Hopp til innhold

Ford vedgår kjøp av narkotika - men nektar å trekkje seg

Eit overveldande fleirtal i bystyret i Toronto ber den hardt pressa borgarmeisteren i byen, Rob Ford, om å ta ut permisjon og søkje hjelp for rusproblema sine.

Borgarmeisteren i Toronto, Rob Ford.

– Eg har ikkje tenkt å trekkje med, buldra Rob Ford i eit møte i bystyret i Toronto onsdag kveld norsk tid.

Foto: MARK BLINCH / Reuters

Sjølv om 44 år gamle Rob Ford no vedgår å ha kjøpt narkotika, og dermed har brote lova, så har han ingen planar om å trekkje seg. I eit møte i bystyret i kveld norsk tid nekta den omstridde borgarmeisteren for at han var avhengig av alkohol eller narkotiske stoff.

37 representantar røysta for ein resolusjon der Ford blir beden om å ta permisjon, medan fem røysta i mot.

Vil stille igjen

Canada Toronto-Mayor Rob Ford

Rob Ford nekta på møtet i kveld norsk tid at han er avhengig av alkohol eller narkotika.

Foto: Nathan Denette / Ap

Tvert i mot lova han å stille som kandidat når det skal veljast borgarmeister i den kanadiske storbyen neste sommar.

Han vedgjekk å ha kjøpt og brukt narkotika, men sa at det skjedde medan han var «dritings», og at han beklaga det djupt og inderleg.

– Men eg kan ikkje gjere noko med fortida. Eg vil halde fram arbeidet mitt med å berge økonomien i Toronto, sa han på møtet i kveld.

Sist veke vart det vist ein video der Rob Ford i sterkt rusa tilstand fortalde korleis han skulle ta livet av ein eller fleire personar som hadde snakka stygt om han. Etter dette gjekk han også ut og beklaga på det sterkaste, men avviste også då alt snakk om å trekkje seg som borgarmeister.

Tidlegare har han vedgått å ha røykt crack-kokain .

LES OGSÅ: Har funnet savnet ordførervideo

Kan ikkje avsetjast

Bystyret har ikkje makt til å fjerne Ford som borgarmeister, same kor mykje dei vil. Han kan berre tvingast til å gå av dersom han blir dømd for ei kriminell handling. Politiet har tidlegare gjort det klart at dei ikkje kjem til å sikte Brown for bruk av narkotika.

Bystyret har ikkje bede Ford om å gå av, men berre om å ta permisjon. Fleire som var på talarstolen i kveld trekte fram at Rob Ford er ein dårleg rollemodell for den oppveksande slekt i Toronto.

Andre peikte på at heile verda no følgjer med på det som skjer i denne saka, og at dette ikkje er bra for Toronto sitt omdømme internasjonalt.

Har mist tolmodet

Også innbyggjarane i Toronto verkar å ha mist tolmodet med borgarmeisteren sin. Ei meiningsmåling frå Ipsos-Reid på vegner av fleire fjernsyns- og radiostasjonar, viser at 76 prosent av veljarane i byen meiner at Ford må gå av eller ta permisjon.

Den omstridte Toronto-ordføreren Rob Ford innrømmer kjøp av narkotoka.

VIDEO: Toronto-borgarmeister vedgår å ha kjøpt narkotika.

I bystyremøtet i kveld spurde ein representant om Ford no kunne garantere at det ikkje kom fleire avsløringar om han. Det kunne han ikkje, sa han, og kanadiske medium tolka det som om at høgst sannsynleg vil dukke opp fleire ville historier om borgarmeisteren.

Utanfor bystyresalen samla det seg demonstrantar som bar plakatar med slagord mot Rob Ford.

SISTE NYTT

Siste nytt