Hopp til innhold

Fransk innanriksminister: – Ein ny type angrep

– Det verkar som han blei radikalisert svært raskt, seier innanriksminister Bernard Cazeneuve om terrorangrepet i Nice der 84 blei drepne torsdag kveld.

Regjeringa i krisemøte etter Nice-angrep

Talsmann for regjeringa, Stephane Le Foll, president François Hollande, innanriksminister Bernard Cazeneuve og forsvarsminister Jean-Yves Le Drian på veg ut frå Elysee-palasset laurdag der dei har hatt eit krisemøte etter Nice-angrepet.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

– Personen som gjennomførte denne usle og uforståelege handlinga var ikkje kjend av etterretningstenesta, sa Cazeneuve etter at regjeringa i dag hadde hatt nok eit krisemøte i Paris.

Han fortel at gjerningsmannen Mohamed Laouaij Bouhlel ikkje har hatt kjente bindingar til radikal islam.

Kort tid etter angrepet fortalde naboar av gjerningsmannen om ein mann som ikkje viste mykje teikn til religiøsitet overhovudet, og det kunne verke som at han var ein «einsam ulv». Men fredag og laurdag har politiet arrestert fleire personar i Nice som skal vere knytt til Bouhlel. Og laurdag tok IS på seg skulda for angrepet.

Soldatar i franske gater

Soldatar har blitt eit vanleg syn i franske gater det siste året. Her utanfor eit kjøpesenter i Toulouse i desember 2015, frå Operation Sentinelle som blei innført etter angrepet på avisa Charlie Hebdo.

Foto: REMY GABALDA / Afp

Myndigheitene har fått kritikk for manglande tryggleik under feiringa av nasjonaldagen i Nice, noko Cazeneuve avviser. Han seier at denne typen angrep er svært vanskeleg å avdekke i forkant.

– I tillegg er metoden ny fordi han ikkje brukte tunge våpen, sjølv om han hadde eit handvåpen. Han brukte heller ikkje eksplosiv, og klarte likevel å utføre ei ekstremt valdeleg handling som har sjokkert det franske folk.

Cazeneuve seier at dette viser kor vanskeleg kampen mot terrorisme er, fordi dei er konfrontert av individ som er mottakelege for bodskapen til IS og som utfører ekstreme valdelege handlingar utan å nødvendigvis ha vore i kamp eller blitt trena, og som brukar våpen som ikkje er meint for masseangrep.

Forsvarsminister Yves Le Drian la til at dei vil oppretthalde styrken på 10.000 mann i den såkalla Sentinelle-operasjonen som starta i kjølvatnet av Charlie-Hebdo-angrepa og blei forsterka etter terrorangrepa i Paris i november, i tillegg til regulære tryggingsstyrker, «som skal sikre tryggleiken til franskmennene».

SISTE NYTT

Siste nytt