Hopp til innhold

Tilsette skal ha måtte lappe saman dokument Trump øydela

Manglande arkivering og president Donald Trumps private makuleringsvanar skaper hovudbry for amerikanske historikarar. No fryktar enkelte at presidentperioden skal etterlate seg hol i historia.

Ansatte i Det hvite hus venter på at kasser med dokumenter skal kjøres bort.

Fleire kasser med dokument blei køyrd bort frå Det kvite huset torsdag. Men historikarar fryktar arkivet skal vere ufullstendig og at Trumps presidentperiode skal etterlate seg eit historisk hol.

Foto: Gerald Herbert / AP

Kort tid etter at Donald Trump flytta inn i Det kvite huset, måtte dei tilsette be han om å slutte å rive sund og kaste dokument. Dei måtte forklare at dokumenta skulle takast vare på for ettertida.

– Sjefen min kom til meg og bad meg lappe saman dokument, seier tidlegare arkivar i Det kvite huset, Solomon Lartey, til nyheitsbyrået AP, ifølge The Guardian.

Dokumentet han blei sett til å teipe saman var eit brev frå Demokratanes leiar i Senatet, Chuck Schumer.

Men Trump ønskte ikkje å endre vaner, og heldt fram med å makulere dokumenta.

Difor skal rundt ti tilsette ha fått i oppdrag å leite fram og lappe saman dei øydelagde dokumenta med tape. Dette skal dei ha gjort minst til midten av 2018.

Avviste hemmeleghald

Trump skal også ha inndrege notata ein tolk gjorde under eit møte han hadde med Russlands president Vladimir Putin, skriv AP.

Washington Post skreiv i 2019 at Trump bevisst hadde prøvd å hindre nære tilsette i å få innsyn i kva han og Putin hadde snakka om i møta sine.

Det blei også peika på at det mangla detaljerte referat frå møta mellom dei to.

Vladimir Putin og Donald Trump

Etter at han blei president, hadde Trump fleire møte og telefonsamtalar med Russlands president Vladimir Putin. Trump har fått kritikk for at det manglar detaljerte referat frå samtalane mellom dei to.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Men Trump nekta for at han hadde halde tilbake informasjon.

– Eg held ikkje noko tilbake. Det kunne ikkje brydd meg mindre å dele. Det er så latterleg, sa han til Fox News.

Tidlegare rådgjevar i Det kvite huset, Don McGahn, skal ifølge AP sendt ut to notat i 2017 der han bad tilsette ikkje bruke uoffisielle tekstmeldingsprogram og private e-postkontoar i arbeidet.

Blant dei som skal ha brukt privat e-post på jobb, var presidentdottera Ivanka Trump.

Fryktar historiske hol

Trump har vore innblanda i fleire kontroversielle saker i løpet av dei fire åra han har vore president med blant anna russisk innblanding i 2016-valet, riksrettssaker og påstandar om valfusk då Joe Biden vann presidentvalet i fjor.

– Arkivering har ikkje vore ei prioritert oppgåve for Trump i Det kvite huset. Vi har også fleire eksempel på at dei prøver å dekke over eller øydelegge dokument, seier historikaren Richard Immerman til AP.

Ansatt i det amerikanske nasjonalarkivet henter ut en stor hammer med Trump inngravert fra Det hvite hus.

Ein tilsett i det amerikanske nasjonalarkivet har henta ut ein stor hammer som har «Trump» inngravert frå Det kvite huset.

Foto: ERIN SCOTT / Reuters

Det amerikanske nasjonalarkivet og fleire organisasjonar fryktar no at viktig informasjon skal gå tapt.

– Eg trur vi vil sjå at det er store historiske hol i denne presidentperioden fordi eg fryktar at dei ikkje har følgd dokumentlova, seier advokaten Anne Weisman, som representerer organisasjonane, til AP.

Arkivet til den amerikanske presidenten blei sett på som hans personlege eigedom fram til 1978. Då vedtok Kongressen ei ny lov fordi dei frykta Richard Nixon skulle øydelegge bevis frå Watergate-saka.

Sidan då har dette blitt sett på som noko det amerikanske folket eig.

SISTE NYTT

Siste nytt