Hopp til innhold

Nord-Korea truar med «sjokkerande» nytt våpen

Kim Jong-un varslar at Nord-Korea har utvikla eit nytt strategisk våpen, og at det ikkje er nokon grunn til å overhalde prøvestansavtalen.

En TV-skjerm viser folk som ser på Kim Jong-un som taler 31. dese 2019

TV-bilde av Nord-Koreas leiar Kim Jong-un vart vist på nyheitene i nabolandet Sør-Korea. Her ser reisande på jernbanestasjonen i Seoul fråsegnene hans nyttårsaftan.

Foto: Ahn Young-joon / AP/NTB Scanpix

Før jul annonserte Nord-Koreas herskar at USA kanskje ville få «ein hyggeleg julehelsing» frå Nord-Korea. No kallar han overraskinga som ventar «sjokkerande».

Mange har spekulert kva julehelsinga kunne vere. President Donald Trump har spøkt med at han kanskje kjem til å få «ein vakker vase» eller noko slikt.

No kan det sjå ut til at gåva er klar. Det er berre er nokre timar igjen av det gamle året i USA. I Nord-Korea er 2020 allereie innleidd.

I ein tale i Pyongyang tysdag erklærte Kim, ifølgje det statlege nyheitsbyrået KCNA, at landet ikkje vil etterleve pålegget om stans i utprøving av kjernevåpen og langtrekkande rakettar.

– Det er ingen grunn til at vi einsidig skal føle oss bunde av ein slik prøvestansavtale lenger, skal Kim ha sagt til partimedlemmer.

– Verda vil i nær framtid få sjå eit nytt strategisk våpen som er kontrollert av Den demokratiske Folkerepublikken Korea, uttalte Kim ifølgje KCNA.

Pompeo ber Kim velje fred

USAs utanriksminister Mike Pompeo seier at dersom Nord-Koreas leiar Kim Jong-un no går tilbake på løfter han gav president Trump om å avstå frå å teste atomvåpen, så er det djupt skuffande. Pompeo sa dette i eit intervju med CBS News, melder Reuters.

– USA ønskjer fred, ikkje konfrontasjon med Nord-Korea, seier Pompeo til AFP.

I eit intervju med TV-kanalen Fox News seier Mike Pompeo at han håper den nordkoreanske leiaren vil velje fred og økonomisk framgang framfor konflikt og krig.

Arbeidet med å få i stansa Nord-Korea sitt atomvåpenprogram har vore ein viktig del av det diplomatiske sambandet mellom Nord-Korea og USA det siste to åra. Det har vore tre møte mellom Kim Jong-un og president Trump, men utan at det har kome noko konkret ut av desse.

Vil provosere Trump

Dersom nye testar faktisk vert gjennomførte, vil det truleg gjere Trump rasande ettersom han gjentatte gonger har vist til at Kim har lova han å ikkje utføre nye testar. Men sidan møtet mellom dei to Hanoi i februar, har forhandlingane mellom dei to landa stått i stampe.

Kim sette ein frist fram til nyttår for Trump med å lette på sanksjonane mot Nord-Korea. Viss ikkje, skulle Kim endre retning for sitt våpenprogram.

– Det er ingen grunn for oss til å vere einsidig forplikta av dette lenger, sa Kim Jong-un til partimedlemmer under toppmøtet i det nordkoreanske arbeidarpartiet, ifølgje KCNA.

Under det fleire dagar lange møtet varsla Kim tøffare økonomiske tider for Nord-Korea. Landet er hardt ramma av dei økonomiske sanksjonane landet er pålagt på grunn av atomvåpenprogrammet.

Donald Trump på Mar-a-Lago i Florida 31. des 2019

President Donald Trump kommenterte situasjonen frå feriebustaden sin i Florida.

Foto: Evan Vucci / AP/NTB Scanpix

Trump trur framleis på avtale

President Trump seier han trur Kim vil halde ord og halde seg til avtalen om at landet skal avvikle atomvåpenprogrammet sitt.

Trump kommenterte utspelet frå Kim rett før han skulle feire nyttår på feriestaden sin i Florida tysdag kveld.

Han trur ikkje Kim vil gje opp semja dei to hadde.

– Vi signerte ein kontrakt, snakka om atomnedrusting. Det var den første setninga, atomnedrusting, som vart gjennomført i Singapore. Eg trur han er mann for sitt ord, sa Trump om utspelet til Kim.

Møtet Trump refererer til, er møtet han og Kim Jong-un hadde i Singapore i juni 2018. Etter at dei to møttest på nytt i Hanoi i fjor, har forholdet mellom landa kjølna markant.

SISTE NYTT

Siste nytt