Hopp til innhold

No får den lovgjevande forsamlinga laga lovar

Det regjerande militærrådet i Egypt har overført den lovgjevande makta i landet til den nye nasjonalforsamlinga. Heilt makteslause er militærgeneralane likevel ikkje.

Nasjonalforsamlingen i Egypt

Folkevalde representantar møter i nasjonalforsamlinga for første gong etter at eks-president Hosni Mubarak blei tvinga til å gå av i februar 2011.

Foto: Khaled Elfiqi / Ap

Det opplyser den egyptiske regjeringa på Facebook-sida si. Det er leiaren for militærrådet, Hussein Tantawi som i eit brev erklærer at dei folkevalde heretter har ansvaret for å laga lovar i Egypt.

Maktoverføringa skjedde måndag, då den islamist-dominerte nasjonalforsamlinga møttest for første gongen etter opprøret som starta i slutten av januar 2011.

Generalar med makt

Mange egyptarar ser på det folkevalde parlamentet som det første steget i retning av eit demokratisk styresett, i sterk kontrast til det førre lovgjevande organet dominert av partiet til eks-president Hosni Mubarak.

Den eksakte rolla til nasjonalforsamlinga er likevel uklar. Generalane som tok over etter Mubaraks fall i februar i fjor, har framleis mykje makt.

«Korleis kan me sverja eid når me ikkje eingong veit om landet får eit parlamentarisk eller presidensielt system?» spurde ein av dei folkevalde under den høgtidelege seremonien måndag.

Folk utanfor det egyptiske parlamentet

Mange hundre egyptarar møtte måndag opp utanfor parlamentet for å hylla dei folkevalde, og visa avsky mot militærrådet.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Islamistane i spissen

Valet på ei ny nasjonalforsamling har teke lang tid, og vart avslutta for to dagar sidan. Dei to største islamistpartia i landet gjorde stor suksess og kapra nesten tre fjerdedelar av dei 498 setene.

Hundrevis av islamistiske støttespelarar hylla dei folkevalde då dei gjekk inn til sitt første møte i parlamentet. Slike heidringar var utenkelege for berre eitt år sidan, då Mubaraks regime praktiserte eit forbod mot dei fleste islamistiske rørsler.

Aktivistane kom også med kritiske utrop mot generalane i landet. Mange egyptarar meiner dei militære leiarane tviheld på den politiske kontrollen i kulissane, og festar ikkje stor lit til lovnader om maktoverføring til sivile styresmakter så snart ein ny president er på plass etter valet i juni.

Mohamed Saad al-Katatni frå Den muslimske brorskapen blei utpeika til president for den folkevalde, lovgjevande forsamlinga.

– Revolusjonen held fram

Mohamed Saad al-Katatni

Mohamed Saad al-Katani frå Den muslimske brorskapen er utnemnd til leiar av det nye, folkevalde parlamentet i Egypt.

Foto: POOL / Reuters

– Me ønskjer å byggja eit nytt Egypt, eit konstitusjonelt, demokratisk og moderne Egypt, sa al-Katani då han blei sverja inn.

Katani høyrer til det tidlegare bannlyste Fridoms- og rettferdspartiet i Egypt, den politiske greina til Den muslimske brorskapen. Partiet blei den soleklare valvinnaren med heile 43 prosent av stemmene.

– Bodskapen vår til det egyptiske folket og til verda er at revolusjonen held fram, sa Katani til rungande applaus frå folkemassane.

SISTE NYTT

Siste nytt