Hopp til innhold

Fleire tusen deltok i uvanlege demonstrasjonar på Cuba

Fleire tusen cubanarar lufta søndag misnøya si med regjeringa i fleire cubanske byar. Demonstrantane ropte mellom anna «Ned med diktaturet».

Sivilt politi pågriper demonstranter i Havanna på Cuba 11. juli 2021

Ei kvinne blir stansa av sivilt politi under ein demonstrasjon i hovudstaden Havanna søndag.

Foto: Ramon Espinosa / AP / NTB

Protestane starta i San Antonio de los Banos, der president Miguel Díaz-Canel nettopp hadde vore på besøk. Det er ein liten by med 50.000 menneske sørvest for hovudstanden Havanna.

Protester på Cuba 11. juli 2021 i San Antonio de los Banos

Protestane starta i småbyen San Antonia de los Banos. Fleire song «Ned med diktaturet!» etter presidentens besøk.

Foto: YAMIL LAGE / AFP / NTB

Etter kvart spreidde protestane seg til sjølve Havanna og til Santiago, melder Reuters.

Demonstrantane uttrykte stor frustrasjon over restriksjonane under koronapandemien, takten i vaksineringa og det dei meiner er svikt frå regjeringa.

Lange matkøar, stadige straumbrot og kritisk mangel på medisinar har ført til aukande sinne blant vanlege cubanarar.

Claudia Perez som deltok i protestane i Havanna, seier til Reuters at det ikkje er mat eller medisinar å få fatt i for dei som ikkje har utanlandsk valuta og kan handle i butikkar for utlendingar.

Stengde mobilnettet

Mange personar prøvde å filme og sende direkte frå protestane, men cubanske styresmakter stengde ned mobilnettet heile ettermiddagen.

Sivilt politi pågrep flere demonstranter i Havanna søndag.

Sivilt politi arresterte fleire demonstrantar i Havanna søndag.

Foto: Ramon Espinosa / AP / NTB

Demonstrantane vart møtt av regjeringsvennlege motdemonstrantar som ropte slagord. Nokre av desse angreip også ein kameramann og ein fotograf frå nyheitsbyrået AP.

Presidenten gir USA skulda

President Miguel Díaz-Canel som også er leiar for kommunistpartiet i landet, skulda USA for å stå bak uroa då han talte til nasjonen via TV søndag ettermiddag.

Han sa at det var dei økonomiske sanksjonane som er innførte av USA som er hovudårsaka bak den økonomiske krisa i øystaten.

Presidenten bad i talen sin om at støttespelarar måtte gå ut i gatene og «konfrontere provokatørane».

I hovudstaden fortel augnevitne om store politistyrkar i gatene, og om spesialsoldatar med maskingevær på jeepar.

Langs strandpromenaden i Havanna var det samla mykje folk søndag ettermiddag, men det er ikkje meldt om valdelege samanstøytar.

Demonstranter foran regjerngskontorer i Havanna

Fleire tusen demonstrantar samla seg søndag framfor regjeringskontora i Havanna.

Foto: YAMIL LAGE / AFP / NTB

USA åtvara

USAs nasjonale sikkerheitsrådgivar Jake Sullivan åtvarar Cuba mot å gripe inn mot dei som deltok i demonstrasjonane.

– USA støtter ytrings- og forsamlingsfridom på heile Cuba og vil på det sterkaste fordømme kvar og ein form for vald eller målretta angrep mot fredelege demonstrantar som bruker dei universale rettigheitene sine, skriv Sullivan på Twitter.

Ny smitterekord

Landet med 11,2 millionar innbyggjarar gjennomlever den hardaste fasen så langt i koronapandemien. Protestmarsjane kjem samtidig som det vart meldt om ny dagsrekord i smitta og døydde.

Søndag vart det registrert 6923 nye smittetilfelle og 47 nye dødsfall.

– Dette er alarmerande tal, som stig kvar dag, opplyser helsedepartementet i landet.

Bruken av emneknaggar som #SOSCuba har auka i sosiale medium og både innbyggjarar og artistar oppmodar styresmaktene til å opne opp for økonomisk hjelp frå utlandet.

Ei opposisjonsgruppe bad laurdag om at det vart oppretta ein humanitær korridor, men den cubanske regjeringa avviste initiativet og seier at landet ikkje er ei konfliktsone.

Regjeringa meiner kampanjen prøver å skape eit bilete av «totalt kaos i landet som ikkje stemmer overeins med situasjonen».

Protester mot regjeringen på Cuba, her fra Havna 11. juli 2021

I fleire nabolag i hovudstaden Havanna samla folk seg i protestar søndag.

Foto: Ismael Francisco / AP / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt