Hopp til innhold

Norsk diplomat saksøkt av 100 israelarar

Offer etter Hamas sitt terrorangrep meiner FN-representantar bidrog til organisasjonen sine militære operasjonar. – Får alvorlege konsekvensar, seier den norske diplomaten.

FNs midla skal ha havna i fanget til Hamas, meina israelere som har saksøkt UNRWA. Her er FNs hovudkvarter i New York.

FN-pengar skal ha hamna i fanget til Hamas, meiner israelarar som har saksøkt UNRWA. Her er FNs hovudkvarter i New York.

Foto: Eduardo Munoz / Reuters

Ein vart halden som gissel av Hamas inne i Gaza. Fleire av dei overlevde angrepet 7. oktober.

Til saman har 100 israelarar no saksøkt FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA). Dei meiner organisasjonen gjorde angrepet mogleg.

Søksmålet vart sendt til ein føderal domstol i New York måndag, skriv The New York Times.

– Desse forsøka på å svekke UNRWA får alvorlege konsekvensar, seier den norske diplomaten Leni Stenseth.

Ho var nestleiar i organisasjonen frå 2020 til 2023, og er blant dei sju noverande og tidlegare topprepresentantane i UNRWA som er saksøkte.

– Ikkje berre for dei inne i Gaza som får naudhjelp frå organisasjonen no, men også for dei mellom tre og fire millionane palestinske flyktningane i regionen som får bistand og helsehjelp frå dei, seier Stenseth.

Den norske diplomaten Leni Stenseth er skulda i søksmålet mot UNRWA. – Det er viktig å få fram at dette søksmålet ikkje er ei enkeltståande hending, seier Stenseth.

Den norske diplomaten Leni Stenseth er skulda i søksmålet mot UNRWA. – Det er viktig å få fram at dette søksmålet ikkje er ei enkeltståande hending, seier Stenseth.

Foto: Røde Kors

– Vil svekke UNRWA

Stenseth meiner søksmålet er ein politisk motivert kampanje som har som mål å svekke UNRWA, og understrekar at det ikkje er noko hald i påstandane.

– Det er viktig å få fram at dette søksmålet ikkje er ei enkeltståande hending, seier ho og siktar til andre søksmål mot UNRWA.

– Dette er ein organisasjon som har eksistert i 75 år med eitt mellombels mandat: å gi bistand og grunnleggjande helsetenester så lenge israelsk okkupasjon av palestinske område held fram. Det mandatet har vorte fornya kvart tredje år sidan 1949. På den måten er UNRWA ein del av det politiske spelet i konflikten, seier Stenseth.

Ein gut og sykkelen over ruinane etter UNRWAs hovudkvarter i Gaza denne veka.

Ein gut med ein sykkelen går over ruinane etter UNRWAs hovudkvarter i Gaza denne veka.

Foto: Omar AL-QATTAA / AFP

Leni Stenseth slutta i UNRWA rett før angrepet 7. oktober for å starte i si noverande stilling som ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet.

Pengar frå Manhattan til Midtausten

I fleire år har UNRWA sendt fleire millionar amerikanske dollar i månaden frå New York til Gazastripa.

Dei har gått til å lønne tilsette og støtte sjukehus, skular og annan infrastruktur.

Asma-skulen i Gaza by blei finansiert av UNRWA og ble bomba natt til i dag.

Asma-skulen i Gaza by blei finansiert av UNRWA og vart bomba natt til i dag.

Foto: Omar AL-QATTAA / AFP

Påstanden i søksmålet er at UNRWA-tilsette inne i Gaza har veksla lønna si, betalt ut i dollar, til israelske shekel med pengevekslarar som var knytte til Hamas.

Pengevekslarane skal ha teke ein del av midla og brukt dei til å finansiere sine militære operasjonar.

Eit matsenter i Jabalia styrt av UNRWA

UNRWA bidreg med blant anna mat og medisin til dei mange palestinarane som er på flukt i Gaza. G7-landa meiner at denne støtta må få sleppe til utan hindringar.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Påstanden er at dei UNRWA-tilsette var klare over at Hamas fekk tak i over 10 milliardar UNRWA-kroner og brukte dei til å betale for utstyr til tunnelar og våpen.

Søksmålet gjer ikkje greie for korleis dei kan bevise at pengane vart brukte til å finansiere angrepet 7. oktober.

Det finst heller ingen detaljar som støttar påstanden om at Hamas kontrollerer valutavekslinga i Gaza, skriv New York Times.

– Vi tek sterk avstand frå angrepet på UNRWA og deira tilsette, inkludert den norske diplomaten som har vore nestleiar i organisasjonen, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap) tar sterk avstand fra angrepet på UNRWA og deres ansatte, inkludert den norske diplomaten.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) tar sterk avstand frå angrepet på UNRWA og deira tilsette, inkludert den norske diplomaten.

Foto: Hanna Johre / Hanna Johre

– Skuldingane mot enkeltindivid finn stad samstundes som UNRWA vert utsette for ein politisk motivert kampanje, som har som mål å svekke organisasjonen, seier Barth Eide.

Ikkje første søksmål mot UNRWA

UNRWA har vorte saksøkte fleire gongar sidan angrepet 7. oktober.

I januar stansa åtte land bistanden til organisasjonen etter at Israel påstod at 450 av 13 000 UNRWA-tilsette var knytte til Hamas, og at 19 av dei deltok i terrorangrepet.

Dei fleste landa tok opp att støtta etter at den første påstanden vart avvist av ein uavhengig granskingskomité.

Israel Palestinians UN Agency

Ein uavhengig granskingskomité fann ingen bevis frå Israel på at UNRWA-tilsette er kopla til terror. Men dei meiner at fleire UNRWA-tilsette i posisjonar «med påverknadskraft» er for tydelege om sine politiske meiningar.

Foto: Mohammad Zaatari / AP

Det interne granskingsorganet OIOS undersøker framleis den andre.

Men framleis er organisasjonen i ei djup økonomisk krise.

Seinast i går gjekk UNRWA-leiar Philip Lazzarini, som også vart saksøkt på måndag, ut med ei bøn til verdssamfunnet:

– Israel har lenge vore kritiske til vårt mandat. No prøver dei å stoppe UNRWA sine operasjonar og fjerne statusen som FN-organ, ein status som vert støtta av eit overveldande fleirtal av medlemsstatane.

Philippe Lazzarini er sjef for FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA).

Philippe Lazzarini er sjef for FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA).

Foto: Reuters

Også Noregs utanriksminister Espen Barth Eide har oppmoda verda om å støtte UNRWA.

Då Lazzarini besøkte Oslo sist veke, kunngjorde regjeringa at Noreg aukar støtta med 100 millionar kroner.

Det kjem i tillegg til støtta på 275 millionar kroner som Noreg allereie har gitt i år.

Pressekonferanse om Norges støtte til UNRWA i førre veke, med untanriksminister Espen Barth Eide (AP), UNRWA-sjef Philippe Lazzarini og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp).

Pressekonferanse om Noregs støtte til UNRWA i førre veke, med utanriksminister Espen Barth Eide (AP), UNRWA-sjef Philippe Lazzarini og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp).

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Fleire juridiske hinder

Juliette Touma, ein talsperson for UNRWA, sa på måndag FN-representantar på eit visst nivå får immunitet frå juridiske prosessar. Det gjeld også dei som jobbar for UNRWA.

Det kan vere første hinder for dei israelske saksøkarane.

Dei har prøvd å kome seg rundt det ved å saksøke UNRWA-representantane i ein amerikansk føderal domstol. Det er fordi dei har eit kontor i New York og har samla inn pengar der og brukt bankar i byen, skriv The New York Times.

Advokatane som fører søksmålet seier også at dei såkalla Alien Tort-vedtektene opnar for at ikkje-amerikanarar kan saksøke i slike domstolar.

SISTE NYTT

Siste nytt