– Berre synet av regn gjer oss traumatiserte, seier 47 år gamle Sbongile Mjoka til nyheitsbyrået Reuters.
Ho bur i Sunshine Village, der bebuarane har opplevd alt anna enn solskin dei siste dagane. Det har hølja ned med regn over den sørafrikanske regionen KwaZulu-Natal.
Seks milliardar kroner er den førebelse prislappen på skadane flaumen har skapt i området rundt Durban.
Foto: MARCO LONGARI / AFPNokre stader er det målt heilt opp mot 311 millimeter på eit døgn, skriv South African Weather Service i ein rapport.
Til samanlikning er den norske nedbørsrekorden 229,6 millimeter i løpet av eit døgn. Det skjedde i 1940 i Indre Matre i Vestland.
Dei enorme nedbørsmengdene delar av Sør-Afrika har opplevd den siste tida er rundt 75 prosent av all nedbøren som vanlegvis kjem ned i løpet av eit heilt år.
Vatnet har ført til fleire jordskred, mangel på straum, øydelagde vegar og ureint drikkevatn.
Fleire peikar på klimaendringar som ei av forklaringane, og dei viser til anna forsking som er gjort i Sør-Afrika, og som viser at naturen er i endring.
Sardinsesongen har flytta på seg
Varmare overflatevatn fører til at sardinsesongen har kome stadig seinare utanfor Sør-Afrikas kyst. Det har forskarar frå University of the Witwaterstrand funne ut.

Epletrea blomstrar tidlegare
Dette biletet er frå Tyskland. Og både der og i Sør-Afrika har forskarar sett at epletrea blomstrar tidlegare enn før. Årsaken er varmare klima.

Også jacaranda-trea blomstrar tidlegare
Dei vakre og gjenkjennbare jacaranda-trea i Afrika blomstrar også tidlegare no enn før. Det har forskarar i Gauteng-provinsen i Sør-Afrika funne ut.

Jordsmonnet er heilt metta med vatn
No er det endringar i vêrmønsteret som får merksemd. At det er nedbør i april er ikkje uvanleg i KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Men årets haust – for i Sør-Afrika går det no mot vinter – har så langt vore ekstra blaut.
Over 440 personar er stadfesta døde. Mange tusen hus og heimar er øydelagde. Og fleire hundre er sakna.
Sbongile Mjoka, altså ho som synest regnvêret er traumatiserande, veit ikkje kor hennar åtte år gamle nevø er. Han er blant dei sakna. Og huset til Mjoka er også borte. Så det er kanskje ikkje så rart at synet er regnvêr er traumatisk.
Om ei veke kan det vere regnet kjem tilbake att. Då er det meldt nye regnskurar over Sør-Afrika. Denne gongen er ikkje nedbørsmengdene store, men dei kan likevel gjere skade, seier Puseletso Mofokeng, som jobbar ved South African Weather Service.
– Sidan jorda er overmetta med vatn kan me framleis få ein del flaum, seier han.
Konteinarane i denne konteinarhamna fekk store skader etter at flaumvatnet slo inn.
Ein likhund er med i søket etter døde, og aller helst overlevande, etter eit av dei mange jordrasa i Sør-Afrika.
Det er enorme skadar på vegar og anna infrastruktur. Prislappen er på minst seks milliardar så langt.
Ein bensinstasjon er ganske så øydelagd etter at flaumvatnet ramma også den.
Fryktar at dette berre vil skje oftare
– Me har sett tre alvorlege flaumar i Durban i løpet av dei siste ti åra. Betyr det at dette har samanheng med klimaendringar? Absolutt, seier Mary Galvin ved Universitetet i Johannesburg.
Sjølv om mangel på data langt bakover i tid, så er ho blant fleire som meiner at stadig meir ekstremvêr dei siste åra er eit resultat av klimaendringar.
Forklaringa er at havet utanfor sørspissen av Afrika er varmare, og dermed tek skyene opp meir vatn som igjen fører til større nedbørsmengder når skyene går inn over land og regnet skal ned på jorda.
Sør-Afrika sine naboland har også sett sterkare ekstremvêr komme inn frå Det indiske hav. Spesielt ille har det vore på Madagaskar og i Mosambik der dei to år på rad har opplevd kraftige syklonar.
- I mars døde over 50 personar etter at syklonen Gombe slo inn over Mosambik
- I januar i år døde over 92 personar av syklonen Batsirai på Madagaskar.
– Me kjenner no på korleis vêret påverkar oss ved å vere uføreseieleg, med meir ekstreme, meir alvorlege og hyppigare tilfelle av ekstremvêr, seier Galvin ved Universitetet i Johannesburg.
Samtidig som enorme regnmengder skaper flaum, så har Sør-Afrika også kjent på utfordringane som tørke skaper. Spesielt Cape Town opplevde alvorleg mangel på drikkevatn i 2018.
– Klimaspådommane og alle modellane som finst viser at våte område vil bli våtare, og tørre område vil bli tørrare, seier Galvin.
- LES OGSÅ:
Må finne ei løysing
Sør-Afrikas president, Cyril Ramaphosa, besøkte denne veka katastrofeområda aust i landet, og han fekk god utsikt til øydeleggingane da han vart frakta med helikopter over katastrofeområdet.






– Denne tragedien er del av klimaendringane, sa presidenten då han møtte dei som er hardast råka av flaumen. Han lova også pengestøtte.
Men sjølv om presidenten kom på besøk, så er kritikken hard mot styresmaktene i Sør-Afrika.
– Det som gjer meg sint er at slike situasjonar som dette alltid får lov til å skje. Alle våre eigendelar vert gong på gong øydelagd av gjentakande flaumar, og dette må styresmaktene gjere noko med. Det er aldri nokon som kjem med ein plan til korleis ein kan endre på dette, seier 53 år gamle Mlungeli Mkokelwa til Reuters.
Ifølgje nyheitsbyrået AFP er det enkelte som meiner at avløpssystemet kan vere i Durban er utdatert og for gamalt.
Området rundt Durban er fullt av kløfter, og det har gått fleire jordskred den siste tida.
Foto: MARCO LONGARI / AFPByplanleggar i Durban, Hope Magidimisha-Chipungu, seier til AFP at byen er bygd i eit område med mange åsar, juv og kløfter. Dette er ein type natur kor det er stor fare for jordskred.
– Om ikkje jordsmonnet er ordentleg stabilisert i åsane, så er det heilt tydeleg at me kjem til å ha fleire jordskred, seier Magidimisha-Chipungu.
Hendinga dei siste vekene har blåst nytt liv i klimadebatten i Sør-Afrika, og samtidig fått fleire til å etterlyse førebyggjande tiltak.
Ei av dei som etterlyser tiltak er Melissa Foruie, som er medlem i president Ramaphosa's klimakommisjon, og leiar for Centre for Environmental Rights.
– I Sør-Afrika snakkar me framleis som om det å gå frå fossil energi til andre alternativ er noko som er valfritt. Me er nøydde til å stanse å bruke fossil energi, og starte å førebu oss på å møte klimaendringane som me allereie no ser er i ferd med å utfolde seg, seier Melissa Fourie til Reuters.