Hopp til innhold

FN-domstol inn i striden

Den internasjonale domstolen i Haag skal behandle striden mellom Georgia og Russland om dei to utbrytarrepublikkane Sør-Ossetia og Abkhasia.

Kart over Georgia med byer
Foto: Grafikk / NRK

Den internasjonale domstolen (ICJ) planlegg å halde offentlege høyringar frå 8. til 10. september for å kunne ta stilling til oppmodinga frå Georgia om å stoppe det dei hevdar er Russlands krenkingar av etniske georgiarar.

Skal lytte til begge partar

Tysdag denne veka gjekk Georgia til sak mot Russland for etnisk reinsing av georgiarar i dei to utbrytarrepublikkane frå 1993 til 2008.

Les: Til søksmål mot Russland

I går kunngjorde ICJ at domstolen vil lytte til representantar for begge partar i striden, melder Reuters.

Domstolen er FNs øvste juridiske organ og behandler berre konfliktar mellom statar.

- Russisk invasjon

George W. Bush
Foto: YURI GRIPAS / AFP

Den russiske deltakinga i konflikten mellom Georgia og Sør-Ossetia vart i går kraftig kritisert av president George W. Bush i USA.

- Verda har med uro sett korleis Russland har invadert eit suverent naboland og trua ei regjering som er valt av folket. Denne handlinga er fullstendig uakseptabel for dei frie nasjonane i verda, sa Bush i ein radiotale.

Også den tyske forbundskanslaren Angela Merkel la press på Russland og kritiserte president Dmitrij Medvedev for overdriven maktbruk mot Georgia.

Ho gjorde det klart at ei løysing på konflikten må innebere respekt for grensene til Georgia og ba Russland hugse at både Georgia og Ukraina ein gong kan kome til å verte medlemmar av NATO.

Formaliserer våpenkvileavtalen

Våpenkvileavtalen som EU forhandla fram tidlegare i veka vart i går underteikna av Georgias president Mikhail Saakasjvili, etter press frå den amerikanske utanriksministeren Condoleezza Rice.

Les: Rice legg press på Georgia

Les bakgrunnen for konflikten

Artikkelen held fram under bilete.

Condoleezza Rice og Mikhail Saakasjvili
Foto: VANO SHLAMOV / AFP

Saakasjvili nytta høve til å kritisere det internasjonale samfunnet for å vere for passive i forhold til Russland. Han meiner Vesten må vere med å dele skulda for konflikten mellom Georgia og Russland, fordi ingen har reagert sterkt nok på tidlegare russiske militære rørsler.

No har president Dmitrij Medvedev i Russland sagt at han også vil underteikne avtalen.

Les: - Vil se Saakasjvilis signatur

Ingen teikn til tilbaketrekking

Men førebels syner russarane ingen teikn til å trekkje seg attende frå Georgia.

I dag tidleg stod det framleis russiske styrkar i havnebyen Poti ved Svartehavet, og russiske soldatar skal også ha rykt inn i byen Senaki, 30 kilometer lenger inne i landet.

Ved byen Gori er det også utplassert russiske styrkar, og ifølgje georgiske styresmakter har russarane ført inn ei kolonne med om lag 1.000 personar inn i byen Akhalgori, nordaust for Gori.

Det vert no spekulert i om byen vert fylt av ossetisk milits, og om dei eventuelt har kome dit for å plyndre heimane til georgiarane, slik det georgiske innanriksdepartementet hevdar.

SISTE NYTT

Siste nytt