Hopp til innhold

Rafah: Trur ikkje invasjon vil sikre Israel siger

Israel har annonsert ein bakke­invasjon av byen Rafah. Kva er formålet og kva skjer med dei 1,5 millionane som er der? Dette seier ekspertane.

ein gut går på tur med ein hund i sanden. bak han er det hundrevis av telt

EVAKUERING: Israels statsminister har beordra hæren om å legge ein plan for evakuering av palestinarane i Rafah.

Foto: Saleh Salem / Reuters

I denne saka kan du lese om:

Før krigen husa den vesle byen Rafah 280.000 menneske. I dag er der om lag 1,5 millionar.

Dei fleste er fordrivne frå heimane sine nord på Gazastripa. No førebur folk seg på å evakuere nok ein gang, uvisst kvar hen.

FN, EU og USA har uttrykt stor bekymring rundt ein bakkeoperasjon i Rafah. Utanriksminister Espen Barth Eide fryktar eit blodbad.

– Vi skal ta dei resterande Hamas-terrorbataljonane i Rafah, som er den siste bastionen, seier Israels statsminister Benjamin Netanyahu til ABC News.

netanyahu med eit israelsk flagg bak seg

Benjamin Netanyahu er klar på at Israel vil gå inn i Rafah, og trassar med det sterke åtvaringar frå USA.

Foto: Ronen Zvulun / AFP

Den militære operasjonen i Rafah skal ifølge Netanyahu vere avslutta innan ramadan, som er 10. mars.

NRK har snakka med tre ekspertar om den komande militæroperasjonen.

Kvifor Rafah?

Rafah ligg heilt sør på Gazastripa og grensar mot Egypt. Byen har vore skjerma for dei verste kamphandlingane, sjølv om han har vore utsett for fleire israelske luftangrep.

Bakkekampane har i større grad vore i nord, men Israel har heile vegen vore opne om at dei vil ekspandere bakkeoperasjonane sørover.

Frå eit militært perspektiv blir Rafah sett på som eit sentralt siste punkt for Israels operasjonar i Gaza.

Sigbjørn Halsne er oberstløytnant og sjef for seksjonen for landmakt ved Krigsskolen.

Han trur formålet med å gå inn i Rafah er å øydelegge dei siste militære Hamas-avdelingane i Gaza, finne Hamas-leiarar og tunnelane under bakken.

Halsne meiner at denne byen er ekstra viktig nettopp fordi han grensar mot Egypt.

barn i kø for å få mat. dei har kjeler i hendene og det er veldig trangt.

Mykje av den humanitær støtta i Gaza kjem frå Egypt via Rafah. EUs utanrikssjef Josep Borrell fryktar at ein militæroperasjon her kan gjere det enda vanskelegare å få inn kritisk nødhjelp på Gazastripa.

Foto: Ibraheem Abu Mustafa / Reuters

– Smuglinga inn til Gaza har nok gått gjennom den egyptiske grensa. Operasjonen har mellom anna som formål å finne desse tunnelane, seier Halsne.

Også Hamas-ekspert ved Universitetet i Oslo, Erik Skare, trur tunnelsystemet i Rafah er kopla til Egypt, og er ein del av grunnen til at Rafah er så viktig.

Hamas-soldatar gøymer seg i tunnelane, og Israels uttrykte mål i krigen har heile tida vore å «knuse Hamas».

Nyleg hevda den israelske hæren (IDF) å ha funne eit større tunnelnettverk under hovudkvarteret til UNRWA i Gaza by, ifølge Reuters.

Hamas i Rafah

Det at det er over ein million menneske i Rafah, meiner Skare kan vere ein fordel for Hamas.

– Hamas har interesse av å skjule seg blant sivile, og gjer det aktivt. Al-Qassam-brigaden brukar ikkje uniform når dei er i skotveksling for eksempel, seier Skare.

Folkerettsekspert og konfliktforskar Cecilie Hellestveit kallar operasjonen i Rafah for ein naturleg avslutning, men også den vanskelegaste av IDFs operasjonar på Gazastripa.

– Under den humanitære pausen i november, regrupperte Hamas seg i sør. Det gjer at rammene rundt denne militæroperasjonen er særs krevjande. Hamas er budd.

På bildet er en av teltleirene i Rafah. I bakgrunnen kan man se røyk fra et israelsk angrep.

Over en million har flyktet til Rafah – nye bilder viser forflyttelsene

Kontraproduktiv krigføring?

Men Hamas-ekspert Skare meiner at ein militæroperasjon i Rafah uansett vil ha større humanitære konsekvensar enn militære.

– Israel har gått for ei militær løysing heller enn ei diplomatisk. Men ingenting tyder på at Israel er noko nærare å nå sitt militære mål, som er å knuse Hamas, seier Skare.

Oberstløytnant Halsne er overraska over at Israel så langt har gjennomført ein eindimensjonal operasjon, og trur at dette på lang sikt kan vere kontraproduktivt.

– Det som overraskar meg mest med krigen, er at Israel ikkje nyttar andre verkemiddel enn dei militære.

– Israel har i stor grad latt Hamas få lov til å få ut det narrativet dei ønsker, som er at Israel er den store overgriparen.

Undersøkingar viser at støtta til Hamas har gått opp etter terrorangrepet 7. oktober, og krigen som følgde.

ein mann med palestinaskjerf på hovudet går i ein demonstrasjon og veiver med eit hamas-flagg.

Palestinske Hamas-tilhengarar demonstrerte på den okkuperte Vestbreidda til støtte for palestinarane i Gaza i desember.

Foto: Hazem Bader / AFP

Kvar skal dei evakuere?

Det store spørsmålet no er kvar dei 1,5 millionane som er i Rafah, skal evakuere.

– IDF er no bedne om å legge ein plan for korleis dei skal få til begge delar. Å gå inn og øydelegge Hamas-cellene i Rafah, men samtidig sikre sivilbefolkninga, seier Halsne.

Satellittdata som BBC har analysert, viser at over halvparten av bygningane i Gaza er øydelagde, og med pågåande bakkekampar i nord, er det i dag svært avgrensa kva fysiske og praktiske moglegheiter Israel har.

– Å ta dei til nord, kjem ikkje det internasjonale samfunnet til å akseptere, seier Hellestveit.

– Å ta dei inn i Israel, er ikkje noko det israelske publikum vil akseptere lett. Dessutan risikerer ein å få Hamas-tilknytte inn i Israel.

Og å evakuere palestinarane til Egypt, seier Egypt nei til. Ifølge folkerettseksperten er det òg på kanten med folkemordkonvensjonen, og farleg sikkerheitspolitisk.

Ifølge Skare er området al-Mawasi, ei kyststripe vest for Rafah, det einaste alternativet.

Men Hamas-eksperten kallar det eit dårleg alternativ, fordi området er altfor lite for så mange menneske.

I tillegg er Skare uroa for korleis evakueringa vil bli uført, og viser til at fleire sivile blei drepne då dei evakuerte frå nord.

to kvinner og ein mann sit i ei bomba leilighet

Over ein million av dei som er i Rafah, har allereie blitt fordrive frå heimane sine. No må dei evakuere nok ein gong.

Foto: Ibraheem Abu Mustafa / Reuters

– Kor mykje må sivilbefolkninga tole i ein krig?

Viss du kan militært begrunne angrepa dine, kan du gjere ting som eksponerer di eiga eller fienden si sivilbefolkninga på måtar ein ikkje har lov til dersom krigen er mindre intens, seier Hellestveit.

– Men med rammene som no er rundt Rafah, er det krevjande å gjere dette på lovleg vis.

Hellestveit meiner det er viktig å hugse på at det er to partar her, og at også Hamas har eit ansvar for å beskytte sivile i Rafah.

Våpenstøtte står på spel

Korleis operasjonen blir utført, kan få enorme økonomiske konsekvensar for Israel, fortel folkerettsekspert Cecilie Hellestveit.

I januar tok Den internasjonale domstolen (ICJ) opp saka der Israel blir skulda for folkemord i Gaza.

ICJ konkluderte tilnærma einstemmig med at det er fare for at det skjer eit folkemord i Gaza, og kravde at Israel gjer meir for å hindre at folkemord finn stad i krigen.

Dersom Israel ikkje gjer nok for å sikre sivilbefolkningas tryggleik, kan dette føre til at Israel mister tilnærma all våpenstøtte, fortel Hellestveit.

– Dersom Israel bryt med desse krava, er andre statar forplikta til å ta tak, til dømes å stanse våpensal til dei, inkludert USA.

Det påverkar kva slags reiskap Israel vil ha tilgang til midt oppi operasjonen, og i ettertida, seier Hellestveit.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu har no bedt IDF om å legge fram ein detaljert plan for militæroperasjonen og for korleis ein skal evakuere sivile.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.