Hopp til innhold

FN-rapport: Nord-Korea har truleg atomrakettar

Nord-Korea har no truleg klart å utvikle små atomstridshovud, som kan monterast på landets interkontinentale ballistiske missil, heiter det i ein ny FN-rapport.

Kim Jong-un fotografert 25. juli 2020

Nord-Korea held fram med å utvikle atomprogrammet sitt og har no truleg kapasitet til å feste atomstridshovud på interkontinentale missil, er slutninga som blir trekt av fleire land i ein ny konfidensiell FN-rapport. Leiaren i landet Kim Jong-un er fotografert 25. juli under eit møte i Pyongyang.

Foto: Korean Central News Agency / AP / NTB Scanpix

Den slutninga blir trekt av fleire land i ein konfidensiell FN-rapport som nyheitsbyrået Reuters har fått tilgang til.

Rapporten, som måndag vart lagt fram for dei 15 medlemslanda i Tryggingsrådets Nord-Korea-komité, er utarbeidd av eit uavhengig utval ekspertar, som overvaker FNs sanksjonar mot det nordkoreanske regimet.

Ekspertane seier at dei ikkje namngitte landa i rapporten trur at Nord-Koreas siste atomprøvesprengingar sannsynlegvis har hjelpt landet med å utvikle små atomstridshovud.

Prøvestans

Nord-Korea har ikkje gjort ein atomprøvesprenging sidan september 2017. Landet har sidan 2006 vorte pålagt stadig strengare FN-sanksjonar på grunn av atomprogrammet, men har ifølgje FN-observatørar likevel fortsett å utvikle det.

Sist veke sa Nord-Koreas leiar Kim Jong-un at atomvåpena i landet garanterer sikkerheita og framtida deira, fordi det gjer at Nord-Korea ikkje kan bli involvert i krigshandlingar.

I desember varsla Kim at Nord-Korea hadde utvikla eit nytt strategisk våpen, og at det ikkje var nokon grunn til å overhalde prøvestansavtalen.

SISTE NYTT

Siste nytt