– Norske born opplever omsorgssvikt i Thailand

– Mange born med norsk far lever under uverdige forhold i Thailand. No hastar det med å hjelpe dei, seier sjømannspresten i Pattaya i Thailand. Men den norske regjeringa nøler.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen i Pattaya i Thailand.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen ber politikarane vakne.

Foto: Sjømannskirken

Det var i august i fjor at sjømannsprest Jan Olav Johannessen i Pattaya
slo alarm om norske born som lever under forferdelege forhold. I arbeidet sitt i Pattaya har han kome i kontakt med fleire tilfelle der born med norsk far og thailandsk mor opplever omsorgssvikt.

Via kontaktar i det politiske miljøet var fekk Johannessen i stand eit møte med leiaren for familie- og kulturkomiteen og fleire komitemedlemer på Stortinget. Han fekk inntrykk av at han vart teken på alvor, men sidan har det ikkje skjedd noko.

Rus og psykiatri

Tone og Jan Olav Johannessen ved Sjømannskirken i Pattaya.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen saman med kona Tone, som er diakonal medarbeidar i sjømannskyrkja i Pattaya.

Foto: Sjømannskirken

I mars i år sende Sjømannskyrkja inn ein søknad til Barne- og familiedepartementet om støtte til eit toårig prosjekt med kostnadsramme på cirka 1,8 millionar kroner for å få kartlagt situasjonen for desse borna.

Ofte er sakene relaterte til rusmisbruk og psykiatri. Ein del norske fedrar har så store problem at dei ikkje er i stand til å forsørgje den thailandske familien sin. Det gjer at mor i huset må ut og skaffe pengar, og i nokre tilfelle blir mor tvungen ut i prostitusjon.

Sjømannskyrkja kjenner ikkje omfanget av problemet, men dei fryktar at mørketala er store. No ynskjer organisasjonen å kartleggje problemet i Thailand og andre land i området. Johannessen trur problemet kan vere like stort på Filippinane.

– Tek det ikkje på alvor

– Vi har prøvd ulike former på påverknad, men det synest som om ingen vil ta dette på alvor. Kanskje er politikarane redde for å måtte forhalde seg til fakta?

Borna dette gjeld kan vere norske statsborgarar med norske pass. Andre oppfyller ofte krava for å bli norske statsborgarar, men er i dag i praksis utan rettar fordi far ikkje har søkt statsborgarskap for dei.

Thailand har ikkje noko sosialt tryggingsnett slik vi har i Noreg, og det er lett for born å hamne på gata.

Seniorrådgiver Anne Nordskog i Barne- og familiedepartementet.

Anne Nordskog er seniorrådgjevar i Barne- og familiedepartementet.

Foto: C. Hendel.

– Desse borna er heilt uskuldige. Dei har ikkje bede om å bli sette til verda, seier sjømannsprest Jan Olav Johannessen.

Seniorrådgjevar Anne Nordskog i barne- og familiedeparptementet seier på vegner av statsråd Audun Lysbakken (SV) at søknaden frå Sjømannskyrkja er til behandling i departementet, og at det vil kome ei avklaring innan midten av november.

Departementet er blant anna i dialog med UD om situasjonen for norske born i Thailand, seier ho.

Informasjonsbrosjyre

Han reknar med at det bur mellom 10.000 og 15.000 nordmenn i Thailand. mange av desse er menn som bur saman med ei thailandsk kvinne, og mange får born saman. Aldersskilnaden er ofte stor, og det gjer at mange born risikerer å bli farlause i ung alder.

Han fortel at den dåverande sjømannspresten i Pattaya alt i 2007 sende ei uromelding om den vanskelege situasjonen til dåverande barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

Red Light District i Pattaya i Thailand.

Pattaya i Thailand har eit heftig uteliv og mange nordmenn hamnar på køyret her.

Foto: SUKREE SUKPLANG / REUTERS

Resultatet vart ein brosjyre med informasjon om rettane til thai-norske born. Denne brosjyren vart delt ut til nordmenn busette i Thailand og til thailandske kvinner som har born med nordmenn.

– Ein brosjyre er ikkje nok. No må vi finne ut kor mange born dette gjeld, kvar borna er og korleis vi best kan hjelpe dei til eit betre liv, seier Pattaya-presten.

Departementet brukar tid

No har det gått åtte månader sidan søknaden vart levert inn til departementet, men det har enno ikkje kome noko svar. Søknaden er til behandling i departementet, er standardsvaret når ein purrar.

– Nordmenn som frivillig vel å busetje seg utanfor EU/Schengen har i utgangspunktet ikkje rett på hjelp frå den norske staten, seier sjømannspresten.

– I møte med ein representant for NAV sommaren 2010 fekk eg det med reine ord. Norsk statsborgarskap for desse borna betyr ingen rettar eller plikter for den norske stat, legg han til.

– Men dette gjeld born, som vi har ei moralsk plikt til å hjelpe, seier Johannessen.

Auken i talet på såkalla sosialsaker Sjømannskyrkja har fått i hendene har auka sterkt dei siste åra. Det har samband med at stadig fleire nordmenn reiser, og at mange vil prøve å skape seg eit nytt liv i eit land med varmare klima og lågare prisar.

For dei aller fleste går dette greitt, og mange har eit godt liv i utlandet. Men det er alltid nokon som fell gjennom. Det er ofte menneske som tek med seg eit rusproblem heimanfrå, og når ein kjem til eit land der alkohol er billeg og lett tilgjengeleg, er det mange som misser fotfestet i livet.

Norske koloniar

Det er mange sosialsaker knytte til rus og psykiatri også i land som Spania og Tyrkia, der det også er store norske koloniar. Det som gjer Pattaya spesielt er dette med at norske menn får born med thailandske kvinner.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen fortel at thailandske kvinner ofte ser på det å få born med utanlandske menn som ein måte å sikre seg økonomisk for framtida. Når så denne personen sviktar, får det alvorlege konsekvensar både for kvinna og barnet.

Barnet kan risikere å bli sendt til kvinna sine slektningar, der det ofte kjem lengst nede på rangstigen. Så lenge utlendingar har pengar har dei høg status, men dette tek brått slutt når dei ikkje lenger kan betale. Og det kan borna få svi for, seier Johannessen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.