Åkrar fulle av avlingar ligg brakke, og jordhus har falt saman. Kraftig regnfall har skapt ein flaum som kom overraskande på folket i Malawi. No er liva snudd opp ned for mange.
I løpet av få dagar har det regna så mykje att halve landet no vert kalla eit katastrofeområde. Og vêrmeldingane bidreg ikkje til optimisme. Det er nemleg venta store mengder nedbør og flaum også i vekene som kjem.
Sør-Afrika har allereie sendt helikopter for å hjelpe, men landet ber også om ytterlegare internasjonal hjelp.
– Eg kan slå fast at alle 15 distrikt i landet er råka av flaum. Eg ber no om humanitær assistanse frå internasjonale donorar, sa landets president Peter Mutharika i dag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.
Landet tek allereie mot store bistandssummer, mellom anna frå Noreg, og klarer ikkje å takle dei uventa utfordringane åleine.
Landet hadde også klimatiske utfordringar før nyttår, sidan regntida lét vente på seg. Uvanleg lite regn i oktober og november utsette plantesesongen, og når regnet no til slutt kom i veldige mengder har den avlinga som stod i jorda blitt øydelagde.
I tillegg til tapte avlingar har også mange blitt isolert av vassmengdene, som også har råka nabolandet Mosambik. Der har bruer kollapsa, og landets nye regjering har slått alarm for dei sentrale og nordlege delane av landet.
- LES OGSÅ: