Hopp til innhold

Rekordmange på flukt: – Dette må bli ei alarmklokke

100 millionar menneske er på flukt i verda. Likevel ser FNs flyktningsjef også nokre positive teikn etter at Ukraina-krigen starta.

Ukrainske flyktningar står ved ein grensepost i Medyka ved den polsk-ukrainske grensa. Det er kveld, og mørk himmel. To kvinner står saman med to små barn, og to ungdommar. Dei har alle sekkar på ryggane og store jakker på seg. Bak dei kan ein sjå eit ukrainsk og eit polsk flagg.
Foto: WOJTEK RADWANSKI / AFP

– 100 millionar er eit grelt tal. Det er ein rekord som aldri burde eksistert, seier Filippo Grandi.

Han er leiar for FNs høgkommissær for flyktningar, som i dag legg fram nye tal over folk på flukt i verda. Dei oppdaterte tala omfattar både flyktningar, internt fordrivne, statslause og asylsøkjarar.

Ikkje berre Ukraina som er grunnen

100 millionar menneske er på flukt.

  • Det er Noregs innbyggartal gonger 18.
  • Det tilsvarer ein prosent av alle folk i verda.
  • Og om talet på flyktningar hadde vore innbyggartalet i eit land, så hadde det vore det 15. mest folkerike landet i verda.

I fleire år har talet på flyktningar i verda halde seg rundt 70-80 millionar. Men i år er det gjort eit solid hopp, og det er krigen i Ukraina som er hovudårsaka til det.

Samtidig er ikkje Ukraina den einaste konflikten som har ført folk på flukt det siste året: Krigen nord i Etiopia, forfølgde rohingyaar i Myanmar, Talibans retur til makta i Afghanistan, og terrorgrupper i Burkina Faso, Nigeria og Den demokratiske republikken Kongo.

Mange mennesker, både voknse og barn, har samlet seg. Det ser ut som at de venter på noe. Noen av dem holder flagg som viser at de er fra Tigray-regionen i Etiopia.

Flyktningar frå Tigray samlar seg til fest for å feire at det er 46 år sidan TPLF vart stifta. TPLF er eit parti og frigjeringsrørsle med base i regionen Tigray, som har hamna i konflikt med styresmaktene i Etiopia. Difor har mange frå Tigray flykta til Sudan.

Foto: HUSSEIN ERY / AFP

Sjefen for FNs flyktningarbeid meiner talet er ei påminning til verda om at det akkurat no er ekstra viktig å vere solidarisk for å klare å hjelpe flest mogleg.

– Dette må bli ei alarmklokke slik at destruktive konfliktar kan løysast og motarbeidast, at forfølging tek slutt, og at ein finn ei løysing på dei underliggande årsakene til at folk flyktar, seier Grandi.

Les også Norge vil hente 2500 flyktninger fra Moldova – bare 14 kommer

ukrainske flyktninger på vei fra Moldova

Ekstremvêr skaper også flukt

Konflikt er hovudårsaka til at folk flyktar, men også ekstremvêr kan tvinge folk bort frå heimane sine.

Berre dei siste dagane har hundrevis av sørafrikanarar blitt heimlause. Søraustlege delar av landet opplevde kraftig nedbør, slik dei også har gjort tidlegare i år, og dermed var det mange som måtte reise frå heimane sine. Det melder mellom anna den sørafrikanske avisa Mail & Guardian.

Sør-Afrika er ikkje åleine. Også i Kina, India og Filippinane har folk måtte reise frå heimane sine på grunn av ekstremvêr.

En gruppe mennesker, barn, kvinner og eldre, sitter i en buss. Det er blå gardiner langs vinduene, og menneskene ser bekymret ut.

Mange bussar har frakta folk frå Ukraina dei siste månadane. Krigen i Ukraina har skapt eit stort hopp i tal på flyktningar.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / AFP

I statistikken over flyktningar kan ein sjå at det i verda er snakk om fleire millionar som er flyktningar fordi heimane er øydelagd av ekstremvêr.

På slutten av 2021 var 5,9 millionar menneske registrerte som internt fordrivne flyktningar som følger av naturkatastrofar. Det viser tal frå Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC) sin ferske rapport som kom sist veke.

I motsetnad til dei som flyktar frå konflikt, så kan mange av dei som flyktar frå naturkatastrofar flytte tilbake igjen etter relativt kort tid. Men stadig fleire opplever å bli ramma av begge deler, altså både konflikt og naturkatastrofar. Dermed må dei også flykte fleire gonger.

– I stadig aukande grad går konflikt og naturkatastrofar hand i hand, seier Jan Egeland, som er generalsekretær i Flyktninghjelpen, som er tett samarbeidspartnar med IDMC.

Ein sørsudansk mann står med vatn til knea. Ved sida hans er ei hytte bygd av strå og pinner. Den er øydelagd, og umogleg å bu i fordi det er vatn til langt opp på veggen.

Ein flyktning frå Sør-Sudan innser at flaumen har øydelagd flyktningleiren i al-Qanaa, sør i Sudan. Biletet er frå september 2021, då mange hundre flyktningar måtte flykte vidare på grunn av dei store vassmengdene.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Også positive teikn: Verda kan mobilisere

Men sjølv om statistikken er dyster, så ser likevel leiaren for FNs flyktningarbeid noko som har vore positivt.

– Den internasjonale responsen til folk som har flykta frå krigen i Ukraina har vore overveldande positiv, seier Filippo Grandi.

Han meiner omverdas respons på det som har skjedd i Ukraina er bevis på at det framleis finst mykje omtanke i verda, og han etterlyser liknande mobilisering også til andre kriser rundt om i verda.

– Men til sjuande og sist, så er humanitær hjelp berre ei lindring, og ikkje nokon kur, seier Grandi.

Et dronebilde viser mange flyktningtelt rett ovenfra. Man ser de hvite og grønne takene, og gatene som snirkler seg mellom dem.

Enkelte flyktningleirar er massive, slik som Kutupalong-leiren i Myanmar,

Foto: AFP

I bistandssektoren har det vore enkelte stemmer som har vore uroa for at krigen i Ukraina kan skape problem for kriser andre stader i verda.

I ein rapport frå Redd Barna og Oxfam blir det vist til at fleire av dei største og rikaste landa i verda har brukt mykje ressursar på å nedkjempe koronaviruset, for deretter å dreie mykje av den humanitære hjelpa i retning Ukraina.

Organisasjonane skriv at løfter om bistand er trekt tilbake, og at dette har resultert i kraftig auke i utanlandsgjelda, og fare for økonomisk kollaps i fleire land.

Også den norske regjeringa må tole kritikk, mellom anna frå FN-sjef Antonio Guterres, etter at delar av bistandsbudsjettet vart omprioritert frå langvarige prosjekt, og over til å hjelpe ukrainske flyktningar som kjem til Noreg.

Les også Forskjellsbehandler Europa kristne og muslimske flyktninger?

Flyktninger

SISTE NYTT

Siste nytt