduras

158,87

719,447

1,143

2

Juárez, Mexico

147.77

1,335,890

1,974

3

Maceió, Brasil

135.26

1,156,278

1,564

4

Acapulco, Mexico

127.92

804,412

1,029

5

Distrito Central, Honduras

99.69

1,126,534

1,123

6

Caracas, Venezuela

98,71

3,205,463

3,164

7

Torreón, Mexico

87.75

1,128,152

990

8

Chihuahua, Mexico

82.96

831,693

690

9

Durango, Mexico

79.88

593,389

474

10

Bélem, Brasil

78.04

2,100,319

1,639

Ekspander/minimer faktaboks

SISTE NYTT

Siste nytt