Hopp til innhold

Dramatisk isbre-kollaps i Patagonia

Fleire tusen turistar fekk ei spektakulær oppleving torsdag då delar av Perito Moreno-isbreen kollapsa ned i Argentina-innsjøen i Patagonia i dag.

Klipp av isbre som kollapser i Argentina.

VIDEO: Sjå den spektakulære isbrekollapsen.

Ei flott isbru hadde bygd seg opp mellom fastlandet og breen over innsjøen. Dette skjer med mellom to og fire års mellomrom, og kollapsen i dag var venta. Isbrua bygg seg opp ved at is frå breen lagar ei demning som hindrar vatnet å renne inn i innsjøen.

Når vatnet etter kvart bryt gjennom så lagar det ein stadig større tunnel, som endar opp som ei gigantisk bru. Brua blir tynnare og tynnare, heilt til det endar med ein kjempemessig kollaps.

Sist det var ein slik kollaps på Argentina-sjøen var i 2012, men då skjedde det om natta, slik at ingen tok bilete av hendinga.

Isbrekollaps i fire stadium.

Fire stadium av isbrekollapsen i Patagonia.

Foto: Francisco Munoz / Ap

I dag skjedde kollapsen kl. 11.55 lokal tid, og det var rundt 3000 turistar samla rundt innsjøen i håp om å få med seg naturfenomenet. Og det fekk dei til fulle.

Luciano Bernacchi ved bremuseet Calafate i Perito Moreno seier at isbrua var 250 meter brei og 70 meter høg.

Breane i Patagonia er den største konsentrasjonen av is i verda, når ein ser bort frå Nordpolen og Sørpolen. Perito Moreno-breen, som er på Unescos verdsarvliste, er 250 kvadratkilometer stor.

Det blir presisert at kollapsen på Perito Moreno-breen ikkje har noko med klimaendringane å gjere, snarare ein konsekvens av Arkimedes' lov.

For første gong på sju år har IKKJE breane i Jotunheimen minka

Svartisen blir isbiter i de rikes glass

patagonia

SISTE NYTT

Siste nytt