Hopp til innhold

Tidlegare amerikansk ambassadør tiltalt for spionasje for Cuba

Tiltalen «avdekker ein av dei djupaste og mest langvarige infiltrering­ane i amerikanske styresmakter av ein utan­landsk agent nokosinne», seier justisministeren i USA.

Victor Manuel Rocha

AMBASSADØR I BOLIVIA: Victor Manuel Rocha var ambassadør i Bolivia mellom frå 2000 til 2002, og har vore rådgivar til den amerikanske militærleiinga.

Foto: GONZALO ESPINOZA / AFP

Han er ein tidlegare amerikansk ambassadør i Bolivia, og også medlem av det nasjonale tryggingsrådet i USA.

No meiner påtalemakta at pensjonerte Victor Manuel Rocha (73) har spionert for Cuba i meir enn 40 år.

Påtalemakta seier også at han møtte med personar i cubansk etterretning så nyleg som i 2017, melder The New York Times.

Former Ambassador Arrested

Rocha er også tiltalt for å reise med eit falsk pass.

Foto: Department of Justice / AP

I over to tiår har Rocha hatt mykje av ansvaret for amerikansk diplomatisk verksemd kopla til Latin-Amerika. Sjølv er han colombiansk og har vakse opp i New York.

– Dei som har privilegiet med å gjere tenester for dei amerikanske styresmaktene får ei enorm mengde tillit frå offentlegheita, sa justisminister Merrick Garland til NBC måndag.

Garland meiner Rocha «skaffa seg jobben hos amerikanske styresmakter for å få tilgang på informasjon som ikkje var offentleg og for å kunne påverke amerikansk utanrikspolitikk».

– Å bryte den tilliten ved å seie seg falskt lojale til USA medan dei tener ei anna makt i utlandet er ei kriminell handling som Justisdepartementet vil møte med full styrke.

Attorney General Garland Speaks At Reproductive Rights Task Force Event In D.C.

Justisminister Garland kallar Rocha sine handlingar for eit tillitsbrot.

Foto: DREW ANGERER / AFP

Lang diplomatkarriere

Mykje av Rocha si diplomatkarriere gjekk føre seg i Latin-Amerika under den kalde krigen, skriv The Guardian.

Ambassadørjobben i Bolivia var frå 2000 til 2002. Han var også rådgivar til den amerikanske militærleiinga frå 2006 og 2012.

Styresmaktene hevdar at han heilt sidan 80-talet har gitt USA villeiande informasjon for å verne om hemmelegheita si.

Former Ambassador Arrested

Dette biletet frå amerikanske styresmakter skal vise Rocha under eitt av møta med ein undercover-agent som let som han jobba for Cuba.

Foto: Department of Justice / AP

Den føderale lova i USA krev at folk som representerer ei utanlandsk styresmakt eller eining hos dei registrerer seg hos det amerikanske Justisdepartementet.

Rocha er skulda for å jobbe for å fremme dei cubanske styresmaktene sine interesser, som elles ikkje hadde vore ulovleg.

No er dette eitt av fleire føderale lovbrot som er nemnt i tiltalen.

– Nøklane til kongeriket

Til New York Times sa ein av kollegaane hans på den tida, tidlegare Panama-ambassadør John D. Feeley:

– Manuel hadde bokstaveleg talt nøklane til kongeriket.

– Dersom det hadde noko med Cuba å gjere, hadde han tilgang til å sjå det.

Fidel Castro

Dette biletet er teke av Fidel Castro i 1981, som er det første året som USA meiner dei kan bevise at Rocha utførte spionasjearbeid.

Foto: Charles Tasnadi / AP

Ifølge eit utsegn frå amerikanske styresmakter blei dobbeltspelet avslørt av ein undercover-agent frå FBI, som lata som han jobba for cubansk etterretning.

Rocha skal ha referert til USA som «fienden» fleire gongar, brukt omgrepet «vi» for å skildre seg sjølv og Cuba.

Han skal også ha skrytt av arbeidet han hadde gjort, og sagt at det «styrka revolusjonen i stor grad».

Styresmaktene i USA har også varsla at det vil kome ytterlegare tiltalar mot Rocha seinare denne veka.

Forsvarsadvokaten hans Jacqueline Arango har takka nei til å kommentere saka til NBC.

SISTE NYTT

Siste nytt