Hopp til innhold

Emily fri frå fangenskap – ville berre kviskre til faren

50 dagar som Hamas-gissel har sett djupe spor i irsk-israelske Emily (9). I tryggleik heime tør ho ikkje lenger snakke høgt til sin eigen familie.

STERKT PREGA: Emily Hand blei tatt til fange av Hamas under angrepet på Israel 7. oktober. Niåringen fekk forlate Gaza under våpenkvila, men slit med psykologiske traume.

STERKT PREGA: Emily blei tatt til fange av Hamas under angrepet på Israel 7. oktober. Niåringen fekk forlate Gaza under våpenkvila, men slit med psykologiske traume.

Foto: DANIEL LEAL / AFP

Etter ei veke med våpenkvile mellom Hamas og Israel, har avtalen om fangeutveksling sikra 105 israelske gislar fri frå Gaza og 240 palestinske fangar fri frå israelske fengsel.

Etter grundig medisinsk utgreiing i form av både fysiske og psykologiske testar, seier israelsk helsepersonell at gislane er i «god fysisk form».

Men fleire av dei slit likevel med psykologiske traume.

Redd for å heve stemma

Ni år gamle Emily blei tatt til fange av Hamas i den israelske kibbutzen Be'eri nær grensa til Gazastripa. Ho blei halden som gissel i 50 dagar.

Thomas Hand fekk først vite at dottera blei drepen i angrepet på Israel 7. oktober i år. Seinare kom kontrabeskjeden om at Emily blei heldt til fange av Hamas på Gazastripa.

Etter 50 dagar i fangenskap, fekk far Thomas endeleg sjå dottera igjen førre helg. Han merka raskt at noko var gale.

Synet som møtte han, var ei bleik jente med eit livlaust og alvorstyngd ansikt. Ho verka fråkopla frå omgivnadane. Dottera hadde gått ned i vekt, hadde lus og var psykisk nedbroten.

– Det mest sjokkerande og urovekkjande med det første møtet, var at ho berre kviskra. Eg kunne ikkje høyre ho. Eg måtte leggja øyra på leppa hennar. Ho hadde blitt kua til å ikkje lage lyd, fortel faren i eit intervju med CNN.

Thomas Hand fikk vite at datteren ble drept i angrepet mot Israel 7. oktober. Forrige helg fikk han sin kjære Emily tilbake etter 50 dager i Hamas-fangenskap.

Thomas Hand fekk beskjed om at dottera blei drepen i angrepet mot Israel 7. oktober. Førre helg fekk han sin kjære Emily tilbake etter 50 dagar i Hamas-fangenskap.

Foto: ISRAEL DEFENSE FORCES / Reuters

Thomas fortel vidare at dottera skisserer ein kvardag prega av frykt og kontrollerande vakter som bad dei vere stille og alltid kviskre. Av og til fekk borna teikne og spele kort, men dei fekk ikkje lage lyd. Dette har ført til at ho no har problem med å heve stemma.

– Emily blei ikkje mishandla, men dei strenge stemmene var nok til å kontrollere ho, seier faren.

Då Thomas spurde dottera om kor lenge ho trudde ho hadde vore vekke, svara ho «eitt år».

– Bortsett frå kviskringa, var det eit slag i magen. Eitt år, stotrar faren.

Forstår Emily kva som skjedde den 7. oktober?

– Ja. Dessverre gjer ho det, seier Hand.

Les også Mottok datterens dødsbudskap – nå er de gjenforent

GJENFORENT: Thomas Hand fikk vite at datteren var død i angrepet mot Israel 7. oktober. Forrige helg fikk han sin kjære Emily tilbake etter 50 dager i Hamas-fangenskap.

Sterkt traumatisert

I intervjuet fortel faren korleis Emily overlevde fangenskap og legg vekt på at dottera er sterkt prega og har vore utrøysteleg.

– I går kveld gret ho til ansiktet hennar var raudt og flekkete. Ho klarte ikkje å stogge. Ho ville ikkje ha trøyst. Eg antar ho har gløymd korleis ein blir trøysta. Ho la seg under dyna og gret stille for seg sjølv.

Han trudde dottera blei heldt til fange i tunnelsystem. Dette viste seg å ikkje stemme.

– Eg trudde Emily var i tunnelane, men det var ho ikkje. Dei blei frakta frå hus til hus og måtte stadig rømme, seier han.

Ifølge Thomas hadde gislane nok mat til å overleve. Emily fortel at det alltid blei servert frukost, somme gonger lunsj og ein sjeldan gong noko lite på kveldinga.

– Ho var så svolten at ho lærde seg å like brød med olivenolje, fortel faren til CNN.

Ser framover

Beyonce-musikk og hunden Johnsie har vore til god hjelp i ei vanskeleg tid, og er det som skal til for å lure fram smil og latter, fortel faren.

– Emily er ei veldig bestemt lita jente. Veldig sterk. Eg veit at ho kjem seg gjennom dette, poengterer han.

Thomas Hand har endeleg fått dottera heim igjen. No vil han jobbe vidare for å fri dei attverande gisla på Gazastripa.

Thomas Hand har endeleg fått dottera heim igjen. No vil han jobbe vidare for å fri dei attverande gislane på Gazastripa.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP

No er målet å få dottera frisk, samtidig som han skal jobbe for å få dei attverande gislane heim.

Etter sju dagar med våpenkvile mellom Hamas og Israel, er kampane i gang att på Gazastripa.

Framleis sit over hundre israelske gislar fanga på Gazastripa, medan tusenvis av palestinske fangar blir heldt i israelske fengsel. Fleire av palestinarane sit i såkalla «administrativ internering» som betyr at dei er fengsla på ubestemt tid utan ein dom.

SISTE NYTT

Siste nytt