Hopp til innhold

Rice legg press på Georgia

Den amerikanske utanriksministeren Condoleezza Rice kom i dag til Georgia, der ho skal prøve å tryggje våpenkvila mellom Russland og Georgia.

Concoleezza Rice møter Mikhail Saakashvili
Foto: POOL / SCANPIX

I dag møter ho president Mikhail Saakasjvili i Georgia for å få han til å skrive under våpenkvileavtalen som partane ikkje har underteikna enno.

Condoleezza Rice meiner fleire av punkta i fredsplanen som EU forhandla fram tidlegare denne veka treng ei klargjering, fyrst og fremst for å tryggje georgiske interesser.

Les: Vaklende fredsavtale i Georgia

Samstundes vil ho truleg også prøve å overtale georgiarane til å slå av noko på krava overfor russarane.

Skal trekkje seg attende

Ifølgje fredsplanen skal russiske styrkar trekkje seg attende, men fredsbevarande russiske soldatar får lov å patruljere dei omstridde områda fram til utanlandske observatørar er på plass.

Les: - Vi har en avtale

I løpet av dei siste dagane har det derimot kome motstridande meldingar om kvar dei russiske styrkane er, og om dei rykkjer fram eller tilbake i Georgia.

Les: - Russland trappar opp i Abkhasia

Journalist skoten på direkten

- Trengst ei formell våpenkvile

No vil Rice få slutt på kamphandlingane.

- For få dagar sidan fekk president Sarkozy russarane og georgiarane med på punkta i fredsavtalen. Det var prinsipiell semje om desse punkta. No trengst det ei formell våpenkvile, og det er dette vi jobbar med, sa Rice då ho var på veg til Georgia i dag.

Dei to utbrytarrepublikkane Abkhasia og Sør-Ossetia har begge skrive under avtalen.

Merkel kritiserte Russland

Angela Merkel og Dmitry Medvedev
Foto: VLADIMIR RODIONOV / AP

Medan Rice legg press på Georgia, blokkerer russiske styrkar framleis vegen inn til den georgiske byen Gori, melder nyhendebyrået AP. Blokaden skaper tvil om kor vidt russarane tenkjer å halde avtalen.

Dette var det den tyske forbundskanslaren Angela Merkel sin jobb å ta tak i i dag. På ein pressekonferanse med president Dmitrij Medvedev kritiserte ho Russland for overdriven maktbruk mot Georgia.

Merkel haldt fram at ei løysing på konflikten må innebere respekt for grensene til Georgia, og understreka overfor russarane at både Georgia og Ukraina ein gong kan kome til å verte medlemmar av NATO.

SISTE NYTT

Siste nytt

NRK har geolokalisert videoene.

IDF: Israel har tatt kontroll over delar av Rafah

Israelske pansra køyretøy tok seg natt til tysdag inn i Rafah. No har israelske styrkar tatt kontroll over den palestinske sida av grenseovergangen ved Rafah, stadfestar IDF.