Hopp til innhold

For første gong på sju år har IKKJE breane i Jotunheimen minka

SOGNEFJELLET (NRK): Men framtidsutsiktene for norske isbrear er likevel dystre.

Bøverbreen

KVILANDE ISBRE: Naturvegleder Ingvild Øyjordet peiker mot Bøverbreen, ein av breane som har hatt eit 'kvileår'.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Forskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat, Liss Marie Andreassen, har gjort målingar av isbreane i Jotunheimen i fleire år. Målingane viser at breane stort sett har minka år for år i moderne tid.

Men enkelte år, som 2015, skil seg ut ved at breane veks eller blir verande uendra. Storbreen er ein av breane det er gjort flest målingar av. Mellom 1994 og 2014 auka Storbreen berre tre gonger.

Bøverbreen

MEKTIG: Landskapet rundt Sognefjellshytta gjer ro til mange turistar.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Kaldare enn normalt

– Det var ordentleg skiføre her i juni, noko som er unormalt, seier Ingvild Øyjordet, som er naturvegleder i Jotunheimen.

Ingvild Øyjordet

VEGLEDER: Ingvild Øyjordet har mykje kunnskap om fjellheimen, og deler han med turistar frå inn- og utland.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Tal frå Meteorologisk institutt viser at månadane mai, juni og juli var kaldare enn normalt. Juni-normalen for målestasjonen Sognefjellshytta i Jotunheimen ligg på 4,2 varmegradar. Men i år var gjennomsnittstemperaturen i juni på berre 1,5 gradar.

Øyjordet kjenner fjellområdet i Jotunheimen godt, og har sett utover dei snødekte toppane mange gonger før. Landskapet i Jotunheimen er mektig, og kontrastane er store no før snøen kjem.

– Det er grunn til å tru at smeltinga vil halde ved, og akselerere.

Liss Marie Andreassen

Isbreane har gått tilbake

Tendensen er at breane i Noreg blir mindre og mindre. Sidan 1904 har Storbreen trekt seg 1135 meter tilbake og mista ein femtedel av sitt volum. Forskar Andreassen trur dette berre vil gå raskare i framtida.

– Det er grunn til å tru at smeltinga vil halde ved og akselerere, seier Andreassen.

Interessa for turar i fjellet og på breane er likevel stor. Øyjordet meiner interessa berre har auka dei siste åra.

Ingvild Øyjordet

BLÅIS: Sommaren har vore kald, men hausten har vore varmare enn normalt, og i starten av november var det ikkje snø på Bøverbreen.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRk

– Eg trur folk får lyst til å oppleve breane når det er så mykje merksemd rundt at dei skal smelte bort. I tillegg har mange ein travel kvardag, og ein tur i fjellet kan vere roande for mange, seier Øyjordet. Ho har opplevd at folk har tatt til tårene når dei har opplevd roa i fjellet.

Talet på turistar i Jotunheimen har auka dei siste åra, og fleire og fleire blir med på organiserte fjellturar.

– Jotunheimen trekker fjellvandrarar som aldri før. Spisse tindar, djupe dalar, fossande elver og isbrear lokkar til seg svært mange, seier Camilla Horten, fagsjef for aktivitetsavdelinga i Den Norske Turistforening.

Men NVE-forskar Andreassen trur breane går ei uviss framtid i møte, det skriv ho i ein magasinartikkel i Cicero. Ho seier at dersom temperaturen aukar med ein grad, er breane avhengige av 30 prosent meir vinternedbør for ikkje å minke. I framtida kan temperaturen auke ytterlegare, og sette enda større fart i bresmeltinga.

Flere saker fra Innlandet