NRK Meny
Normal

Vil gjere Troll til internasjonal stasjon for klimaforsking

Den norske Troll-stasjonen i Antarktis er i ferd med å bli ein internasjonal forskingsstasjon, der det blant anna skal forskast på klimaforandringar. Finland og Sverige er alt på plass.

Video Vil gjøre Troll til internasjonal stasjon for klimaforskning

VIDEO: Reportasje frå Troll-stasjonen. Biletet er frå 2008, då Stoltenberg opna KSAT sin stasjon for nedhenting av satelittdata.

Ein hektisk sommarsesong i Antarktis går mot slutten. På Troll har sommaren vore prega av at Sverige og Finland for første gong har etablert seg med forskingsaktivitet på stasjonen, der klima - og polarforsking er hovudfokus.

Noko av det forskarane ønskjer å finne ut av, er korleis klimaendringane påverkar Antarktis.

Svenskane har sett opp ein radar og 60 antenner som skal brukast til luftmålingar.

– Vår eigen stasjon er berre i bruk om sommaren. For oss er det ein stor fordel å kunne gjere målingar heile året, seier Sheila Kirkwood, som er prosjektleiar for det svenske MARA-prosjektet.

– Dette er ein stor stasjon, og vi har også god nytte av kontakten med dei andre forskargruppene som er her, seier Kirkwood.

Internasjonal stasjon

Direktøren for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther, merkar aukande interesse for å setje i gang med aktivitet på stasjonen.

– Vi har heilårsdrift, vi har flystripe like ved stasjonen og vi har bygd opp ein solid infrastruktur. Mange land har teke kontakt for å høyre om dei kan drive forsking på Troll, seier Winther.

– For oss er dette viktig, for då får vi fullt utnytte infrastrukturen her, seier Winther. Eg ser for meg at Troll kan bli ein "hub" i Dronning Maud Land, slik Ny-Ålesund er på Svalbard - ein stad der fleire land driv med forsking og deler dei same fasilitetane. Troll bør utviklast til ein internasjonal forskningsstasjon, seier han.

– Men det spørst sjølvsagt ein er villig til å satse, legg han til. - Det som er sikkert, er at potensialet er stort. Eg trur bestemt at Troll kan bli attraktiv for mange.

Base for norsk forsking

Troll ligg i Dronning Maud Land, 235 kilometer innover frå havet - i 1 270 meters høgde.

Stasjonen har vore base for norsk forsking i Antarktis sidan 1990. Norsk Polarinstitutt har ansvar for drifta av stasjonen, og har ei rekkje forskingsprosjekt gåande. I 2005 opna Dronning Sonja Troll som heilårsstasjon.

I 2008 besøkte statsminister Jens Stoltenberg Troll, og opna KSAT sin stasjon for nedhenting av satellittdata, TrollSat. Også NILU (Norsk institutt for luftfforskning), Meteorologisk Institutt og NORSAR har aktivitet på Troll.

Fram til no har Noreg investert over 200 millionar kroner på og i tilknytning til stasjonen.

Bør satse meir i Antarktis

– Polarforsking er internasjonal forsking, og derfor er vi svært glade for at Sverige og Finland vil bruke Troll, seier Jan-Gunnar Winther.

Både finnane og svenskane sine prosjekt er knytte til klimaforsking. Finland forskar bl.a. på endringar i havnivået, og er i ferd med å setje opp eit gravimeter (blir brukt til å måle gravitasjon, journ. anm.) på Troll. Det er viktig at Noreg er i førarsetet når det gjeld polarforsking, seier Winther.

– Noreg er ein liten aktør i Antarktis, men fordi vi er ein polarnasjon synest eg vi bør kunne satse sterkare i Antarktis. Vi har mykje kompetanse frå nord som kan overførast til sør, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger