Hopp til innhold

Fryktar at «asylflya» styrkar omstridde Rwanda

Ein fengsla Hollywood-kjendis. Mystiske drap på regimekritikarar. Og årelang nabokrangel med Kongo. Rwanda blir kritisert for mykje, og difor kan «asylavtaler» med Europa vere kjekke å ha.

wfvFKVZVf3M

STANSA: Det omstridde flyet står klart, men er førebels stansa mens ein ventar på nye rettsprosessar.

Foto: HANNAH MCKAY / Reuters

Onsdag denne veka klumpa tusenvis av illsinte kongolesarar seg saman ved ein av grensepostane til nabolandet Rwanda.

Dei ropte slagord og hytta med nevane i retning austover. Mot nabolandet Rwanda.

Nok ei gong er det bråk mellom Den demokratiske republikken Kongo og Rwanda. Og nok ei gong kjem det krasse skuldingar mot Rwandas president, Paul Kagame.

SSEVD2VkTqg

Ein av fleire tusen som hadde møtt opp då det vart arrangert demonstrasjon mot Rwanda i Goma i Aust-Kongo denne veka.

Foto: MICHEL LUNANGA / AFP

For sjølv om Kagame blir omtalt som både visjonær og handlekraftig, så manglar det ikkje på røyster som åtvarar mot å bli for naive i møte med den erfarne presidenten.

Raseriet i Kongo handlar om rykta om at rwandiske soldatar bidreg til bråk i Aust-Kongo. At Rwanda også er skulda for å støtte brutale opprørsgrupper inne i Kongo gjer demonstrantane endå sintare.

– Rwanda har angripe oss i 20 år no. I dag ber me folket om å vere på vakt, og at me alle står opp for landet vårt og militæret vårt, sa Chance Makale, ein av demonstrantane, til AfricaNews.com.

Kort fortalt: Rwanda blir skulda for å støtte opprørsgrupper i Kongo. I 1994 flykta mange av dei ansvarlege for folkemordet i Rwanda inn i Aust-Kongo. Der har konfliktane frå 90-talet levd vidare, og i tillegg har nye konfliktar har dukka opp.

Rwanda er skulda for å spele ei sentral rolle i konfliktane, men landet meiner sjølv at dei ikkje gjer noko gale, og at eventuell militær aktivitet handlar om å beskytte sitt eige territorium.

Xyk1TpGQNao

Det har vore uroleg i grensebyane på kongolesisk side av grensa mellom Rwanda og Den demokratiske republikken Kongo.

Foto: Moses Sawasawa / AP

Frå kritikk til samarbeid

På grunn av dei ferske skuldingane er Rwanda meir upopulær enn på lenge i Kongo.

Men i Storbritannia er regjeringa meir vennleg innstilt til Rwanda. I alle fall no.

Storbritannia og Rwanda har klart å finne saman i spørsmålet om korleis ein kan stanse migrantar som kjem over Den engelske kanal.

Løysinga er det Rwanda som tilbyr. Det vesle sentralafrikanske landet står klare med fine hotellrom og vil huse folk som ventar på svar på sine asylsøknader. Får dei asyl, skal dei etter planen få opphald i Rwanda. Dette går Rwanda med på mot betaling, sjølvsagt.

Avtalen har vore omstridd også i Storbritannia, og har fått kritikk og er blitt forsøkt stoppa av britiske organisasjonar. Måndag valde regjeringa likevel å gi grønt lys, og sa at dei 130 første asylsøkarane skulle reise med det første flyet dagen etter.

Men rett før avgang sette Den europeiske menneskerettsdomstolen ned foten, og stoppa flyginga. Det er uvisst når flygingane kan starte igjen.

rHnIAxECPng

Dette hotellet er eit av dei som etter planen skal ta mot asylsøkjarar som ventar på svar på sine søknader om asyl i Storbritannia.

Foto: JEAN BIZIMANA / Reuters

Også Danmark vil ha eit liknande samarbeid med Rwanda. Og i Noreg har Framstegspartiet teke til orde for det same.

Les også Asylsøkerfly til Rwanda stanset

First Rwanda deportation flight set to leave Britain

– Asylavtalen er ei «velsigning» for Rwanda

Avtalen har ført til mykje kritikk mot Storbritannia. Men saka virvlar også opp kritikk rundt regimet i Rwanda.

For det er ikkje berre frå Kongo kritikken kjem. Det er ikkje mangel på oppsiktsvekkande skuldingar mot det rwandiske regimet.

«Avtalen mellom London og Kigali er ein del av presidentens kampanje for å polere sitt internasjonale renommé», skriv Michaela Wrong i eit lesarinnlegg i Financial Times.

Ho er ein tidlegare journalist, og no forfattar, som har brukt fleire år på å skrive boka «Do not disturb». Der fortel ho korleis Rwanda rekrutterer agentar rundt om i verda for å spore opp og drepe regimekritikarar som har flytta utanlands.

0_dShG1NpI4

Omstridd president. Paul Kagame vart helt då han jaga ut dei som utførte folkemord i Rwanda. Men han blir også kritisert for å vere autoritær.

Foto: SIMON WOHLFAHRT / AFP

Også andre som følger med på Rwanda meiner at eit samarbeidet med Storbritannia er gunstig for Rwanda.

– Det handlar i høg grad om å få ein eller annan form for internasjonal anerkjenning. Fordi Rwanda har problem med mellom anna menneskerettar og ytringsfridomen, og det har starta å kome kritikk av landets leiarskap, seier Simon Turner til danske DR.

Han er professor ved Lunds universitet. Turner viser til at Storbritannia er eit av landa som dei siste åra har blitt meir skeptiske til regimet i Rwanda, og at dei har redusert si støtte til landet på grunn av all menneskerettskritikken.

– Men med ei gong dei inngår ein avtale som dette, så gjer dei seg avhengige av Rwanda. Og då er det litt vanskeleg å komme med ein peikefinger seinare, seier Turner, som legg til at dette også er eit av måla som Rwanda har med avtalen.

Mystiske dødsfall blant Kagames kritikarar

Året er 2013, og det er berre timar att til kalenderen viser 2014. PÅ eit hotellrom i Sør-Afrika blir Rwandas tidlegare etterretningssjef, Patrick Karegeya, funnen drepen.

Han hadde hoppa av regimet, kritisert presidenten, flykta frå Rwanda, og søkt tilflukt i Sør-Afrika.

Mange mistenkte at Rwanda stod bak drapet ved å engasjere ein hemmeleg agent som først vann tilliten til Karegeya, og seinare utnytta tilliten ved å drepe regimeavhopparen.

Ingen er dømde for å stå bak drapet, og president i Rwanda, Paul Kagame, nektar for at hans folk stod bak drapet då han vart spurt av journalistar. Men han la til at han gjerne skulle sett at det var hans folk som hadde utført drapet.

Q7-R9e1DQpk

Patrick Karegeya vart drepen, men av kven? Desse demonstrantane meiner at regimet til president Paul Kagame står bak.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Seinare kom Kagame med nye utsegn, som kritikarane hans meiner berre styrkar mistankane om at Kagame hadde ein finger med i spelet då Karegeya vart drepen.

– Alle som svik dette landet skal betale prisen. Det lovar eg dykk, sa han til ei lita gruppe menneske som han møtte på ein bønnefrukost kort tid etter drapet.

Karegeya er langt frå den einaste rwandiske regimekritikaren som har døydd på mystisk vis.

  • Forretningsmannen Revocant Karemangingo vart drepen i Mosambik i 2021.
  • I same land og same år vart også journalisten Ntamuhanga Cassien drepen.
  • I Sør-Afrika i 2021 vart opposisjonspolitikar Abdallah Seif Bamporiki drepen.
  • Sanger og regimekritikar Kizito Mihigo vart funnen hengd i 2020, berre dagar etter at han sa til Human Rights Watch at han hadde motteke trugslar.
  • 2016 var siste året aktivisten Illuminee Iragena vart sett. Det er frykt for at ho vart bortført mot sin vilje.

Og lista kunne vore mykje lengre.

«Hotel Rwanda»-stjerne er i fengsel

Andre regimekritikarar lever framleis, men har hamna i djup trøbbel. Ein av dei er Paul Rusesabagina. Han er mannen som redda mange hundre menneske fordi han lét dei søke tilflukt på hotellet hans under folkemordet i 1994. Seinare vart historia hans fortalt gjennom filmen «Hotel Rwanda».

No sit Rusesabagina i fengsel i Rwanda. Han vart ein fiende av regimet fordi han kritiserte president Kagame for å ha blitt for autoritær, og stifta sitt eige parti.

Då personar frå dette partiet utførte eit angrep i Rwanda, der ni menneske døde, så vart Rusesabagina etterlyst som terrorist.

Til slutt klarte ein rwandisk agent å lure han inn på eit fly. Rusesabagina trudde han skulle til Burundi, men flyet landa i nabolandet Rwanda. Sidan den gong har han vore fengsla.

For kort tid siden kom nyheten om at 67 år gamle Paul Rusesabagina, helten fra «Hotell Rwanda», er dømt for terror. Rusesabagina som var modellen til filmens hovedkarakter, reddet mange hundre liv under folkemordet på tutsier i Rwanda på 90-tallet. Dommen setter spørsmålstegn ved om heltebildet som har blitt tegnet av ham er riktig eller ikke. Gjest Vegard Tjørhom.

Høyr Oppdatert sin episode om Paul Rusesabagina

Lista over kritikarar av det rwandiske regimet er lang. Nokre av dei største er Amnesty og Human Rights Watch.

– Folk står ikkje fritt til å seie det dei ønskjer om det går mot regimets standpunkt eller det regimet sjølv har sagt, sa leiar for Human Rights Watch sitt kontor i Sentral-Afrika, Lewis Mudge, til Al Jazeera i april.

Rwanda avviser både denne og anna kritikk frå Human Rights Watch, ein organisasjon som dei meiner har lang erfaring med å komme med «løgnaktige skuldingar».

Les også Annerledeslandet Rwanda

TV-aksjonen frå Rwanda

Søppelplukking og tech-hub

Som ein kontrast til alle skuldingane som Rwanda får retta mot seg, så har landet klart å få massiv mediemerksemd til mange positive saker.

For regimet i landet har dei siste tiåra handla mykje om å ta landet inn i framtida, og bygge ein moderne stat som fungerer.

CJaoSW8IOg4

Rwanda er eit vakkert land, som mellom anna ønskjer å tiltrekke seg mange turistar.

Foto: JEAN BIZIMANA / Reuters

Og dette arbeidet har frå tid til annan ført til at Rwanda har klart å skape overskrifter som har gjort landet kjent for ganske så mykje anna enn berre folkemordet i 1994.

Martin Ødegaard jublar for eit mål, og på skuldra står det tydeleg Visit Rwanda.

Martin Ødegaard reklamerer stadig for Visit Rwanda, som ønskjer at turistar skal besøke landet.

Foto: DAN MULLAN / Reuters

Og no får landet nok ei gong merksemd i mediedekninga, og denne gongen som eit land som kjem med ei hjelpande hand til folk som håper på ei betre framtid.

– Me gjer dette av dei riktige årsakene. Me forstår at det kan vere motstand mot dette, men me ber om at denne planen blir gitt ein sjanse, fordi det er ei mogleg løysing, sa talsperson for Rwandas regjering, Yolande Makola, på ein pressekonferanse denne veka.

Foreløpig er flyet som skulle frakte dei første asylsøkjarane frå Storbritannia til Rwanda sett på vent. Den europeiske menneskerettsdomstolen har stilt krav om at rettssystemet må gjere seg heilt ferdige med saker som er meldt inn før flyet får ta av.

SISTE NYTT

Siste nytt