Hopp til innhold

Eksplosjonar og skyting i Benghazi

Det blir seint torsdag kveld meldt om kraftige eksplosjonar og skyting i den opprørarstyrte byen Benghazi i Libya. Dette kan vere angrepet Muammar Gaddafi varsla tidlegare på kvelden.

Ein engasjert Muammar al-Gaddafi

- Vi kjem ikkje vil å vise nåde, seier Muammar Gaddafi.

Foto: REUTERS TV / Reuters

- Vi kjem til å gå til angrep på Benghazi i løpet av kvelden, og vi kjem ikkje til å vise nåde, sa Muammar Gaddafi i ein radiotale i kveld. Opprørsradioen oppmodar til kamp mot angriparane.

Den libyske herskaren, som har vore ved makta sidan han tok makta i eit militærkupp i 1969, seier at menneske utan våpen ikkje har noko å frykte frå dei liyske regjeringsstyrkane.

Mange har flykta frå den opprørarhaldne byen Benghazi.

Mange har i løpet av dagen pakka ned alt dei eig og flykta frå Benghazi.

Foto: PATRICK BAZ / Afp

- Men alle hus vil bli ransaka, sa han i talen.

Opprørarane sin radiostasjon i Benghazi oppmodar alle til å bemanne sine posisjonar og kjempe mot Gaddafi-hæren.

Opnar for angrep mot Libya

Dette skjer samstundes med at arbeidet med ein FN-resolusjon om Libya går føre seg for fullt i Tryggingsrådet i FN. I tekstforslaget, som blir teke opp til avrøysting i kveld, blir det opna for at det internasjonale samfunnet kan innføre ei flyforbodssone over Libya, og andre tiltak som kan verne dei sivile innbyggjarane i landet.

Tidlegare i kveld trua den libyske forsvarsministeren med å angripe sivil skips- og lufttrafikk dersom utanlandske styrkar går til angrep mot Libya.

Ei kjelde ved den franske FN-delegasjonen seier til nyheistbyrået AFP at dersom resolusjonen blir vedteken i kveld, kan dei første bombeangrepa mot mål i Libya skje alt i natt eller i løpet av fredag.

Følg møtet i Tryggingsrådet direkte frå kl. 22.45:

Video FNs sikkerhetsråd stemmer over Libya

- Vil jage svikarane

I talen sin i kveld gav Gaddafi soldatane sine ordre om at dei ikkje skal forfølgje opprørarar som frivillig legg ned våpena.

- Avgjerda er teken. Førebu dykk på at vi kjem i kveld. Vi skal jage svikarane frå Benghazi. Dei som overgir seg og legg ned våpena, vil bli sparte, sa ein kjensleladd Gaddafi i radiotalen i kveld.

Mustafa Abdel Jalil

Mustafa Abdel Jalil er leiar for det libyske opprørsrådet, som har base i Benghazi.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Leiaren for opprørsrådet i Libya, som har base i Benghazi, seier dei ikkje let seg skremme av truslane til Gaddafi, og at dei vil forsvare seg.

Mustafa Abdel Jalil ynskjer samstundes ein FN-resolusjon som kan stanse det han kallar folkemordet i Libya, velkomen. Han seier at opprørarane har kontroll over Ajdabiyah og dei andre byane i det austlege Libya.

Det statlege fjernsynet i Libya melder at regjeringsstyrkane no står i utkanten av Benghazi, og at dei har kontroll over byen Zuwaytinah. Men meldingane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Ein libysk regjeringstalsmann seier at FN-støtta militær aggresjon mot Libya vil vere både umoralsk og i strid med internasjonal lov. - Det er snakk om ein væpna oppstand, og alle land ville ha kjempa mot det, seier talsmannen.

LES OGSÅ: - Vil ta pause i angrepene

LES OGSÅ: - Gaddafis hevn blir ikke hyggelig

LES OGSÅ: - Ti timar på å hindre folkemord

LES OGSÅ: Slipper ikke inn i Libya

Benghazi er den nest største byen i Libya med rundt 700.000 innbyggjarar. Byen er den viktigaste maktbasen for opprørarane mot regimet til Muammar Gaddafi.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.