Hopp til innhold

Forfølgde flyktningar skuffa over regjeringa

For eit år sidan fekk regjeringa vite korleis flyktningar vert forfølgde i Noreg. Deretter vart det heilt stille, seier ein skuffa norsk-eritrear.

Hendene til ein mann frå Eritrea.

Han sat i fengsel i Eritrea og klarte å rømme. Han fortel at han hamna i fengsel etter at han protesterte på at den påtvungne militærtenesta hans strakk mykje ut i tid.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

«Denne rapporten bekrefter at press og kontroll mot innvandrere i Noreg finner sted».

Det var ein sentral del av oppsummeringa til ein rapport som Kunnskaps- og integreringsdepartementet hadde bestilt, og som vart publisert i fjor sommar.

– Veldig alvorleg, sa integreringsminister Guri Melby til Vårt Land for eit år sidan.

No vil ho ikkje snakke med NRK om rapporten.

Kjenner på press frå heimlandet

Representantar frå gruppene som vert omtalt i rapporten er redd for at den er lagt i ein skuff. Dei etterlyser handling frå regjeringa.

– Norske styresmakter er nøydde til å gjere noko så raskt som mogleg. Me har ikkje høyrt at noko har skjedd i 2020. No ventar me at Noreg skal gjere noko i 2021, seier ein eritreisk mann som har fått opphald i Noreg.

Han er trygg der han sit på eit kjøpesenter i Oslo sentrum, men han vil vere anonym fordi han fryktar for kva som kan skje med familien i heimlandet.

Om han kritiserer regimet i heimlandet kan familien få besøk på døra

Mannen er trygg i Noreg, men fryktar for familien i heimlandet om han opent kritiserer det eritreiske regimet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

NRK kjenner mannens identitet. Han har tidlegare vore fengsla i Eritrea, og seier sjølv det er fordi han stilte kritiske spørsmål om den obligatoriske militærplikta i landet. I nokre tilfelle kan den militærtenesta vare i mange tiår.

Når han tidlegare har kritisert regimet i sitt gamle heimland offentleg, så har foreldra hans fått besøk på døra i etterkant.

– Det er min største uro. Eg er alltid uroa for familien i Eritrea. Derfor er eg skeptisk til å snakke med NRK eller andre medium, og komme med kritiske ord om diktatoren. For dei som støtter diktatoren samlar all informasjon og sender til Eritrea. Og dei som bur der kan gjere kva dei vil med familien min, seier mannen.

Press frå autoritære regime

«Press og kontroll» er namnet på rapporten som såg nærare på korleis ulike innvandrargrupper opplever press og kontroll frå regimet i heimlandet.

Rapporten tok for seg uigurar frå Kina, kurdarar frå Tyrkia, tsjetsjenarar frå Russland og regimekritikarar frå Etiopia og Eritrea.

Desse gruppene kan mellom anna oppleve:

  • Overvaking av kommunikasjon til heimlandet
  • Utestenging frå sosiale arenaer
  • Innkrevjing av pengar til regimet
  • Frykt for at familien i heimlandet kan bli straffa om dei kritiserer regimet.

Rapporten var bestilt av kunnskapsdepartementet, og er eit ledd i arbeidet med å forstå meir om det presset enkelte innvandrargrupper lever under i Noreg.

Rapporten Press og kontroll

Er rapporten «Press og kontroll» lagt i ein skuff eller ikkje? Eritreakomiteen saknar at regjeringa følger opp rapporten.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

NRK har snakka med sentrale personar i uigurmiljøet, og i det eritreiske opposisjonsmiljøet. Dei håpa rapporten skulle bidra til å gjere livet i Noreg friare, men har så langt ikkje sett noko endring.

Rapporten slo også fast at det trengst meir tid og ressursar til å hente inn kunnskap om desse tema, men det er ikkje kjent om departementet har sett i gang nye forsøk på å hente inn informasjon.

Melby i fjor: «Veldig alvorleg»

Arbeidet med å stanse framande makter som overvaker og forfølger norske borgarar er delt mellom fleire departement: Deriblant utanriksdepartementet, justisdepartementet, barne- og familiedepartementet og kunnskaps- og integreringsdepartementet.

Det er kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby som er ansvarleg for oppfølginga av rapporten. Ho sa til Vårt Land i juli i fjor at funna i rapporten var «veldig alvorlege». Ho sa vidare at regjeringa skulle vurdere fleire tiltak, men ho ville ikkje seie noko konkret om kva tiltak det kunne vere snakk om.

Eit år etterpå er svara frå departementet like lite konkrete. Guri Melby vil ikkje la seg intervjue om rapporten.

Venstreleiar Guri Melby

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby vil ikkje stille opp til intervju om korleis regjeringa følger opp rapporten om korleis framande makter presser og kontrollerer folk som bur i Noreg.

Foto: Torstein Bøe

NRK får svar via ein kommunikasjonsrådgjevar i departementet, og ein beskjed om at det er statssekretær Grunde Almeland som skal siterast. Sitata frå Almeland er skriftlege, og heller ikkje han vil stille til intervju.

I e-posten frå kommunikasjonsrådgjevaren vert Almeland mellom anna sitert på at fleire departement samarbeider for å sikre at flyktningar som bur i Noreg ikkje opplever press og kontroll.

Han viser til at den omtalte rapporten er eit ledd i oppfølginga av regjeringa sin integreringsstrategi.

Almeland seier at fleire konkrete tiltak vert vurderte som oppfølging til rapporten, men at det akkurat no ikkje kan seiast noko meir konkret om kva tiltak det er snakk om. NRK får ikkje stille oppfølgingsspørsmål.

– Eit svik

– Rapporten er lagt i ein skuff.

Det trur Finn Våge i Eritreakomiteen, som seier at han har forsøkt å følge opp rapporten med departementet. Han meiner Guri Melby ikkje held det ho lovar.

– Dette må takast tak i, og om ikkje denne regjeringa gjer noko, så håper eg at den nye regjeringa som måtte komme vil gripe fatt i dette problemet, seier Våge.

Våge meiner Noreg burde gjere meir for å sjekke kva aktivitet som finst blant norsk-eritrearar. Han viser til organisasjonar, kyrkjer og enkeltpersonar som han påstår er med på å utøve press mot andre eritrearar.

Finn Våge, Eritreakomiteen

Finn Våge i Eritreakomiteen meiner rapporten om press og kontroll mot innvandrarar i Noreg er lagt i ein skuff.

– Dei veit at 28.000 eritrearar bur i Noreg og lever eit splitta og dårlegare liv i frykt og utanforskap. Det skjer ingenting frå regjeringa si side, og det synest eg er eit svik mot den store eritreiske kontingenten i Noreg, seier Våge.

Førre veke kom Guri Melby med ein handlingsplan om fridom frå sosial kontroll og æresvald. Våge meiner det på same måte må komme ei stortingsmelding som inneheld ein klar plan for korleis innvandrarar i Noreg skal bli beskytta mot press og kontroll frå andre statar.

Meiner mykje meir kunne blitt gjort

Den eritreiske mannen meiner norske styresmakter kunne fatta fleire tiltak for å gjere situasjonen betre for eritrearar i Noreg.

Sjølv er norsk-eritrearen kasta ut av eritreiske kyrkjelydar, og han fortel om mange andre som også er det. Dei vert kasta ut fordi dei kritiserer regimet.

Mannen påstår at det er fleire eritreiske kyrkjer i Noreg som vert styrt av folk som støtter det eritreiske regimet. Han seiet at desse kyrkjene får statsstøtte, og meiner difor at Noreg burde vere flinkare på å finne ut kva desse kyrkjene driv på med.

Om det viser seg at det finnest kyrkjer som er støttespelarar til regimet i heimlandet, så bør pengestøtta stanse, meiner eritrearen.

NRK har vore i kontakt med statsforvaltarane i Agder og Oslo/Viken, som har i oppgåve å følgje opp trussamfunna i Noreg. Dei kjenner ikkje til at eritreiske kyrkjesamfunn har mista pengestøtte frå Noreg dei siste åra.

Eritrearen fortel at han er redd når han går kveldsvakter på jobben. Ein dag vart han også uroa då ein kollega konfronterte han. Kollegaen kom også frå Eritrea, men hadde snakka varmt om regimet i heimlandet. Da den eritreiske mannen hadde gitt ein annan versjon, fekk han klar beskjed om å teie stilt.

Slike situasjonar gjer han utrygg, også for sin eigen familie i Noreg, fordi han ikkje veit noko om kva kontaktar kollegaen har.

– Då eg gjekk frå jobb den dagen tenkte eg: kvifor får eg ikkje leve som ein fri mann i Noreg, spør eritrearen.

Justisdepartementet: Rapporten ikkje lagt i ein skuff

Justisdepartementet og statssekretær Hilde Barstad svarer heller ikkje på kva konkrete tiltak som er sett i gang sidan rapporten vart publisert, men svarer at rapporten ikkje er lagt i ein skuff.

Ho skriv i eit tilsvar via sin kommunikasjonsrådgjevar at temaet er viktig, men at det samtidig er eit krevjande arbeid å stanse slik press og kontroll.

– Norske styresmakter er heilt avhengige av at slike hendingar vert meldt til politiet for at me skal kunne gjere noko med dette problemet. Det er krevjande at dei som står bak oppheld seg i utlandet, og dermed er utanfor norsk strafferettsleg jurisdiksjon, skriv Barstad.

Ho forstår at mange er redde for å melde frå når dei vert utsette for press og kontroll, men meiner det likevel er viktig at dei gjer dette.

– Det er på den måten me kan få ei oversikt over problemet. I dag har me ikkje nok kunnskap om det fulle omfanget av flyktningespionasje i Noreg, skriv Barstad.

AKTUELT NÅ