Hopp til innhold

Forfattar vitna om valdtektsskuldinga mot Trump: – Det hindra meg i å ha eit romantisk liv etterpå

Forfattaren og journalisten E. Jean Carroll vitna tysdag om detaljar frå prøverommet i ein butikk der Donald Trump skal ha valdteke henne.

Rettstegning av E. Jean Carroll

I retten på Manhattan fortalde forfattaren E. Jean Carroll om då ho trefte Donald Trump i undertøyavdelinga i eit stormagasin på Fifth Avenue i New York.

Illustrasjon: Elizabeth Williams / AP

– Eg er her fordi Donald Trump valdtok meg, sa Carroll (79) i rettssalen i New York onsdag.

Ho har gått til sivilt søksmål mot den tidlegare presidenten (76) for ærekrenking.

– Og når eg skreiv om det, laug han og sa at det ikkje skjedde. Han laug og øydela ryktet mitt. Eg er her for å prøve å få livet mitt tilbake, sa ho.

Saka gjeld ein valdtekt som skal ha funne stad på 90-talet, og det etterspelet skuldinga hennar har fått.

Ho meiner han ærekrenka henne etter at ho gjekk offentleg ut med historia fleire år seinare.

E. Jean Carroll ankommer rettsbygningen i New York tirsdag 25. april.

E. Jean Carroll vart møtt av demonstrantar og pressefolk då ho kom til rettsbygninga på Manhattan.

Foto: Seth Wenig / AP

Fortalde detaljar frå prøverommet

Under vitneforklaringa sa Carroll om eit tilfeldig møte med Trump på varemagasinet Bergdorf Goodman på Manhattan seint i 1995 eller tidleg i 1996. Møtet vart raskt valdeleg.

Ifølgje henne spurde Trump om råd då han skulle kjøpe dameundertøy som ei gåve. Han fekk henne inn i eit prøverom, der valdtekta skal ha skjedd.

– Medan eg sit her no, kan eg framleis kjenne det. Hendinga gjorde meg ute av stand til å ha eit romantisk liv nokon gong igjen, fortalde Carroll.

Ho sa og at ho klandra seg sjølv for det som skjedde. Ho frykta å få sparken eller gjengjeldingar frå Trump dersom ho melde han til politiet.

Avviser skuldingane

Torsdag er det venta at Trumps advokatar skal få stille Carroll spørsmål. Det er venta at dei mellom anna vil utfordre henne på at ho ikkje hugsar nøyaktig når overgrepet skal ha skjedd.

Saka er ein av fleire juridiske utfordringar Trump står overfor medan han på nytt prøver å bli president i 2024.

Trump var ikkje til stades i retten under Carrolls vitneforklaring onsdag. Han er ikkje pålagd å møte opp under rettssaka.

Trump har avvist skuldingane fleire gonger.

Onsdag omtalte han saka som «ei heksejakt» i sosiale medium, og spurde korleis nokon kunne tru at påstandane til Carroll er sanne.

– Skreik ho ikkje? Er det ingen vitne? Var det ingen som såg dette?, skreiv han.

Tidlegare har han sagt at han aldri har møtt E. Jean Carroll, og dessutan at han ikkje kan ha valdteke ho fordi ho ikkje er «hans type».

Les meir Rettssakene står i kø for Trump

Donald Trump alene på scenen

SISTE NYTT

Siste nytt