Hopp til innhold

Gigantisk norskteikna flyplass opna i Istanbul

ISTANBUL (NRK): Tyrkias nye flyplass skal etter planen bli verdas største, og ein norsk arkitekt har vore sentral i arbeidet. Men flyplassen har også fått kritikk for dårlege arbeidstilhøve. 37 arbeidarar har mista livet.

Istanbuls nye flyplass

Namnet på flyplassen er Istanbul Airport. I dag vart ein del av flyplassen opna for trafikk. 1. januar skal det vere full rulle på rullebanen, seier utbyggjarane.

Foto: Sidsel Wold / NRK
Istanbuls nye flyplass har mål om å bli verdas største med 200 millionar passasjerar årleg. Sjå illustrasjonsbilete og bilete frå dagens opning.

«Me bygger det nye Tyrkia», står det på ein plakat over inngangen til flyplassen der også Tyrkias president Tayyip Erdogan er avbilda. Prestisjeprosjektet vart i dag opna av presidenten sjølv.

Tredobla trafikk

Flyplassen er eit viktig ledd i Tyrkias planar om å kapre ytterlegare fleire passasjerar i ein beinhard marknad. Det første året er planen å kunne handtere 90 millionar flypassasjerar, mens det innan fem år er mål om å ha 200 millionar passasjerar innom årleg. Prislappen er på litt meir enn 100 milliardar kroner.

Om Tyrkia når målet sitt vil den nye flyplassen bli verdas desidert største. I 2017 var det ifølge Airport Council International flyplassen i Atlanta i USA som hadde tittelen som verdas største, med knappe 104 millionar passasjerar. Deretter kom Beijing (95,7 millionar), Dubai (88,2 millionar) og Tokyo (85,4 millionar).

Istanbuls hovudflyplass har i dag 64,1 millionar, og med den nye flyplassen har tyrkiske styresmakter store planar om å styrke det statlege flyselskapet Turkish Airlines sin posisjon i flymarknaden.

Sjå reportasje frå NRKs besøk ved Istanbuls nye flyplass.

Mange døde arbeidarar

I dag er det berre ein mindre del av flyplassen som opnar, og flyplassen er framleis ein byggeplass. Planen er at den skal vere i full drift innan 1. januar, og då ta over for Atatürk internasjonale flyplass. I likskap med den gamle flyplassen ligg også den nye på europeisk side av Bosporos-sundet.

Det har kome mykje kritikk om høgt arbeidspress og dårlege arbeidsvilkår for arbeidarane. Mange arbeidarar har klaga over dårlege butilhøve, dårleg mat og nokon har måtte bøte med livet. Seinast i september vart 24 arbeidarar arresterte etter at dei hadde protestert på dei dårlege arbeidsilhøva.

Turkey New Airport

Det er kome ein del kritikk om dårlege arbeidstilhøve. Utbyggjarane sjølv seier at 37 arbeidarar er døde, mens andre har kome med påstandar om opptil 400 døde arbeidarar.

Foto: Emrah Gurel / AP

– Me har 34.000 arbeidarar på bakken. Me har tryggingsrutinar og gode tiltak. Me overvaker arbeidstilhøva så godt me kan, men arbeidarane har også eit ansvar for å ta vare på seg sjølve. Så me har ikkje vore heilt suksessfulle. Nokon seier at 400 menneske døde, det er grunnlause påstandar. Etter det eg veit har 37 personar mista liva, seier Kadri Samsunlu, som er direktør ved den nye flyplassen, til NRK.

Også miljøvernarar har kritisert flyplassen som er bygd i eit område som er viktig for Istanbuls drikkevatn, og som har forårsaka nedhogging av ein stor skog. Dette vil medføre dårlegare luft- og vasskvalitet for innbyggjarane i byen, seier kritikarar.

Norsk arkitekt

Gudmund Stokke, Nordic Office of Architecture

Gudmund Stokke er ein av arkitektane bak Istanbuls nye flyplass. Han har også stått bak Oslo Lufthavn Gardermoen og fleire andre internasjonale flyplassar.

Foto: Sidsel Wold / NRK

Flyplassens arkitektur er inspirert av Istanbuls berømte arkitektur og tyrkiske bad.

Ein av arkitektane bak er norske Gudmund Stokke, som er leiar i Nordic Office of Architecture. Stokke var også mannen som stod bak Gardermoen i si tid, og har sidan den gong vore delaktig i arbeidet med ei lang rekke flyplassar verda over.

Han fekk invitasjon til å bli med via den sosiale nettstaden LinkedIn, der ein tidlegare samarbeidspartnar frå eit flyplassprosjekt i India inviterte han med. Svaret var sjølvsagt ja, fortel Stokke. Han avviser kritikk om at han er eit ledd i Erdogans «gigantonomi».

– Det er jo bygd store flyplassar over store deler av verda. Om det er Tyrkia, Mexico eller Singapore, så er det eit behov for store flyplassar. Det er det me har vore med på. Eg ser ingen band til Erdogan i den samanhengen, seier Stokke.

Turkey New Airport

Førebels er berre ein del av flyplassen opna, men 1. januar skal trafikken vere i full gang. Flyplassen ligg på den europeiske sida av byen.

Foto: Emrah Gurel / AP

Vakre rom er viktig

Arkitekten forklarer at funksjonalitet er det viktigaste for ein flyplass, men at den også må ha band til lokal arkitektur.

TURKEY-AIRPORT/

Flyplassen er eit prestisjeprosjekt for Tyrkias president Tayyip Erdogan. Målet er å styrke det statlege flyselskapet, Turkish Airlines, sin posisjon i marknaden.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

– Den skal ha også ha med seg stadens ånd. Då er det spennande å gå bakover i tid og sjå på den fantastiske arkitekturen som finst i dette landet, men samtidig sjå framover. Ein flyplass skal ha forankring i det gamle, men også vere ein høgst moderne og framtidsretta flyplass, seier Stokke.

Han meiner det er viktig at rom er vakre, og ikkje berre funksjonelle.

– Når du går gjennom eit vakkert rom, så kjennest avstanden kortare enn det gjer i eit mindre vakkert rom, seier Stokke.

SISTE NYTT

Siste nytt