Hopp til innhold

Granskar forholda for norske born i Thailand

Astrid Veum Mydland arbeider tett på norsk-thailandske familiar i Thailand. No skal ho finne ut kva ansvar norske styresmakter har for born som ikkje får den oppfølginga dei treng.

Astrid Veum Mydland i leik med thai-norske born.

Astrid Veum Mydland er prosjektleiar for «Thai-norske born i fokus». Borna saman med henne på biletet er ikkje med i prosjektet hennar.

Foto: Sjømannskirken

Den norske sjømannspresten i Pattaya i Thailand, Jan Olav Johannesen, som tok initiativ til prosjektet. Han søkte barne- og familiedepartementet om 1,8 millionar kroner til eit toårig prosjekt for å kartleggje forholda for thai-norske born, der foreldra sleit med ulike problem.

Astrid Veum Mydland.

– Den største utfordringa er å nå fram til dei mest hjelpetrengande borna, seier prosjektleiar Astrid Veum Mydland.

Foto: Sjømannskirken

I arbeidet sitt i Pattaya møtte Johannessen mange familiar som sleit, ofte fordi den norske mannen i forholdet hadde rusproblem, psykiske vanskar eller begge delar. Han slo alarm fordi han meinte at det norske samfunnet har ansvar for desse borna.

Lang ventetid

Etter lang ventetid vedtok departementet å løyve 700.000 kroner til prosjektet, altså nesten ein tredel mindre enn Sjømannskyrkja meinte var naudsynt for å få til ei skikkeleg kartlegging av problema .

Det er altså her Astrid Veum Mydland kjem inn i biletet. Ho er tilsett som prosjektleiar for det som har fått namnet «Thai-norske born i fokus». Ho er utdanna sosionom og Marte Meo -terapeut og har hovuderfaringa si frå det norske barnevernet.

Dei siste fem åra har ho jobba for Det Norske Misjonsselskap med ulike hjelpeprosjekt i Thailand.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen i Pattaya i Thailand.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen slo alarm om forholda for ein del norske born i THailand.

Foto: Sjømannskirken

– No er vi ferdige med sjølve kartlegginga etter å ha fullført planarbeidet. Vi håper å kunne levere ein rapport til departementet innan mai neste år, seier ho til NRK.no.

- Dei mest sårbare borna

Veum Mydland fortel at den største utfordringa for henne er å nå fram til dei borna som er mest hjelpetrengande. Det er dei mest sårbare borna prosjektet skal prøve å nå fram til, seier ho.

– Det er forholda desse borna lever under vi skal skissere, og som reiser spørsmålet Sjømannskyrkja tidlegare har stilt. Har Noreg eit ansvar for desse borna?, legg ho til.

Astrid Veum Mydland seier at ho er positivt overraska over kor mange som ynskjer å snakke med henne om dei daglege utfordringane.

– Eg trur det tek tid å byggje relasjonar og tillit til menneske, men eg trur det er ein stor fordel at prosjektet er knytt til Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkja har ein positivt tillit blant nordmenn, og dei viser foreldre vidare til prosjektet, seier ho.

Mangfaldet i utfordringane

Veum Mydland presiserer at prosjektet ikkje berre har eit mål om å møte dei familiane som har det ekstra vanskeleg, men at målet er å sjå mangfaldet i dei utfordringane thai-norske familiar står overfor.

Det er ein føresetnad for å kunne tilrå tiltak, seier ho, at dei veit kva som skaper dei største utfordringane for familiane, og aller mest for borna.

– Det vi håpar og trur er at til lengre ut i prosjektperioden vi kjem, dess fleire familiar vil vere positive til kontakt. Dermed blir tidsramma for prosjektet igjen eit dilemma, seier ho.

Astrid Veum Mydland legg til at prosjektet ho leier treng å møte familiar med ulike erfaringar på godt og vondt.

– Erfaringane til familiane skildrar realitetane slik at vi kan forstå meir, seier ho.

- Majoriteten er positive

På spørsmål om ho har møtt negative haldningar blant dei ho ynskjer å snakke med, seier ho dette:

– Majoriteten av dei eg har møtt hittil har vore positive, nysgjerrige eller sunt skeptiske. Sinte nordmenn har eg enno ikkje møtt. Det er veldig forståeleg at menneske er redde for å bli stempla. Mange kjenner seg også alt «sette i bås» frå vener, kjenningar og offentlege instansar.

Prosjektleiaren seier det er viktig for henne å snakke med foreldre om eventuell uro for borna, og det er viktig også å snakke med borna.

– Sjølv om thai-norske born innser at barnet deira treng hjelp, er det også eit spørsmål om denne hjelpa faktisk finst i Thailand, seier ho. Som eksempel nemner ho born med dysleksi. Eg har ofte lurt på korleis det er å vere dyslektikar i Thailand, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt