NRK Meny
Normal

Endå eit sjukehus angripe

Mindre enn ein månad etter at Leger utan grenser sitt sjukehus vart bomba i Afghanistan er endå eit av sjukehusa deira råka, denne gong i Jemen.

YEMEN-SECURITY/ People demonstrate against Saudi-led air strikes, outside the United Nations' offices in Sanaa

PROTESTERER: Innbyggarar demonstrerer mot Saudi-leia luftangrep i hovudstaden Sanaa.

Foto: KHALED ABDULLAH / Reuters

Det var i går kveld at Leger utan grenser (MSF) sitt sjukehus i Saada, nordvest i Jemen, vart ramma av fleire flyangrep. Ingen liv gjekk tapt, men sjukehuset vart usett for store øydeleggingar på bygningar og utstyr.

Sjukepleiar Guri Aasen som har arbeidd for MSF på eit anna sjukehus i Saada-distriktet, er ikkje overraska over angrepet.

– Det som er spesielt med dette distriktet er at Saudi-Arabia har definert heile området som ei militær sone. Men det stemmer ikkje med det biletet eg fekk på sjukehuset der, vi fekk inn mange sivile, seier ho til NRK.

Laster Twitter-innhold

Andre angrep på MSF denne månaden

Det er Saudi-Arabia som står bak angrepa mot sjukehuset, som ligg i eit Houthi-kontrollert område. Landet har leia ein internasjonal koalisjon mot Houthi-opprørarane sidan mars for å prøve å gjeninnsette regjeringa til president Abd-Rabbu Mansour Hadi, som vart styrta av den iransk-støtta opprørsgruppa i januar.

AFGHANISTAN-ATTACK/MSF Damaged buildings are seen at the MSF hospital in Kunduz, Afghanistan

BOMBA: 3. oktober vart 22 drepne i eit timelangt angrep på Leger utan grenser sitt sjukehus i Kunduz, Afghanistan.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Dette er det andre angrepet på ein MSF-drive sjukehus denne månaden, etter at amerikanske styrker bomba eit sjukehus i Kunduz i Afghanistan 3. oktober.

Hindrar tilgang til medisinsk naudhjelp

Også sør i det krigsherja Jemen har Leger utan grenser støtt på problem. Houthi-militsen nektar å la den medisinske nødhjelpsorganisasjonen sine lastebilar med nødhjelpsutstyr få tilgang til byen Taiz. Byen er omringa av houthiane, og dårleg tilgang på vatn, bensin og mat har ført til høge prisar og avgrensa tilgang. Innbyggarane opplever luftangrep kvar dag, og behovet for medisinsk hjelp er stort. Av 20 sjukehus i byen som husar 600.000 innbyggarar er det berre seks av dei som fungerer, og fleire av desse berre delvis.

Mideast Yemen

MANGE SÅRA: I den omringa byen Taiz i det sørlege Jemen er det luftangrep kvar dag. Her fraktar ein far barnet sitt til sjukehus.

Foto: Abdulnasser Alseddik / Ap

– Det er veldig frustrerande at vi etter veker med forhandlingar framleis ikkje har kome nokon veg i å overtyde dei om behovet for upartisk medisinsk naudhjelp til offera i dei pågåande kampane innanfor denne beleiringa. Og dette sjølv om vi sørger for støtte til helseklinikkar i Houthi-kontrollerte område, seier Aasen.

– Det er naudsynt med ei politisk løysing

Menneskerettsgrupper har uttrykt uro over det aukande dødstalet etter langvarig bombing av Jemen, som inkluderer klasebomber, og Amnesty International har prøvd å få koalisjonsstatane med på eit forbod mot import av våpen. Fleire enn 5600 menneske er så langt drepne i konflikten.

FN arbeider med å få til politiske samtalar mellom partane, og meiner ei politisk løysing er avgjerande for å stanse det spesialutsending Ismail Ould Cheik Ahmed omtalar som «ein frykteleg cocktail av ein dramatisk humanitær situasjon, samanhengande luft- og bakkekampar, bombing av byar, og utviklinga av terrorgrupper som utnyttar situasjonen».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt