Hopp til innhold

Gaddafi vil «spare» Benghazi likevel

Den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi vil likevel ikkje bombe Benghazi. Det gjer han som «ein humanitær gest», ifølgje seg sjølv.

Opprørarar i Benghazi som ikkje er redde

Gaddafi meiner at folket i Benghazi er redde for det som skal skje.

Foto: PATRICK BAZ / Afp

Gaddafi endrar planen om å knuse all motstand frå opprørarane, som han lovde tidlegare torsdag kveld.

Ein av sønene til Gaddafi ringte til CNN for å meddele endringa, ifølgje CNN-reportar Nic Robertson.

– Eg mottok nettopp ein telefonsamtale frå Saif, ein av sønene til Gaddafi. Dette er beskjeden han gav meg frå den libyske leiinga, seier reportaren frå Tripoli.

– Han sa at dei skulle endre taktikken rundt Benghazi, og at hæren ikkje skal gå inn der. Hæren vil heller gå i posisjon rundt byen, seier han.

Meldinga kjem like etter at Tryggingsrådet i FN har stemt for ein resolusjon som opnar for angrep mot Libya . Franske diplomatar har sagt at eit angrep kan starte på kort tid. Ifølgje Saif al-Islam har dette ikkje noko med taktikk-endringa å gjere.

– Grunnen han gav var at dei venta ei humanitær folkevandring. Dei venta at folk skulle vere redde for det som var på veg, og at hæren no er der for å hjelpe dei å komme seg ut, forklarar CNN-reportaren.

Han seier også at han fekk denne beskjeden kort tid før Tryggingsrådet stemte over resolusjonen.

Gaddafi lovde tidlegare torsdag kveld at han ikkje ville vise nåde med opprørarane i Benghazi. Han sa då til troppane sine at «Vi skal jage desse svikarane ut av Benghazi. Øydelegg fortet deira. Vis inga nåde. Verda må sjå Benghazi bli frigjord.»

SISTE NYTT

Siste nytt