Hopp til innhold

Fengsla PKK-leiar vil gjenoppta fredssamtalar

Abdullah Öcalan, den fengsla leiaren av den militante kurdiske gruppa PKK, ber på nytt om at regjeringa gjenopptar fredssamtalane med gruppa.

GERMANY-PROTEST/ Thousands of Kurdish Turks gather to protest against Turkish President Tayyip Erdogan at a rally in Cologne

Mange håpar på fred etter meir enn 30 år med væpna konflikt mellom kurdiske opprørarar og den tyrkiske staten. Her held ei kurdisk kvinne i Köln opp eit bilete av den fengsla PKK-leiaren Abdullah Öcalan.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Beskjeden skal ha blitt vidareformidla frå broren Mehmet Öcalan idet han besøkte broren i fengsel for første gong på to år, melder det statlege nyheitsbyrået Anadolu.

– Han seier at om staten er klar for dette, kan vi bli ferdige innan seks månader, og at den førre prosessen ikkje er fullstendig viska ut. Ingen av partane kan vinne denne krigen. Det er tid for å stoppe tårene og blodbadet.

Daglege samanstøyt

– Det er vanskeleg å seie om dette vil lukkast. Men Öcalan sin rolle i den kurdiske rørsla er framleis svært sterk. Han har framleis ei rolle som ubestridt leiar for PKK, og difor er han framleis relevant til trass for at han har vore fengsla i fleire år, seier Jonas Bergan Dræge, stipendiat ved European University Institute, Firenze, til NRK.

Dræge legg til at det kan vere eit poeng for tyrkiske styremakter å vise at Öcalan er i live.

TURKEY-SECURITY/KURDS Pro-Kurdish politicians wearing t-shirts featuring Abdullah Ocalan gather to start a hunger strike to demand the right to visit the jailed PKK militant leader Ocalan, in Diyarbakir

Pro-kurdiske politikarar med t-skjorter til støtte for Abdullah Öcalan idet dei starta ein svoltestreik i Diyarbakir 5. september 2016. Dei skal no ha avblåst streiken.

Foto: SERTAC KAYAR / Reuters

Representantar frå det prokurdiske partiet HDP og PKK hevdar at Öcalan var blant måla under kuppforsøket. Tyrkiske styresmakter har så langt ikkje kommentert denne påstanden.

– Største operasjonen mot PKK

Hundrevis av tyrkiske soldatar og tusenvis av kurdiske opprørarar har blitt drepne sidan konflikten blussa opp att sist sommar etter eit par år med våpenkvile, og det kjem meldingar dagleg om hendingar søraust i landet.

Seinast i dag melder Reuters om at tre PKK-medlemmer er drepne i tyrkiske luftangrep nær grensa til Iran og Irak.

I går blei rundt 50 personar skadde då ei bilbombe detonert i Van nær kontoret til regjeringspartiet AKP. Tyrkiske styresmakter skuldar PKK for å ha stått bak bomba. PKK blir rekna som ei terrorgruppe av USA og EU, i tillegg til Tyrkia.

GERMANY-PROTEST/ Kurdish Turks gather to protest against Turkish President Tayyip Erdogan at a rally in Cologne

Kampen mot PKK har spreidd seg utanfor landegrensene, men det har også støtta til opprørsgruppa. Her på ein demonstrasjon i Köln 3. september, der tusenvis av kurdarar møtte opp for å flagge si støtte til Abdullah Öcalan.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Samtidig har Tyrkias inntog i Syria gjort forholdet mellom tyrkiske styresmakter og PKK endå meir spent. Tyrkiske styresmakter meiner den syrisk-kurdiske militsen YPG har bindingar til PKK, og har i tillegg til å slå ned på IS også slått ned på dei kurdiske militante i militæroperasjonen «Eufrats skjold».

– Vi driv for augeblikket den største operasjonen mot terrororganisasjonen PKK i historia, både innanfor og utanfor Tyrkias grenser, sa president Recep Tayyip Erdogan torsdag.

28 borgarmeistrar avsette

Og kampen mot PKK skjer ikkje berre militært. I helga annonserte den tyrkiske regjeringa at dei avset 28 borgarmeistrar som skal ha bindingar til opprørsgruppa.

Beskjeden kom berre dagar etter at 11 000 lærarar mista jobben, skulda for å stå i ledtog med PKK.

TOPSHOT-TURKEY-UNREST-EDUCATION-COUP-DEMO

Tyrkisk politi pågrip ei kvinne under ein protest i Diyarbakir mot at 10 000 lærarar mistar jobben mistenkte for å ha bindingar til PKK. 9. september 2016.

Foto: ILYAS AKENGIN / Afp

Dette kjem i tillegg til dei titusenvis av offentleg tilsette som har mista jobben eller blitt arresterte dei siste par månadene, mistenkte for å stå i ledtog med kuppmakarane.

SISTE NYTT

Siste nytt