Erna Solberg meiner SAS-krisepakke er eigaranes ansvar

Sverige og Danmark kjem med krisepakke til SAS. Statsminister Erna Solberg meiner framleis at Noreg ikkje bør kjøpe seg inn i flyselskapet.

SAS flyr over Svalbard

SAS meldte tirsdag om at selskapet mottar kapital fra hovedeiere Sverige, Danmark og Wallenberg-familien.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Tysdag morgon melde SAS at selskapet får ein redningspakke på totalt 14,25 milliardar svenske kroner.

Sverige og Danmark tek dermed ein betydeleg større eigardel i SAS. Noreg har på den andre sida valt å ikkje gå inn med eigenkapital i det kriseramma selskapet. Finansieringsplanen blir òg støtta av Knut og Alice Wallenberg sin stiftelse.

Statsminister Erna Solberg meiner at det er eigarane i SAS som skal bidra til å omstrukturere flyselskapet – ikkje Noreg.

– Vi har laga ei ordning som har vore likebehandling av dei tre flyselskapa vi har i Noreg. I tillegg så kjøper vi flytenester slik at vi sikrar eit minimumsaktivitet. Men det er ikkje naturleg at Noreg som ikkje er eigar i SAS lenger skal gå inn i ei eigaromstrukturering sånn som det som gjerast nå, seier Solberg til NRK.

Ap opne for statleg eigarskap

Samtidig har både Senterpartiet og Arbeidarpartiet vore opne for fleire tiltak for å redde flyselskapet.

Stortingspolitikar Sverre Myrli (Ap) seier til NRK at det viktigaste er at SAS klarer seg, men at det var synd at regjeringa ikkje ville vere med på redninga.

– Frå Aps side var vi innstilte på å vere med på ei løysing for SAS. Men det er ikkje sikkert at siste ord er sagt i diskusjonen om luftfarten, og vi håper framleis at den norske regjeringa kan signalisere at dei er interessert i å vere med på å hjelpe SAS, seier Myrli.

Men Myrli er usamd i samanlikninga av dei norske flyselskapa.

– Det er viktig for oss at både SAS, Norwegian og Widerøe kjem gjennom denne krisen. Men dei tre selskapa har forskjellig eigarstruktur, og dermed må det vere forskjellige løysingar, seier Myrli.

Sverre Myrli

Sverre Myrli (Ap) er medlem av transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Arbeiderpartiet

– Veldig viktig at SAS ikkje får monopol

Solberg får støtte av redaktør og flyekspert Jan Ohlsson i Travel Insider. Til NRK seier han at Noreg gjer riktig i å halde seg utanfor.

– Noreg har vore flinke på å halde på konkurransevilkåra til flyselskapa, det er veldig viktig at SAS ikkje får monopol. I heile Skandinavia er det viktig at SAS og Norwegian har likestilt konkurranse, seier Ohlsson.

Noreg selde seg ut av flyselskapet i 2018 og har framleis ikkje gått inn med eigenkapital i det no kriseramma skandinaviske flyselskapet. Noreg har derimot avtalt å kjøpe flyreiser av SAS til ein verdi av 518 millionar kroner.

– Ein kan seie at Norwegian akkurat no har fått mindre støtte enn SAS, så det er viktig at SAS ikkje kjem altfor sterkt ut av dette, seier Ohlsson.

Ville ha Noreg med som eigar

SAS-sjef Rickard Gustafson presenterte kriseplanen for investorane deira klokka 11.00 tysdag. Da sa Gustafson at selskapet vil fortsette nedbemanningsprosessen av 5000 tilsette.

Til NRK seier han at SAS har hatt ein «god og konstruktiv» dialog med Noregs statsminister, og at selskapet respekterer avgjerda til Noreg om å støtte selskapet på ein annan måte.

– Eg er takknemleg og har full respekt for at Noreg vel sin veg, sjølv om eg gjerne hadde sett av Noreg var ein del av denne planen, seier Gustafson til NRK.

Han understrekar at det norske marknaden ikkje vil bli bortprioritert i tida som kjem.

– SAS er og blir verande et skandinavisk selskap. Vi har ikkje hatt norsk eigarskap i SAS sida 2018 da Noreg valde å selje sin aksjepost i SAS, og det har ikkje endra vårt fokus på det norske marknaden som ekstremt viktig for oss, seier Gustafson.

wPtDRbx4QVk

Administrerande direktør i SAS, Rickard Gustafson.

Foto: CLAUDIO BRESCIANI / AFP

– Alle flyselskap treng hjelp

Alf Hansen er leder for Norwegian Pilot Union. Han er oppteken av at Norwegian og SAS konkurrerer på like vilkår i tida som kjem.

– Dette er to private selskap, og dei bør drivast privat, eller så bør begge blir gjort statlege. Likebehandling er eit viktig ord, seier Hansen til NRK.

Leiar for SAS Noreg Kabinforening, Martinus Røkkum, har forståing for at Noreg ikkje kan gå inn på eigarsida i SAS.

– Vi har visst heile tida at Noreg ikkje er eigar i SAS, så det er jo synd, men vi har forståing for at staten må ta omsyn til heile luftfarten i Noreg, seier Røkkum til NRK.

– Alle flyselskapa i Noreg treng hjelp, det blir spennande å sjå kva som kjem etter kvart, legg han til.

SISTE NYTT

Siste nytt