FN meiner angrep på migrantleir i Libya er krigsbrotsverk

Minst 44 migrantar vart drepne i eit luftangrep mot ein migrantleir i den austlege delen av Tripoli i Libya. FN omtalar angrepet som eit krigsbrotsverk.

Skadde får behandling ved sjukehus i Tripoli etter angrepet tredje juli. Foto: Reuters.

Nyheitsbilde frå Libya viser bilde av såra flyktningar og migrantar som fekk behandling ved eit lokalt sjukehus. Dei hadde vore innesperra i ein stor hangar, som fungerte som migrantleir då luftangrepet skjedde.

Over 600 personar skal ha vore internerte i hangaren. Forholda skal, ifølgje menneskerettsgrupper, vere kummerlege.

I tillegg til dei drepne vart 130 andre såra i luftangrepet, seier ein talsperson for nødtenesta i Tripoli.

FN omtalar no angrepet som eit mogeleg krigsbrotsverk.

– Angrepet kan vere eit krigsbrotsverk. Dei som vart drepne, var uskyldige menneske som kom frå elendige kår og var derfor tvungne til å vere i migrantleiren, seier FNs spesialutsending Ghassan Salame til nyheitsbyrået AFP.

Fleire kvinner og barn vart trufne, seier Guma El-Gamaty, som er medlem av ei FN-støtta politisk dialoggruppe til BBC.

Ein tilsett i helsedepartementet i Libya, Khalid Bin Attia, fortalde om kva som møtte dei i leiren etter angrepet.

– Då ambulansane kom til staden var situasjonen heilt forferdeleg. Det var blod overalt og kroppar var rivne opp, seier Bin Attia.

Kjempar om kontrollen over hovudstaden

Khalifa Haftar

KHALIFA HAFTAR: Generalen drøymer om å okkupere Libyas hovudstad Tripoli. Offensiven har vart i tre månadar.

Foto: Wikimedia commons

Tripoli har dei siste tre månadane vore angripen av styrkane lojale til krigsherren Khalifa Haftar. Han disponerer både bakke og luftstyrkar.

Dei bombarderer byen frå sine posisjonar i aust. Målet er å styrte den internasjonalt anerkjende regjeringa i Libya.

Dette angrepet er det verste i denne runden med urolegheiter i Libya, skriv avisa The Guardian.

Den Tripoli-baserte regjeringa (GNA) kallar angrepet eit «avskyeleg brotsverk» og omtalar Haftar som ein krigsforbrytar.

Men hæren til Haftar avviser at det var dei som bomba leiren, og meiner det er ein GNA-alliert milits som har bomba hangaren.

Krigsherrar har sidan diktatoren Moammar Gaddafi vart styrta i 2011, kjempa om makta i det oljerike landet.

Oppsamlingsstad for flyktningar og migrantar

Samtidig med anarki og vekslande alliansar blant krigsherrar, kjem det stadig fleire flyktningar og migrantar til landet.

FN arbeider for tida med ein fredsplan der ein ynskjer å dele administrasjonen av landet i to, for å få ein slutt på rivaliseringa mellom aust og vest. Samtidig er det stor frykt for at islamistgrupper kan utnytte kaoset til å styrke seg i landet, skriv The Guardian.

SISTE NYTT

Siste nytt