Hopp til innhold

– Kjem til å sjå meir av dette framover

Halve Malawi er råka av ein storflaum og er erklært katastrofeområde. Landet står framfor ei matkrise, og Utviklingsfondet meiner dette er noko ein vil sjå meir av i åra som kjem.

Flom i Malawi

Store landområde med dyrka mark er øydelagd av flaumen i Malawi. Tusenar manglar no mat, og avlingane som skulle haustast inn om ikkje lenge er øydelagde. Dette vil skje oftare i framtida, meiner Utviklingsfondet.

Foto: BONEX JULIUS / Afp

Malawi Floods

Øydelagde planter er det som ligg att på denne åkeren etter store nedbørsmengder.

Foto: Thoko Chikondi / Ap
Malawi flom

Også vegar og anna infrastruktur er øydelagd av flaumen.

Foto: UNICEF Malawi

Rundt 170.000 menneske er fordrive av flaumvatn i Malawi, og store mengder med avlingar er skada av det same vatnet.

– Det me ser no er jo det FNs klimapanel og fleire andre åtvarar mot. At denne typen klima vil ein sjå meir av framover, og eit fattig land som Malawi er ekstra utsett, seier Kari Helene Partapuoli som er dagleg leiar i Utviklingsfondet.

– Mykje er skylt bort

Organisasjonen jobbar mellom anna med mattryggleik, og saman med sine lokale samarbeidspartnarar i Malawi følger dei nøye med på flaumen som råkar landet.

– Nesten heile landet er avhengige av det dei produserer av mat sjølv. Småbønder og landbruk er den største næringsvegen for folk. Det er ikkje lenge sidan frø vart sådd, og det er ingen som veit kor mykje som er skylt bort no. Men det er mykje, seier Partapuoli.

Kari Helene Partapuoli

Me vil sjå fleire katastrofar som i Malawi framover, meiner Kari Helene Partapuoli i Utviklingsfondet.

Foto: Antirasistisk senter

Malawi er blant verdas fattigaste land, og mangelen på mat er til kvar ein tid ein realitet for folk flest. Partapuoli meiner land som Malawi er blant dei som merkar klimaendringane i verda best.

– Klimaendringane treff oss ikkje likt. Det har mykje større konsekvensar for fattige, og land kor infrastrukturen er dårleg, og der ein er meir avhengig av ei bestemt næring. Difor vert klimaendringane merka på ein heilt annan måte enn andre stader, seier den daglege leiaren.

Flom Malawi

Flaumen har lagt store område under vatn.

Foto: UNICEF Malawi
Malawi - flom

Mange har blitt heimlause som følger av regnvatnet. I Malawi bur mange i hus bygde av jord og leire, og som toler vatn dårleg.

Foto: UNICEF Malawi

Ustabile regntider og kortare såperioder

For å kunne svare på katastrofane, så er det naudsynt med betre infrastruktur og god beredskap i krisetilfelle, meiner Partapuoli, som trur flaumar som den i Malawi berre vil bli vanlegare i framtida.

– Malawi merker klimaendringane allereie. Det er ustabile regntider og kortare såperiodar. Eg trur dette vil bli vanlegare i framtida. Me ser allereie dette i dei områda kor me har prosjekt, slik som i Malawi, Etiopia og Nord-Somalia. Klimaet forandrar seg. Det kjem meir styrtregn og flaum.

Partaupoli understrekar at det er fleire årsaker enn vêret til fattigdom og matmangel, men flaum og tørke bidreg ikkje til ei betring, minner ho om.

– Klimaendringar er ikkje åleine skuld i fattigdom og dårleg matproduksjon, men det fører til at dei som allereie har det dårleg får det endå dårlegare.

Flom i Malawi
Foto: AMOS GUMULIRA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt