Hopp til innhold

Støre hardt ut mot FNs tryggingsråd – ber medlemslanda ta ansvar

USA og Russland byter på å legge ned veto mot krav om våpenkvile og humanitære pausar på Gazastripa. No er Noregs statsminister lei.

Årlig sikkerhetskonferanse i München

TRAGEDIE: Statsminister Jonas Gahr Støre kallar krigen i Gaza for ein tragedie. No ber han FNs vetoland om å bli einige om våpenkvile-krav.

Foto: Javad Parsa / NTB

Dette kan du lese om:

– Det pågår no ein brutal svolt, som WHO og Unicef påpeiker. Det er ein tragedie utan sidestykke som særleg rammar barn. Dette er ikkje noko som berre går over.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK. Han ber no vetolanda i Tryggingsrådet om å samle seg rundt eit krav om våpenkvile på Gazastripa.

øydelagde bygningar i ei gate med masse røyk

Krigen har kravd over 32.000 liv på palestinsk side, ifølge helsemyndigheitene på Gazastripa. 1100 på israelsk side.

Foto: AFP

Krigen er jamleg tema i FNs tryggingsråd, men det heile har blitt ein føreseieleg runddans.

USA som legg ned veto mot andre lands forslag til krav om våpenkvile og humanitære pausar, og Kina og Russland som legg ned veto mot USAs eigne forslag.

Avslaga blir grunngitt med usemjer i ordlyden og nyansar som manglar i forslaga, men stadig fleire meiner at det heile er eit politisk spel.

– At dei blokkerer kvarandre ved kvart høve, er veldig nedslåande, seier Støre.

USAs ambassadør til FN, Linda Thomas-Greenfield snakker med Israels ambassadør Gilad Erdan.

USAs ambassadør til FN Linda Thomas-Greenfield og Israels ambassadør Gilad Erdan etter ei stemmegiving i mars.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Ifølge FNs generalsekretær António Guterres er Tryggingsrådet i sin verste tilstand nokosinne.

Fram og tilbake

USAs utanriksminister Antony Blinken kallar Kina og Russlands siste nei for ei «kynisk» stemmegiving. Russland meiner at når USA gjer det same, handlar det om å kjøpe Israel tid i krigen.

– Det er fram og tilbake, mellom veto frå amerikanarane og veto frå andre makter. Eg meiner at dei må sjå det ansvaret dei har som tryggingsråd, seier Støre.

Rådets formål er å sikre internasjonal fred og tryggleik, og fem stormakter har veto. USA, Russland, Kina, Frankrike og Storbritannia.

– Ein klar bodskap til vetolanda

I starten av neste veke skal Tryggingsrådet på nytt stemme over ein resolusjon med krav om umiddelbar stans i krigshandlingane.

Det nye forslaget blir jobba fram av medlem som ikkje har vetorett. Det må vere ein klar bodskap til vetolanda om at dei no må strekke seg, seier Støre.

algerie i sikkerhetsrådet

Algerie fremma eit resolusjonsforslag om våpenkvile i Gaza i februar, som blei avvist av USA.

Foto: EDUARDO MUNOZ ALVAREZ / AFP

Ein FN-resolusjon er ein formell tekst, ei felles fråsegn, med mål om å påverke.

Men dersom Tryggingsrådet skulle bli einige og kreve at Israel og Hamas må legge ned våpena, er det ikkje følgeleg at det vil skje.

Støre meiner det likevel er viktig å få på plass eit slikt krav. Han fryktar særleg Israels varsla bakkeinvasjon av Rafah, sør på Gazastripa.

– Følgene av det vil bli ein ytterlegare humanitær katastrofe. Den bodskapen til Israel er klar, og det må Israel lytte til. Det må forsterkast av at Tryggingsrådet kjem ilag.

Les også Over ein million har flykta til Rafah

Paralysert av stormaktsinteresse

I fjor vedtok Tryggingsrådet 50 resolusjonar, så heilt håplaust er ikkje rådet, seier Niels Nagelhus Schia, leiar i Forskingsgruppa for tryggleik og forsvar ved Nupi.

Han meiner at Tryggingsrådet er ein viktig møtestad for stormaktene, og mogleg den einaste staden der krigen i Ukraina jamleg blir diskutert av medlemslanda, inkludert Russland.

Niels Nagelhus Schia

Niels Nagelhus Schia ved Nupi meiner at behovet for ei reform av FN er sterkt, men viser til at ei reformendring uansett kan bli blokkert av dei fem vetolanda.

Foto: Nupi

– Det er eit svært viktig poeng i seg sjølv, at diplomatiet blir oppretthalde i vanskelege konfliktar.

Schia meiner derimot at rådet er handlingslamma når det gjeld å få på plass eit krav om stans i krigen på Gazastripa.

– Tryggingsrådet er handlingslamma og paralysert av stormaktsinteresse i verdas vanskelegaste konfliktar.

Ifølge seniorforskaren handlar USAs veto om forholdet til Israel, men viser også til spenninga mellom USA og Russland.

– Det er ikkje utenkeleg at Russland kan ha interesse av å sabotere i Tryggingsrådet.

sikkerhetsrådet som stemmer. fleire hevar handa si

Tryggingsrådet gir ikkje opp. Neste veke skal dei nok ein gong stemme over ein resolusjon med krav om våpenkvile i Gaza.

Foto: EDUARDO MUNOZ ALVAREZ / AFP

Kan svekke rådets legitimitet

Schia meiner at resolusjonar er viktige for historisk dokumentasjon for å vise kven som står på kva side.

– Men det er ikkje så kraftfullt som vi ønsker at det skal vere.

Schia fryktar at dersom Tryggingsrådet ofte står handlingslamma i saker om internasjonal fred, vil det svekke rådets legitimitet.

– Det er alvorleg. Rådet vil få mindre betydning. Land kan gå andre stader for å arbeide med fred og tryggleik.

Høyr Utanriksredaksjonens podkast:

SISTE NYTT

Siste nytt