Hopp til innhold

FN: Flyforbodsone over Libya

Tryggingsrådet i FN opnar for militære angrep mot Libya for å stanse Gaddafi. Bombinga kan starte om nokre timar.

Colombia, Frankrike og Gabon stemte for

Colombia, Frankrike og Gabon var tre av dei ti landa som stemte for resolusjonen.

Foto: STAN HONDA / Afp

Ti av femten medlemsland i Tryggingsrådet i FN stemte for resolusjonen som opnar for flyforbodsone over Libya. Fem avstod frå å stemme, ingen stemte imot.

Resolusjonen opnar for bruk av «alle nødvendige middel» for å «gi vern til sivile og sivile område som blir truga av angrep».

Ifølgje resolusjonen kan «arabiske land og andre land» i samarbeid med FN no verne sivile libyarar. Men han opnar ikkje for at Libya kan bli okkupert av utanlandske styrkar.

Ein engasjert Muammar al-Gaddafi

Muammar al-Gaddafi slår hardt ned på opprørarane i landet.

Foto: REUTERS TV / Reuters
Frankrikes utenriksminister Alain Juppe

Frankrike og utanriksminister Alain Juppe stemte for resolusjonen.

Foto: JESSICA RINALDI / Reuters
Den amerikanske ambassadøren til FN, Susan Rice

Den amerikanske ambassadøren til FN, Susan Rice, på telefonen like før avstemminga.

Foto: STAN HONDA / Afp

Kan starte på få timar

Diplomatar har sagt at flyangrep frå ein koalisjon leidd av Storbritannia, Frankrike og USA kan vere på veg innan få timar, om Gaddafi ikkje trekk styrkane sine tilbake frå Benghazi.

– Så snart ein resolusjon er vedteken, kan ein operasjon starte på nokre timar, sa ei høgtståande anonym fransk kjelde til AFP før avstemminga.

Den franske utanriksministeren Alain Juppe seier verda no var nøydde å støtte folket i Libya, som starta opprør mot regimet på same måte som fleire andre land i Nord-Afrika.

– Vi opplever ein av dei største revolusjonane i historia, som kan endre framtida. I Nord-Afrika og Persia-gulfen krev det arabiske folket fred, seier han.

Italia seier dei no er klare til å låne ut sine flybasar for ein militær operasjon, ifølgje Reuters.

Feiring i Benghazi

Frankrike, Storbritannia og USA var pådrivarar for å få verdssamfunnet med på eit flyforbod som kan stanse angrep mot sivile i landet.

– Eit flyforbod er nødvendig for å unngå eit enda meir omfattande blodbad, og for å stanse det som skjer i Libya, seier den britiske utanriksministeren William Hague.

Han lovar at Storbritannia vil ta på seg sin del av ansvaret som no ligg på FN for å fri det libyske folket.

Opprørarane i Benghazi feirte resolusjonen ved å sende opp fyrverkeri, skyte i lufta og rope «Gud er størst, Gud er størst».

Tidlegare torsdag kveld har Muammar al-Gaddafi sett fart på angrepet mot Benghazi, der opprørarane har hatt kontroll.

Resolusjonen fører også til at libyske fly blir nekta å ta av, lande eller fly over territoriet til andre FN-land.

Feiring i gatene i Benghazi

Folk feirar i gatene i Benghazi sjølv om Gaddafi har sagt at han har sendt styrkane sine dit, og at han vil vere nådelaus mot opprørarar.

Foto: PATRICK BAZ / Afp

Arabiske land blir med

Tryggingsrådet skulle etter planen stemme over resolusjonen klokka 23, men først like før 23.30 vart medlemslanda samla for å stemme.

Qatar og Dei sameinte arabiske emiratane seier dei vil delta i ein internasjonal operasjon for å bombe styrkane til Gaddafi.

– Vi vil delta. Det er stadfesta i Tryggingsrådet, seier ein diplomat til AFP på vegner av begge landa. Han ønskjer ikkje å bli namngitt.

Støre positiv til vedtaket

Like før resolusjonen vart vedteken, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB at eit vedtak av resolusjonen ville vere positivt.

– Resolusjonen gjer det Noreg har vore opptekne av, nemleg å sikre at bruk av makt er tufta i FN og har ei klar kopling til Den arabiske liga og på den måten nabolanda til Libya, sa han.

Ifølgje utanriksministeren er vern av sivile libyarar det overordna målet.

– Men det er aldri lett å gjennomføre ein militæroperasjon på denne måten, sa han.

Libya: – Oppfordring til drap

Libya meiner vedtaket frå FN kan truge samhaldet i landet, og at det er ei oppfordring til folket om å drepe kvarandre.

– Denne resolusjonen viser ei aggressiv haldning til ein del av det internasjonale samfunnet. Samhaldet og stabiliteten i Libya blir truga av denne resolusjonen, seier viseutanriksminister Khaled Kaaim til nyheitsbyrået AFP.

Han meiner Frankrike, Storbritannia og USA fekk viljen sin i Tryggingsrådet, og at dei ønskte dette fordi dei vil dele opp Libya.

SISTE NYTT

Siste nytt