NRK Meny
Normal

Den blodigaste månaden på 20 år

I Mexico er det sett ein ny dyster rekord. I løpet av mai vart 2.452 menneske drepne.

Mexico drap jorunalistar

BLODIG: I mai vart rekordmange menneske drepne i Mexico. Mange av dei drepne er journalistar. Som ein protest mot drapa vert bilete av dei drepne hengde opp utanfor det meksikanske innanriksdepartementet.

Foto: Rebecca Blackwell / AP

Dette er det høgste talet på drapsoffer som er registrert i løpet av ein månad, sidan landet begynte å føre statistikk for 20 år sidan, melder Reuters.

Døde kroppar langs vegen er blitt meir vanleg, og det vert stadig oppdaga nye massegraver. Drapa er ofte knytte til narkotikahandel og narkotikasmugling.

I løpet av dei fem første månadene i år er det oppretta 9.916 drapssaker i Mexico. Dette er ein auke på nær 30 prosent frå same periode i fjor.

For elleve år sidan sette landet for første gong inn soldatar i kampen mot narkotikahandelen. Sidan då er over 200.000 menneske drepne eller forsvunne medan narkotikakartella kjempar seg imellom og mot hæren.

Kamp om smuglerrutene

Flest drap skjedde i delstaten Guerrero. Rundt ti prosent av drapa i mai vart utførte her, eit område der det er lokale krigar mellom ulike kartell.

Også delstaten Sinaloa vest i landet er ramma av ei alvorleg valdsbølgje. I mai vart 154 menneske drepne, det høgste talet på seks år.

Leiaren for Sinaloa-kartellet, Joaquin "El Chapo" Guzman, vart utlevert til USA tidlegare i år. No kjempar ulike fraksjonar av kartellet om kontrollen over dei lukrative smuglarrutene til USA.

Protest Mexico City

PROTESTAR: Journalistar, fotografar og andre gjekk i protest gjennom gatene i Mexico by tidlegare denne månaden, for å markere at det var ein månad sidan kollegaen deira Javier Valdez vart drepen.

Foto: Edgard Garrido / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt