Hopp til innhold

Hamas sende rakettar mot Tel Aviv: «Eit svar på dei sionistiske massakrane»

Flyalarmen ulte over store delar av sentrale Israel søndag ettermiddag. Ifølge Det israelske forsvaret blei åtte rakettar sende frå byen Rafah på Gazastripa.

røyk frå rakettar på himmelen. ein grensepost i front.

Eit bilete publisert av Det israelske forsvaret på X viser grenseovergangen i Rafah og det som skal vere røyk frå rakettar.

Foto: Det israelske forsvaret / X

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
37.347
Siste uke:
223
Israel
1487
Sist oppdatert: 17.6.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

For første gong på eit halvt år har Hamas sende rakettar mot sentrale delar av Israel, særleg retta mot Tel Aviv.

Det melder Hamas' militære fløy al-Qassam-brigaden sjølv på Telegram, ifølge AFP.

Ikkje uventa klarte Israels luftvernsystem å avverge angrepet, og ifølge den israelske nettstaden Haaretz er det ikkje rapportert om skadar. Ifølge same avis skal ein person derimot vere lettare skadd av splintar som følge av nedskytinga av rakettane.

Det israelske forsvaret (IDF) melder at åtte rakettar blei sende frå Rafah, ein by som ligg heilt sør på Gazastripa.

Det får Israels sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir til å sjå raudt. «Rafah! Med full styrke!», skriv han på X.

Les også Rafah: Trur ikkje invasjon vil sikre Israel siger

ein gut går på tur med ein hund i sanden. bak han er det hundrevis av telt

«Sionistiske massakrane»

Byen var lenge delvis skjerma for krigen på Gazastripa.

I februar hadde over 1,5 million palestinarar søkt tilflukt i området, dei fleste hadde flykta frå heimane sine nord på Gazastripa.

Tidlegare i mai fekk dei på nytt beskjed om å flykte. Då gjekk Israel inn i byen med bakkestyrkar.

kvinner og barn gret. framfor dei ligg ein død person under eit teppe

Pårørande sørger etter at minst seks menneske blei drepne i eit israelsk bombeangrep i Rafah søndag.

Foto: Eyad Baba / AFP

Ifølge AFP skriv al-Qassam-brigaden på Telegram at rakettangrepet søndag er «eit svar på dei sionistiske massakrane mot sivile».

IDF har dei siste vekene utført den lenge varsla militæroperasjonen i Rafah, og har med det trassa ordren frå FNs øvste domstol om å stanse offensiven. Det blir melde om både bakkekampar og luftangrep.

Over 35.000 palestinarar er drepne i løpet av krigen. På israelsk side er over 1400 drepne.

SISTE NYTT

Siste nytt