Skal kartleggje omsorgssvikt blant norske born i Thailand

Barne- og likestillingsdepartementet gir 700.000 kroner til Sjømannskyrkja for å kartleggje omsorgssvikt blant norske born i Thailand.

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen i Pattaya i Thailand.

- Vi er glad for dei 700.000. Det gir oss i alle fall ein start, seier sjømannsprest Jan Olav Johannessen.

Foto: Sjømannskirken
Bent Tanstad
Journalist

Sjømannsprest Jan Olav Johannessen i Pattaya i Thailand søkte opphavleg om 1,8 millionar kroner til eit toårig prosjekt. Johannessen slo alarm om situasjonen for ein del born med norsk far og thailandsk mor i august 2010.

I mars i år vart det sendt ein søknad til regjeringa om 1,8 millionar kroner til ei stilling i Pattaya som eit toårig prosjekt.

Svaret frå Barne- og familiedepartementet kom ni månader etter, like før jul. Då kom beskjeden om at det var løyvd 700.000 kroner til prosjektet.

– Dette er ein start

Red Light District i Pattaya i Thailand.

Pattaya er internasjonalt kjent for sitt natteliv.

Foto: SUKREE SUKPLANG / REUTERS

– Vi er glade for støtta på 700.000 frå Barne- likestillings og inkluderingsdepartementet til å jobbe med norske born i Thailand, som er utsette for omsorgssvikt. Vi ynskte oss eit toårig prosjekt, men dette gir oss i alle fall ein start, seier sjømannsprest Jan Olav Johannessen til NRK.no.

Han reknar med at det blir eit møte i Thailand mellom Sjømannskyrkja og departementet, der dei skal bli samde om rammene. Han ser føre seg at prosjektet kan starta til hausten.

Departementet har gjort det klart at norske barnevern berre gjeld for born som oppheld seg i Noreg. Dermed kan det ikkje setjast i verk tiltak etter barnevernlova overfor norske born i utlandet.

LES OGSÅ: Stadig fleire nordmenn i trøbbel i utlandet

Thailandsk hjelp

I grunngjevinga heiter det at dei ynskjer å få eit innblikk i kva thailandske styresmakter og organisasjonar som eventuelt kan gi bistand til norske born og familiar. Samstundes blir Sjømannskyrkja pålagt å levere resultat til barne- og familiedepartementet innan mars 2013.

Jan Olav Johannessen fortalde i eit intervju med NRK.no i oktober i fjor om kor frustrerande det var å sjå norske born leve i uverdige forhold i Pattaya, utan at dei var i stand til å hjelpe til.

Det bur rundt 15.000 nordmenn i Thailand. Dei fleste av dei er menn som bur saman med thailandske kvinner, og mange har born saman. Det er ofte stor aldersskilnad mellom den norske faren og den thailandske mora, noko som gjer at mange av borna står i fare for å bli farlause i ung alder.

Fryktar store mørketal

– Vi ser at mange born med norsk statsborgarskap ikkje får dei rettane og goda dei har krav på, og for mange hastar det å få hjelp, seier sjømannspresten. Han håpar no at dei kan finne ut meir om omfanget av problemet, for det er frykt for at det er store mørketal.

Thailand har ikkje noko sosialt tryggingsnett slik som i Noreg, og det er lett for born å hamne på gata. Johannessen fryktar at situasjonen kan vere like ille i eit land som Filippinane.

Nordmenn som frivillig vel å busetje seg utanfor EU/Schengen-området har i utgangspunktet ikkje rett på hjelp frå den norske staten. NAV har tidlegare gjort det klart at sjølv om borna med norsk far og thailandsk mor har rett på å bli norsk statsborgar, er den norske staten ikkje pliktig til å hjelpe.

– Ei moralsk plikt

– Men desse borna er heilt uskuldige. Dei har ikkje bede om å bli sette til verda. Vi har ei moralsk plikt til å hjelpe, seier Jan Olav Johannessen.

Arbeidet som sjømannsprest gjer at Johannessen kjem på nært hald til ein del av borna som lever under uverdige forhold. Han opplever at talet på såkalla sosialsaker i hans område har auka sterkt dei siste åra.

Det er mange nordmenn som slit også i andre norske koloniar, men Pattaya er spesielt fordi det ofte er born inne i biletet. Problemstillinga er ganske ny, og Sjømannskyrkja har i dag korkje kapasitet eller kompetanse til å gå djupare inn i dette vanskelege feltet.

Dette er grunnen til at Sjømannskyrkja bad om pengar frå norske styresmakter slik at ein kan finne ut kor stort problemet er, og kva som kan gjerast for å hjelpe dei vanskelegstilte borna.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger