Borgarmeisteren i Toronto opptrer i ny skandalevideo

Den hardt pressa borgarmeisteren i Toronto, Rob Ford, er i hardt vêr igjen. Ein video viser ein sterkt rusa Ford som truar med å drepe ein ikkje namngitt person.

Torontos borgarmeister Rob Ford.

Torontos borgarmeister Rob Ford nektar å trekkje seg, trass i stadig nye skandalar.

Foto: MARK BLINCH / Reuters

Skandalane har stått i kø for borgarmeisteren i den kanadiske storbyen den siste tida. For berre nokre få dagar sidan måtte Rob Ford vedgå, under sterkt press, at han hadde røykt crack-kokain.

Nektar å trekkje seg

Denne vedkjenninga kom etter at ein video viste nettopp borgarmeisteren som røykte crack, så han hadde rimelegvis ikkje så stort val. Mange lokalpolitikarar i Toronto krev at den omstridde borgarmeisteren skal trekkje seg, men det blir det ikkje snakk om, seier han.

Tvert i mot vil han stille til attval neste år, kan han fortelje.

Det er storavisa The Toronto Star som har fått tak i den avslørande videoen, og kvaliteten på opptaket tyder på at det er gjort i skjul med ein mobiltelefon. Det er uklart når opptaket er gjort og i kva slags samanheng.

Video som viser ordføraren i Toronto.

VIDEO: Ny skandalevideo med ordføraren i Toronto, Rob Ford.

Seier han vil drepe

Rob Ford brukar mange bannord når sterkt gestikulerande fortel om kva han skal gjere med mannen som tydelegvis har kalla ordføraren og brørne hans for tjuvar og løgnarar. Han snakkar om å rive ut strupa på vedkomande, fjerne auga hans og forsikre seg om at han er død.

Etter å ha blitt vist videoklippet av journalistar utanfor kontoret sitt i dag, sa han dette til dei:

– Dette er ekstremt pinleg, og eg veit ikkje kva eg skal seie. Eg får håpe at ingen av dykk vil oppleve å kome i ein slik tilstand.

Ford gjorde det likevel klart at han ikkje let seg stanse av dette. Å gå av er ikkje aktuelt, gjentok han fleire gonger.

LES OGSÅ: Borgermester i crack-skandale

LES OGSÅ: Har samlet inn 1,2 millioner for å kjøpe påstått narkovideo

Vedgjekk alkoholproblem

Sist søndag vedgjekk Rob Brown i eit radioprogram at han har eit alkoholproblem, og at han ved fleire tilfelle har vore overstadig rusa, også i offentlege samanhengar.

Også mange av dei gamle støttespelarane hans synest no at det har fått for langt, og fleire seier at dei har mist tillit til borgarmeisteren. Likevel er det ingen som kan tvinge han til å gå av. Det kan berre skje dersom han blir dømd for å ha brote lova.

Det kan han ha gjort ved å røykje crack-heroin, men politiet seier dei ikkje vil reise sak som følgje av dette. Dette sjølv om politiet sit på videoen som viser røykinga.

LES OGSÅ: Har funnet savnet ordførervideo

LES OGSÅ: Ordfører innrømmer crackrøyking

SISTE NYTT

Siste nytt