Hopp til innhold

Facebook med fleire tiltak for å hindre tukling med det svenske valet

Facebook lover å sette inn tiltak slik at falske nyheiter ikkje påverkar det svenske valet på ny nasjonalforsamling 9. september.

SWEDEN-ELECTION/

ROBOTFAVORITT: Sverigedemokraterna sin leiar Jimmie Akesson dreiv valkamp på onsdag. Twitter-robotar ser ut til å favorisere partiet hans.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Det viktigaste tiltaket er, ifølge svenske Dagens Industri, å legge til rette for at dei svenske veljarane får god informasjon på sosiale medium.

Facebook har i samarbeid med dei politiske partia prøvd å gjere partiprogramma meir konsise og synlege på Facebook, samtidig som dei har sett inn ressursar for å blokkere falske kontoar og falske nyheiter.

– Vi kan aldri gjere nok, men det vi kan gjere er å forsøke å ligge eit steg føre og identifisere mønster som viser at nokon gjer noko feil, seier Facebooks europadirektør for politiske spørsmål, Sean Evins til Dagens Industri.

Svensk sikkerheitspoliti: – Fleire forsøk på å påverke valet

Det svenske sikkerheitspolitiet seier til Sveriges Radio at dei opplever ein auke i forsøka på å påverke valet i Sverige ved hjelp av cyberangrep.

Det er snakk om angrep på myndigheiter eller organisasjonar tilknytt valet.

– Vi ser ein auke samanlikna med 2014. Det kan vere elektroniske angrep, falske kontoar, men også det å spreie internasjonale mediesaker der Sverige blir sett i eit perspektiv der vi er eit kaosaktig land, seier Linda Eschar til Sveriges Radio.

Financial Times: – Auke i falske twitterkontoar

Totalforsvarets forskningsinstitut åtvara onsdag om at talet på sokalla Twitter-robotar som diskuterer svensk politikk, har auka med 40 % frå juli til august, skriv Financial Times.

Avisa skriv at Russland blir sett på som ein fare, sjølv om det ikkje er spesifikt nemnt i rapporten til forskingsinstituttet.

Der er det analysert 600.000 twittermeldingar frå meir enn 45.000 kontoar. 47 % viste sympati for dei innvandringskritiske Sverigedemokraterna, mot 28 % av dei ekte kontoane.

SISTE NYTT

Siste nytt