Hopp til innhold

Edru Toronto-ordførar lovar bot og betring

Skandaleordføraren i Toronto, Rob Ford (45), er tilbake på jobb etter to månader med rusavvenning. Han ber innbyggjarane i byen om tilgiving.

Ordfører Rob Ford beklager

VIDEO: Skandale-ordførar ber om tilgjeving.

– Til innbyggjarane i denne stolte byen vil eg framføre ei offentleg orsaking. Eg har vist dårleg dømmekraft og tek fullt ansvar for handlingane mine, sa han.

Det var seint i går kveld norsk tid at Rob Ford, som har hatt permisjon frå ordførarvervet sidan 30. april, kalla inn til ein pressekonferanse på rådhuset i den kanadiske storbyen. Han fortalde openhjartig om korleis han nekta å ta innover seg at han verkeleg hadde eit problem.

På gråten

Toronto-ordførar Rob Ford.

Rob Ford på veg inn til pressekonferansen i rådhuset i Toronto i går kveld.

Foto: POOL / Reuters

– I lang tid nekta eg å innsjå at eg trong hjelp. Slik svært mange andre som har eit rusproblem, så fornekta eg det. Eg greidde å overtyde meg sjølv om at eg ikkje hadde eit problem, sa Rob Ford.

– Det er vanskeleg å slutte med rusmisbruk, men eg lovar å kjempe mot denne sjukdomen resten av livet mitt, la han til. Han var tydeleg på gråten fleire gonger under pressekonferansen.

Han sa også at staben ved avvenningsklinikken i Muskoka-regionen nord for Toronto tvang han til å konfrontere hans eigne «personlege demonar», og at det har redda livet hans.

– Når eg tenkjer tilbake på ein del av dei tinga eg sa og gjorde då eg var misbrukar, så kjenner eg meg skamfull og audmjuka.

Håpar på ny periode

Ford gjorde det også klart at han vil stille til attval som ordførar ved valet til hausten. Meiningsmålingane viser at han har støtte frå 27 prosent av veljarane. Kandidaten som leier på målingane, Olivia Chow, har ei oppslutning på 34 prosent.

– Eg ser fram til å tene innbyggjarane i Toronto i mange år framover, sa han på pressekonferansen.

Han er framleis ordførar i byen, men bystyret har teke frå han ein god del av fullmaktene Torontos omstridte ordfører vingeklippet .

Toronto-ordføraren vart kjend over heile verda då det dukka opp videoar av han der han røykte det narkotiske stoffet crack. I andre videoar var han tydeleg overstadig rusa på alkohol, medan han kom med svært nedsetjande karakteristikkar av politiske motstandarar.

LES OGSÅ: Ford vedgår kjøp av narkotika - men nektar å trekkje seg

LES OGSÅ: Borgarmeisteren i Toronto opptrer i ny skandalevideo

Under etterforsking

Ved eit tilfelle snøvla han også fram det som kunne tolkast som drapstruslar.

Rob Ford har også vore under etterforsking av politiet etter at namnet hans dukka opp i ei narkotikaetterforsking, men det er ikkje avgjort om det skal reisast tiltale mot skandaleordføraren.

Ford er ein konservativ politikar som har gått sterkt inn for å kutte i offentlege utgifter, og han har hatt «respekter skattebetalarane» som sitt politiske motto. Han har prøvd å skape eit bilete av seg sjølv som talsperson for vanlege folk i forstadene mot den styrande eliten.

LES OGSÅ: Ordfører innrømmer crackrøyking

LES OGSÅ: Har funnet savnet ordførervideo

SISTE NYTT

Siste nytt