Hopp til innhold

Nye angrep mot Rafah: – Vi er ved eit kritisk punkt

Israelsk forsvar stadfester at dei utfører angrep måndag kveld.

Palestinarar evakuerer frå Rafah.

MÅ FLYKTE FRÅ TILFLUKTSOMRÅDE: Palestinarar på veg ut av Rafah sør på Gazastripa. Dei har fått beskjed frå det israelske forsvaret om å reise frå byen.

Foto: Reuters

Måndag ettermiddag vart det kjent at Hamas hadde godkjent eit forslag om våpenkvile.

Dette vart ikkje godkjent av Israel.

Forslaget skal ha vore ei omarbeidd utgåve frå Egypt, som Israel ikkje kan stå inne for.

Ifølge Reuters seier ein talsperson frå Israel at dei vil fortsette som planlagt i Gaza.

Nye angrep

Det kvite hus melder måndag kveld:

– Vi er ved eit kritisk punkt.

Samstundes stadfester Israels militære (IDF) «målretta angrep mot terrormål» i Rafah.

Palestinske militante seier dei svarar på angrepa med raketter frå Gaza mot Sderot sør i Israel, ifølge AFP.

Tidlegare måndag kom det inn melding om at Hamas hadde godkjent ei fredsavtale.

– Ismail Haniyeh, politisk leder i Hamas, hadde ein telefonsamtale med Qatars statsminister og egypts etterretningsminister, og informerte dei om Hamas godkjenning av deira forslag.

I morgontimane måndag gav Israel sivile i den austlege delen av Rafah beskjed om å forlate byen.

Timar seinare melder Hamas-tilknytt medium at IDF har starta eit luftangrep mot dei same områda.

Tidlegare i dag meldte den Hamas-tilknytt TV-kanalen al-Aqsa at det israelske forsvaret IDF er i gang med luftangrep mot dei same områda av byen.

Det er uklart hva som er årsaken bak røyken.

Det er uklart kva som er årsaka bak røyken.

IDF bad 100.000 innbyggarar reise til såkalla «utvida humanitære område» i Khan Younis, den største byen i sør i Gaza, og på ei lita kyststripe som IDF omtalar som eit trygt område.

Palestinere søker etter ofre i ruinene til et hus som ble ødelagt i et israelsk angrep i sentrum av Rafah på den sørlige Gazastripen 5. mai 2024

Palestinarar søker etter offer i ruinane til eit hus som blei øydelagt i eit israelsk angrep i sentrum av Rafah på den sørlege Gazastripa 5. mai 2024.

Foto: NTB / AFP

Ordren kom etter ei natt med kraftig bombing i Rafah der minst 22 menneske vart drepne, ifølge palestinske helsestyresmakter. Blant dei var åtte barn, melder Al Jazeera. Ifølge Reuters skal ein baby vere blant dei drepne.

Fleire palestinske familiar har no byrja å reise frå området, seier augevitne frå Rafah til Reuters.

Palestinarar sørgar etter at minst 16 vart drepne i israelske angrep i Rafah søndag 5. mai. No varslar IDF at sivile må evakuere frå austlege delar av byen.

Sørgande etter at minst 16 palestinarar vart drepne i israelske angrep mot Rafah natt til måndag.

Foto: Hatem Khaled / Reuters

Flyktninghjelpen: Uhyre dramatisk

Generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen fortel NRK at han har vore i kontakt med tilsette i Rafah heile måndagen. Dei har diskutert evakueringsordren frå IDF.

100.000 menneske har fått eit kart kor det er rødfarget dei områda dei kan flykte til.

Jan Egeland,

Jan Egeland.

Foto: Emilie Madi / Reuters

Egeland meiner ordren er lovstridig fordi dette er tvungen fordrivelse av menneske til område kor dei ikkje har bustad, ikkje vann – det ikkje er mogleg å få hjelp. Så dermed er det lovstridig.

– Korleis er forholda for hjelpearbeidarar i Rafah nå?

– Dei er veldig redde naturleg nok. Man vet jo ikkje om dette er den store bakkeinvasjonen som kan føre til eit blodbad, seier Egeland.

Faren for full invasjon i Rafah vil også paralysere det store hjelpearbeidet i Rafah området fordi begge grensepasseringane er no stengt, seier Egeland.

Egeland fortel at han har 50 kollegaer som gjør ein heroisk innsats i Rafah-området kor der er 1,3 – 1,4 millionar palestinarar som blei klemt saman der, seier Egeland.

– Dei vart fortalt at dette var det trygge området. Så angrepet må ikkje setjast ut i livet. Israel og Hamas har eit stort ansvar for å inngå ein våpenkvile kor også dei israelske gislane må bli sette fri, seier Egeland.

Planlagt invasjon

Israelske styresmakter har lenge sagt at dei planlegg ein invasjon av Rafah, der over ein million palestinarar lever under det som vert skildra som forferdelege forhold.

Israels forsvarsminister Yoav Gallant hinta søndag om at ein slik militæroperasjon i Rafah ville byrje innan kort tid.

Området IDF no går til angrep mot, inneheld ein viktig grenseovergang til Egypt. Dette er den einaste passasjen for naudhjelp inn til Gaza.

Måndag formiddag kjempa desperate palestinarar om forsyningane frå dei siste lastebilane med naudhjelp som slapp gjennom grenseovergangen Kerem Shalom før han vart stengt.

Søndag stengde Israel grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg på grensa mellom Israel, Egypt og Rafah. Overgangen er svært viktig for naudhjelp inn til befolkninga i Gaza.

– Farleg eskalering

– Handling i Rafah er naudsynt, sa Israels forsvarsminister Yoav Gallant måndag formiddag.

Natt til måndag gav han same beskjed til sin amerikanske kollega Lloyd Austin.

Gallant viser til forhandlingar om ei våpenkvile på Gaza som har gått føre seg i den egyptiske hovudstaden Kairo dei siste dagane, der lauslating av gislane har vore eit krav frå israelsk side.

Hamas nektar å gå med på lauslatinga om ikkje Israel lovar å trekke seg heilt ut av Gaza. Det er ikkje aktuelt for Israel. Statsminister Benjamin Netanyahu sa førre veke at ein invasjon av Rafah vil skje med eller utan ein avtale om våpenkvile.

Ein talsperson for Hamas, Sami Abu Zuhri, seier til Reuters at evakueringsordren er ei «farleg eskalering som vil få konsekvensar».

USA, Egypt og Qatar har lenge prøvd å få på plass ei våpenkvile mellom Hamas og Israel, nettopp for å unngå at Israel går inn i Rafah.

Forhandlingane i Kairo braut saman søndag, men skal starte opp igjen tysdag.

Flygeblad om evakuering vert slopne over Rafah.

Flygeblad frå IDF med beskjed om å evakuere. Desse skal ha vorte slopne over austlege Rafag ifølge palestinske rapportar, skriv den israelske journalisten Emanuel Fabian på X.

Foto: Emanuel Fabian

Utanriksminister Espen Barth Eide seier at han og resten av verda følger med på forhandlingane om våpenkvile no.

– Gaza er ei menneskeskapt katastrofe. Ord kan ikkje skildre lidingane og nauda dei 2,3 millionar innbyggarane har gått gjennom dei siste sju månadane, seier han i ei fråsegn.

FN åtvarar mot blodbad

Dette er den andre gongen palestinarar vert bedne om å evakuere til Khan Younis. Kort tid etter at krigen mellom Hamas og Israel braut ut i oktober i fjor, fekk innbyggarane nord på stripa beskjed om det same. Men allereie i desember gjennomførte Israel masseangrep frå luft og på bakken mot byen.

Nesten halvparten av befolkninga i Gaza er no stua saman i provisoriske teltleirar i Rafah. Over ein million menneske søker tilflukt der, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).

Ein teltleir i Rafah, sør på Gazastripa. Over ein million palestinarar bur nå i byen etter å ha vorte fordrivne frå andre delar av Gaza. No må dei reise nok ein gong.

FLEIRE MÅ FLYKTE IGJEN: Store delar av dei over ein million palestinarane som bur i Rafah har allereie flykta frå andre delar av Gaza. No må dei reise igjen.

Foto: AFP

Dei fleste har flykta frå andre plassar i Gaza i løpet av den sju månadar lange krigen.

FN har åtvara mot at ein israelsk bakkeinvasjon vil ende i eit blodbad for sivile.

FN sitt naudhjelpskontor (OCHA) opererer helseklinikkar, sentralar for matdistribusjon og senter for underernærte barn i Rafah. Naudhjelpsarbeidet vil kunne bryte fullstendig saman om Israel invaderer.

WHO har allereie laga ein plan for kva som må verte gjort om israelske styrker rykkjer inn.

Planen går mellom anna ut på å opprette feltsjukehus, men det vil ikkje vere nok til å hindre ein betydeleg auke i talet på døde.

Ordren kjem etter kraftig bombing

Innbyggarane i Rafah sa søndag til AFP at dei frykta at brot i forhandlingane om ei våpenkvile ville føre til meir vald i området.

Søndag kveld og natt til måndag eskalerte det.

Tre israelske soldatar vart drepne og ni såra då Hamas sende inn ti rakettdrivne granatar mot grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg mellom Israel, Egypt og Rafah. Dette skal ha gjort samtalane om våpenkvile på Gazastripa vanskelegare, ifølge ein egyptisk delegat til forhandlingane.

Til motsvar vart 22 palestinarar drepne i to israelske luftangrep mot to ulike stadar i Rafah natt til måndag.

I tillegg stengde IDF Kerem Shalom. Grenseovergangen speler ei viktig rolle for å få naudhjelp inn til Gaza, der millionar av palestinarar svelt etter sju månadar med krig.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
39.175
Siste uke:
256
Israel
1487
Sist oppdatert: 27.7.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

SISTE NYTT

Siste nytt