Hopp til innhold

Difor stemte så mange unge på Marine Le Pen

PARIS (NRK): At franskmenn under 24 utgjer den største veljargruppa til Marine Le Pen gjer tilhengarane av ho og partiet hennar optimistiske med tanke på valet i 2022.

Marine poserer med veljarar

Marine Le Pen tek ein selfie med to unge jenter på eit landbruksarrangement hausten 2015. Ho har dei siste åra jobba aktivt for å nå ut til yngre veljarar.

Foto: JEAN-FRANCOIS MONIER / Afp

44 prosent av veljarane mellom 18 og 24 stemte på Le Pen, mot 34,94 prosent når ein ser alle som stemte samla.

Dette står i stor kontrast til dei over 65, der berre 20 prosent stemte Le Pen.

Arbeidsløyse og frustrasjon

– Desse unge konstaterer at det ikkje er noko betring i deira sosioøkonomiske situasjon, sa Jean-Yves Camus, Frankrikes fremste ekspert på høgrepopulisme, då NRK møtte han i forkant av første runde av presidentvalet.

Jean-Yves Camus

Jean-Yves Camus forskar på høgreekstremisme ved IRIS, det franske instituttet for internasjonale og strategiske forhold

Foto: Marit Kolberg / NRK

Snarare det motsette, sa Camus, og viste til ein situasjon der nær ein firedel av franskmenn under 25 står utan arbeid.

Også kandidaten på ytste venstre, Jean-Luc Mélenchon har gjort det godt blant dei unge, før han rauk ut i førre runde. Det var knytt stor spenning til kor mange av hans veljarar som kunne kome til å over til Le Pen i andre runde. Sjølv gav han inga klar tilråding til tilhengarane sine.

Ifølge ei undersøking frå BVA har veljarane til Mélenchon heller valt å la vere å stemme enn å stemme på Le Pen.

For unge til å hugse partiets fortid

Likevel har kandidaten for Nasjonal Front i løpet av dei to vekene sidan første runde klart å mobilisere tre millionar nye stemmer.

Og sjølv om det ikkje var nok til siger, bidrog det til eit historisk godt resultat for partiet, med rundt 11 millionar stemmer. Ei dobling frå då Jean-Marie Le Pen, far til Marine, kom til andre runde i presidentvalet i 2002.

Le Pen har sidan ho tok over som leiar prøvd å distansere seg frå partiets frynsete fortid. Presentasjonen er ny, men innhaldet er det same, ifølge Camus.

Jean-Marie Le Pen

Jean-Marie Le Pen, den gong han var frontfigur i Nasjonal Front. Mange unge har ikkje noko forhold til den kontroversielle grunnleggaren av partiet.

Foto: CHARLES PLATIAU / REUTERS

Professor Jim Shields har sagt til Al Jazeera at det med at dei unge veljarane er for unge til å hugse partiets fortid er eit viktig poeng, «at dei ikkje har noko minne av partiet som paria, som samlar dei mest radikale elementa av det franske ekstremhøgre.»

Ung profil

Nina Wardleworth frå Leeds-universitetet peikar til Al Jazeera på at partiet etter at Marine Le Pen overtok som leiar i 2011 har gjort ein innsats for å nå dei unge, og viser også til at partiet har ein ung profil, med bl.a. Marine si 27 år gamle niese som ein av dei nye stjerneskota i partiet.

Marine Le Pen og Marion Marechal-Le Pen

Marine Le Pen og niesa Marion Maréchal-Le Pen representerer kvar sin fløy i Nasjonal Front. Her på ein partikonferanse våren 2015.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Ho blei som 22-åring valt inn i det franske parlamentet som den yngste nokon sinne.

Dei meir konservative i partiet talar for den yngste Le Pen-politikaren som ein framtidig presidentkandidat. Trass i eit anstrengt forhold til tanta vil Marion så langt ikkje ta stilling til dette.

Nasjonal Front starta dagen derpå med å annonsere eit namneskifte – for å mobilisere breiare. Så er spørsmålet om dei, med hjelp frå den demografiske samansetnaden, når heilt til topps i 2022.

SISTE NYTT

Siste nytt